Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
SLG102
Emnenamn:
Slektsgransking 2
Nivå:
100
Studiepoeng (ECTS):
7,50
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
SLG101 eller tilsvarande.
Undervisningssemester:
Vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Vår
Læringsmål:

Formålet med emnet er å gi studentane kunnskap om korleis ein løyser forskjellige problem ein støyter på i noko meir vidaregåande slektsgransking, med vekt på korleis ein dokumenterer løysingsforslaga på ein fagleg forsvarleg måte. Studentane skal vere i stand til å skrive slektsbøker og behandle slektsforhold i biografiar og lokalhistorisk litteratur kjeldekritisk forsvarleg.

Innhald:

Emnet er delt i tre delar: Første del omhandlar praktisk arbeid med publisering av slektsstoff med vekt på framstillingsmåtar, dokumentasjon, kjeldekritikk og handtering av usikre opplysningar. Andre del vil ta for seg nokre kjelder i arkiv og på nettet som slektsgranskarar kan ha nytte av, men som er relativt lite brukt. Tredje del er ei sjølvstendig oppgåve.

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga blir organisert som internettbasert fjernundervisning og går over eitt semester. Til kvar del av emnet vil det bli gjeve to førelesingar som lydfiler, tilvising til utfyllande fag­litteratur og arbeidsoppgåver. Arbeidsoppgåvene skal drøftast i diskusjonsforum på nett. Dersom eit tilstrekkjeleg antal studentar busette innafor eit geografisk område har høve til det, kan det bli arrangert samlingar der pensumstoff og arbeidsoppgåver blir drøfta i seminarform.

Til kvar av dei to første arbeidsoppgåvene vil faglærar gi ei tilbakemelding på eit tilnærma ferdig utkast. Oppgåvene skal i tillegg drøftast på diskusjonsforum.

Til den sjølvstendige oppgåva kan studenten sjølv velje tema, men det skal godkjennast av faglærar. I dette arbeidet vil studentane bli sette saman i basisgrupper med tre eller fire studentar i kvar gruppe, og arbeidet skal gjennomførast som prosesskriving etter ein fastsett framdriftsplan.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

1. Skrive 2 individuelle oppgåver, ei frå kva av dei to første delane av emnet, i i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Kvar oppgåve skal ha eit omfang på mellom 7.500 og 11.000 teikn utan mellomrom.

2. Skrive eit innlegg på diskusjonsforum knytt til kvar av dei tre delane i emnet.

3. Levere eit utkast til sjølvstendig individuell oppgåve innan fastsett frist.

4. Kommentere utkast til sjølvstendig oppgåve frå to medstudentar innan fastsett frist.

5. Levere endeleg versjon av sjølvstendig oppgåve innan gjeven frist (eksamensdato).

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før emnet startar.

Komplett arbeidsmappe må leverast til vurdering same semester som arbeidet er utført.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Ein student som får «ikkje godkjent» på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen (levere vurderingsmappe).

Vurdering og eksamen:

Individuell vurderingsmappe: dei 2 arbeidsoppgåvene (jfr. pkt 1 under arbeidskrav) og den sjølvstendige oppgåve (pkt. 5 under arbeidskrav).

Ved sluttvurderinga blir ei av arbeidsoppgåvene trekte ut og vurdert saman med den sjølvstendige oppgåva. Arbeidsoppgåva tel om lag 1/4 og den sjølvstendige oppgåve om lag 3/4 ved karakterfastsetjinga.

Det blir gjeve ein bokstavkarakter. Skalaen går frå A–F der E er siste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Kompendium HVO. Kan bestillast frå hustrykkeriet@hivolda.no

Lærebok: Stoa, Nils J. og Sandberg, Per-Øivind 2007: Våre røtter. Håndbok i slektsgransking. Oslo s. 7-96, 185-236.

Del 1: praktisk arbeid med publisering av slektsstoff

DIS-Norge 2008: Å skrive slektsbok [Manus utarbeid. av multimediautvalget] 83 s. (Komp. HVO).

Garder, Johan 1958-60: Slektshistorie, ættetavler og bygdebøker (Særlige problem). Heimen 11 s. 531-534. 5 s. (Komp. HVO).

Hosar, Hans P. 2005: Nye trendar og kvalitetssikring i bygdebøker. Genealogen 2 s. 17-22. 6 s. (Komp. HVO).

Imsen, Steinar 1976: Gards- og slektshistorien ved korsveien. Heimen 17 s. 27-29. 3 s. (Komp. HVO).

