History In-depth study (200 level)
Historie
Fordjupingsstudium
30 sp
1
Årsstudium i historie eller samfunnsfag
Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande nærstudie av Norskekysten i førindustriell tid kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser (fagemna HI201, HI202).
Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (fagemne HI204).
Studiet vil dessutan kunne gje oversyn over utviklinga av den moderne medieverda frå renessansen til vår eigen tid, men med hovedvekta på perioden 1800-2000. Det blir lagt vekt på å syne korleis den moderne pressa voks fram som ein integrert del av nasjonsbygginga og framvoksteren av eit demokratisk og sivilt samfunn, inkl. korleis utbreiinga av radio og TV vart ein avgjerande del av det moderne massedemokratiet (fagemne HI206).
Emnet HI207 Stormaktspolitikk og Norsk utanrikspolitikk etter 1945, er todelt: Hovuddelen har som mål å gi innsikt i det internasjonale politiske systemet og korleis makttilhøva har utvikla seg i ulike verdsregionar med USA som hegemonimakt og Sovjetunionen som utfordrar. Utanrikspolitikken til småstaten Noreg omfattar om lag ein tredel av emnet.
Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet, og er innarbeidd i alle emne.
Historie fordjupningsstudium har opptak i både haust- og vårsemesteret. Det består normalt av to emne à 15 studiepoeng. Emne ein kan velje, er:
- HI201: Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (for nettstudentar både haust og vår)
- HI202: Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar? (ope for nettstudentar berre om hausten 2009)
- HI204: Lokal- regional og mikrohistorie (seminar i haustsemesteret, ope for nettstudentar berre om hausten 2009)
- HI206: Mediehistorie (ope for nettstudentar både haust og vår)
- HI207: Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 (forelesningar våren 2010)
- HI210: Bacheloroppgåve
Alle emna på 200-nivået har obligatorisk frammøte for lokalstudentane med unnatak av HI206, HI207 og HI210. Det vert arrangert ein heimeprøve for nettstudentane og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no
HISFV
|
Historie fordjupning
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Studieprogrammet må innehalde minst to av emna HI201, HI202, HI204, HI206, HI207 eller HI210. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||