Årsstudium Historie

Engelsk namn:

History yearcourse

Studieprogramnamn:

Historie

Studietype/nivå:

Årsstudium

Studiepoeng (ETCS):

60 studiepoeng

Studielengd:

2 (heiltid) eller 4 (deltid)

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse

Læringsmål:

Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studentane skal tileigne seg eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag. Dei skal vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum/periferi-relasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar.

Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet, og er innarbeidd i alle emne.

Innhald:

Historie årsstudium består av 4 emne á 15-studiepoeng.
Det blir gjeve forelesning/seminar i dei obligatoriske emna HI101 og HI102 i haustsemesteret og i HI103 i vårsemesteret. Det blir gjeve forelesning/seminar i dei valfrie emna HI202 og HI204 i haustsemesteret og i HI110 og HI207 i vårsemesteret. HI201 og HI206 går som tilbod til nettstudentar både haust og vår, medan HI202 og HI204 går for nettstudentar berre i haustsemesteret. Historie årsstudium består altså av 4 emne á 15-studiepoeng, der tre er obligatoriske: HI101, HI102 og HI103. I tillegg kan studentane velje eit av dei valfrie 100-emna eller eit av dei teoretiske 200-emna. Studentar som vel eit 200-emne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst 2 av 100-emna før oppstart, og vere registrert for fullføring av det tredje same semester som ein fullfører 200-emnet.
Ein kan òg søkje om at eit 15-studiepoengsemne frå eit anna institutt/seksjon eller avdeling ved HVO eller frå ein annan institusjon blir godkjent som siste emne i årsstudiet.
Alle oversynsemna samt HI201, HI202 og HI204, har obligatorisk frammøte for lokalstudentane. Nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara, får nokre ekstra arbeidskrav, sjå Arbeidskrav.

Historie årsstudium har opptak både haust og vår.

 

Følgjande emne inngår som obligatoriske i årsstudiet:

- HI101: Eldre oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie til ca 1600.

- HI102: Nyare oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1600-ca 1870

- HI103: Moderne oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1870 - d.d.

Valfrie emne som kan inngå i årsstudiet (ikkje alle vil bli forelest i kvart semester/studieår):

- HI110: Oppgåveemne

- HI114 Introduction to family, local and micro history including research paper

- HI201: Globalhistorie. Europa, Vesten og verden

- HI202: Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar?

- HI204: Lokal-, regional- og mikrohistorie

- HI206: Mediehistorie

- HI207: Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945

Kva studiet kvalifiserer for:

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Evaluering og kvalitetssikring:

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg:

Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no

Studieprogramkode:

HISAR



Historie nettvariant
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
HI101 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 300–1600
15,00 O 15 15
HI102 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1600–1870
15,00 O 15 15
HI103 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1870–2000
15,00 O 15 15
HI110 Oppgåveemne 15,00 V   15
HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden 15,00 V 15 15
HI202 Norske kystsamfunn 1600-1920 -
økonomiske og sosiale kontrastar?
15,00 V 15  
HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie 15,00 V 15  
HI206 Mediehistorie 15,00 V 15 15
HI207 Stormaktspolitikk og norsk
utanrikspolitikk etter 1945
15,00 V   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Historie med forelesning/seminar i tillegg
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
HI101 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 300–1600
15,00 O 15  
HI102 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1600–1870
15,00 O 15  
HI103 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1870–2000
15,00 O   15
HI110 Oppgåveemne 15,00 V   15
HI114 Introduction to family, local and micro
history including research paper
15,00 V   15
HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie 15,00 V 15  
HI206 Mediehistorie 15,00 V   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Studieprogrammet må innehalde emna HI101, HI102 og HI103.

Emna HI101 og HI102 har tilbod med forelesning og seminar kvart haustsemester, HI103, HI110, HI114 og HI206 våren 2010. HI114 er tilbode kun i vårsemesteret og har obligatorisk frammøte og kan ikkje takast som nettstudium. HI202 og HI204 er tilbode kun i haustsemesteret. Alle andre emne kan takast av nettstudentar både haust og vår. HI207 berre våren 2010.