Kjølås, Gerhard 1958-60: Slektshistorie, ættetavler og bygdebøker. Heimen 11 s. 534-536. 3 s. (Komp. HVO).

Midthaug, Leif 1955-57: Den lokalhistoriske og ættehistoriske granskinga. Heimen 10 s. 497-502. 6 s. (Komp. HVO).

Reinton, Lars 1962: Gards- og ættesoge. Heimen 12 s. 337-341. 5 s. (Komp. HVO).

Kjelland, Arnfinn 2001: Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie. Løyland, Margit (red.): Framtid for den lokale fortida . NLI s. 97-121. 25 s. (Internett: http://www.lokalhistorie.no/kilder_litteratur/publ/artikler/kjelland.html ).

Alnæs, Egil 1997: Hva er vel et navn? Genealogen 2, s. 36-37. 2 s. (Komp. HVO).

Busch, Anthon 1947: Hvorledes skal barn - utenom ektebarn - opføres i slektsregistre? Norsk slektshistorisk tidsskrift 11 s. 97-111. 15 s. (Komp. HVO).

Eri, Jan 20__: Er din private hjemmeside ulovlig? Slekt og Data 1 s. 5. 1 s. (Komp. HVO).

Ertesvåg, Ivar 2002: Litt om internett, slekt og personvern. Slekt og Data 3 s. 8-9. 2 s. (Komp. HVO).

Moseid, Tone Eli 2005: Lov og rett på internett. Slekt og Data 1 s. 6-10. 5 s. (Komp. HVO).

Nedrebø, Yngve 1998: Bløff eller fakta? Om uektefødte barns fedre i eldre tid. Genealogen 1 s. 13-24. 12 s. (Komp. HVO).

Nedrebø, Yngve 2005: Slurv, drukkenskap og svindel, - en del av grunnlaget for norsk kirkebokføring? Slekt og Data 2 s. 6-9. 4 s. (Komp. HVO).

Nedrelid, Gudlaug 2002: Framvoksteren av norske slektsnamn. Sprauten, Knut (red.): Å kallast med sitt rette namn . Skrifter fra NLI nr. 38 s. 115-137. 23 s. (Komp. HVO).

Steffens, K. E. 1996: Hva folk så på som sine rette navn. Genealogen 2 s. 12. 1 s. (Komp. HVO).

Steffens, K. E. 1996: Om å hete eller å bli kalt noe. Genealogen 2, s. 9-10. 2 s. (Komp. HVO).

With, Christian 2005: Slektsforskning og personvern. Slekt og Data 1 11-13. 3 s. (Komp. HVO).

Alhaug, Gulbrand 1991: Personnamngransking som middel til å oppspore slektsrøter. Botolv Helleland (red.): Norsk språk i USA . Oslo s. 173-191. 19 s. (Komp. HVO).

Aurenes, Ola 1940-41: Litt om namneskikk og namnebruk på Jæren gjennom 400 år. Stavanger Museums årshefte 51 s. 117-122. 6 s. (Komp. HVO).

Horgen, Gudlaug 1989: «Det var saa kostbart finde paa nye namn». Namneskikk i Indre Sogn i 1801. Namn og nemne 6 s. 27-35. 9 s. (Komp. HVO).

Seland, Per 1978: Navneskikker i eldre og nyere tid. Norsk slektshistorisk tidsskrift 26 s.100-111. 12 s. (Komp. HVO).

Bryn, Tom 1982: På spor efter Gunder kyrkjebyggjar. Norsk slektshistorisk tidsskrift 28 s. 368-372. 5 s. (Komp. HVO).

Christensen, Terje 1993: Litt om Marcello Haugens farsslekt. Norsk slektshistorisk tidsskrift 34 s. 274-281. 8 s. (Komp. HVO).

Finne-Grønn, S. H. 19__: Opprinnelsen til slekten Prydz. En genealogisk studie. Norsk slektshistorisk tidsskrift 8 s. 193-204. 12 s. (Komp. HVO).

Klettum, Norunn 2001: På jakt etter Karen Spørcks aner. Slekt og Data 4 s. 12-17. 6 s. (Komp. HVO).

Lunde, Trond Ø. 2004: Oskar Alexander Hansen Braatens slekt. Genealogen nr. 2 s. 23-26. 4 s. (Komp. HVO).

Tandberg, Elisa 1962: Konjekturer som ikke holder. Norsk slektshistorisk tidsskrift 18 s. 62-64. 3 s. (Komp. HVO).

