History Half year course
Historie
Halvårsstudium
30 stp
1
Generell studiekompetanse
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studentane skal tileigne seg eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie i ein lengre periode, og innanfor denne skal dei vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum/periferi-relasjonar.
Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet.
Historie halvårsstudium består av to emne á 15-studiepoeng, der eitt av oversynsemna HI101-HI103 er obligatorisk. Dei tre emna (HI101-103) er tilrettelagt for nettstudier både i haustsemesteret og i vårsemesteret.
Det blir undervist i HI101 og HI102 i haustsemesteret og i HI103 i vårsemesteret. Det er høve til å ta eitt emne pr semester, eller begge emna same semester, anten haust- eller vårsemester. Det er obligatorisk frammøte på alle oversynsemna. Nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesning og seminar, får ekstra arbeidskrav, sjå Arbeidskrav.
To av følgjande emne kan inngå i halvårsstudiet:
HI101: Eldre oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie til ca 1600.
HI102: Nyare oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1600-ca 1870
HI103: Moderne oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1870 - d.d.
HI110: Oppgåveemne
HI114: Introduction to family, local and micro history including research paper
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no
HIS1V
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Studieprogrammet må innehalde eit av emna HI101, HI102 eller HI103. Emna HI101 og HI102 har tilbud med forelesning og seminar kvart haustsemester, HI103, HI110 og HI114 kvar vår. Alle emna med unnatak av HI110 og HI114, kan takast av nettstudentar både haust og vår. HI114 som går berre i vårsemesteret, har obligatorisk frammøte og kan ikkje takast som nettstudium. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||