Del 2: nokre relativt lite brukte kjelder

Stoa / Sandberg 2007 s. 97-184. Del III Tilleggskilder 88 s. (Lærebok).

Carlsen, Nina Hveem 2007: Barselskvinners kirkegang. Arkivmagasinet 1 s. 26-27. 2 s. (Komp. HVO).

Christiansen, Laila N. 2003: Bestefars onkel dro til Amerika. Slekt og Data 3 s. 6-11. 6 s. (Komp. HVO).

Espelid, Knut L. 2002: Manuskriptsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Genealogen 1 s. 43-45. 3 s. (Komp. HVO).

Gausdal, Ola 2008: Tinglyste dokumenter ut på nettet. Arkivmagasinet 1 s. 25-26. 2 s. (Komp. HVO).

Hals, Harald 1993: Militærarkiv. Heimen 30 s. 206-210. 5 s. (Komp. HVO).

Helgheim, Johannes 1976-78: Sjeleregister som kildemateriale. Heimen 17 s. 269-274 og 560. 7 s. (Komp. HVO).

Hilsen, Henry N. 1999: Extrahusholdninger - en «glemt» kilde. Slekt og Data 3&4 s. 13. 1 s. (Komp. HVO).

Holden, Finn 2003: Skattemanntall. Slekt og Data 1 s. 8-10. 3 s. (Komp. HVO).

Hysvær, Greta 2004: Pantebøkene som kilde til gårdshistorien. Slekt og Data 4 s. 15-18. 4 s. (Komp. HVO).

Juhasz, Lajos 1981: Klokkerens kommunikantbok. Norsk slektshistorisk tidsskrift 28 s. 113-122. 10 s. (Komp. HVO).

Kirkeby, Birger 2005: Koppskatten 1645. Heimen 42 s. 21-35. 15 s. (Komp. HVO).

Kiærland, Lars 1962: Kjelder til personalopplysninger om norske offiserer, underoffiserer og menige soldater ca. 1628-1960. Heimen 12 s. 303-314. 12 s. (Komp. HVO).

Klettum, Norunn 2002: Skolearkiver. Slekt og Data 3 s. 10-14. 5 s. (Komp. HVO).

Lian, Oddleif 1996: Prestearkivenes kilder om flyttinger. Heimen 33 s. 47. 1 s. (Komp. HVO).

Magnussen, Wenche 2008: «Les det på tinget!» Arkivmagasinet 1 s. 23-24. 2 s. (Komp. HVO).

Nakken, Alfhild 1982: Prestearkivene. Norsk slektshistorisk tidsskrift 28 s. 338-346. 9 s. (Komp. HVO).

Nedrebø, Yngve 2008: «Til Almenhedens Kundskab». Tinglysningsmaterialet som historisk kjelde. Arkivmagasinet 1 s. 6-10. 5 s. (Komp. HVO).

Næss, Hans Eyvind 1981: Sorenskriverens tingbøker fra 1600-1700-tallet som historisk kildemateriale. Heimen 18 s. 781-795. 15 s. (Komp. HVO).

Næss, Hans Eyvind 2006: Kirkestolen: Gullgruve for eldre persondata. Arkivmagasinet 1 s. 29-31. 3 s. (Komp. HVO).

Schilbred, C.S. 1970: Norske rettslige kilder som genealogisk forskningsmateriale. Norsk slektshistorisk tidsskrift 22 s. 195-207. 13 s. (Komp. HVO).

Seland, Per 1970: Norsk genealogisk forskningsmetodikk før 1750. Norsk slektshistorisk tidsskrift 22 s. 122-138. 17 s. (Komp. HVO).

Stang, Cæcilie 2008: «Vi Gamle forbeholder os for vores Levetiid...». Føderådskontraktene forteller. Arkivmagasinet 1 s. 18-19. 2 s. (Komp. HVO).

Strand, Børge 2008: «Tro, hørig og lydig». Husmannskontrakter fra Stor-Elvdal. Arkivmagasinet 1 s. 20-22. 3 s. (Komp. HVO).

Tro Norsk slektshistorisk tidsskrift ad, Roger 2008: Skylddelinger og skjøter. Arkivmagasinet 1 s. 11-14. 4 s. (Komp. HVO).

Tilrådd startlitteratur:
.
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-30
Emneansvarleg:
Arnfinn Kjelland, 70075106, ak@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 27.04.2009 13:30 av Grete Marry Brøste