Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
KUM302
Emnenamn:
Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Kvart haustsemester
Talet på semester:
Eitt semester
Eksamenssemester:
Kvart haustsemester
Læringsmål:

Emnet tek utgangspunkt i at kulturmøte er eit fagfelt der ein treng omgrep og analytiske reiskapar frå både samfunnsfaga og humaniora. Det er ei målsetjing med emnet at studentane skal setjast i stand til å kombinera metodar frå ulike fagtradisjonar i sitt eige arbeid. Hovudmåla for fagemnet er

  • å gje ei innføring i ei rekkje sentrale vitskapsteoretiske omgrep, tradisjonar og posisjonar
  • å ta opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar
  • initiera oppgåvearbeidet såleis at studenten utarbeider ein prosjektomtale/disposisjon for si masteroppgåve i samråd med rettleiar
Innhald:

Emnet tek utgangspunkt i at kulturmøte er eit fagfelt der ein treng omgrep og analytiske reiskapar frå både samfunnsfaga og humaniora. Det er ei målsetjing med emnet at studentane skal setjast i stand til å kombinera metodar frå ulike fagtradisjonar i sitt eige arbeid.

  • Omgrep
    I dette delemnet skal dei sentrale problemstillingane på fagfeltet ringast inn, først og fremst ved å definera storleikane kultur og religion. Både kultur og religion har med produksjon av identitet å gjera. Samstundes er kjønn eit grunnleggjande element i all menneskeleg identitet, også kulturelle identitetar. Sosial klasse og etnisitet er også viktige moment i dette. Til sist skal nyare teoriar om den sosiale institusjonen, dvs. det feltet der identitet vert skapt i samhandling mellom menneske, takast opp.
      • Kultur og kulturforståing
      • Religion som studieobjekt
      • Identitet i lys av klasse, kjønn og etnisitet
      • Modernitetens problem
      • Perspektiv på sosiale og kulturelle maktstrukturar

 

  • Metode
    I dette delemnet ligg hovudvekta på historiske, komparative og fortolkande tradisjonar innanfor både humaniora og samfunnsvitskapane. I desse disiplinane er språk og tekst sentrale fenomen. Både språk, kultur og religion står fram som produserte og ikkje naturgjevne storleikar. I nyare tid, gjennom mesteparten av 1900-talet, har dei strukturalistiske tilnærmingane til språket gjennomsyra humanvitskapen på ei lang rekkje felt. Det er særleg aktuelt å ta opp den såkalla språklege vendinga i humanvitskapen i denne samanhengen. Denne har danna skule innanfor både sosialantropologien og tekstvitskapen.
      • Historisk metode
      • Samfunnsvitskapleg metode
      • Komparativ metode
      • Den språkvitskaplege vendinga i humanvitskapen
      • Tekstvitskapleg metod

 

  • Prosjektskisse/oppgåvedisposisjon
    Prosjektskissa skal innehalda:
      • ei framstilling og avgrensing av tema/felt for masteroppgåva
      • oversyn over forskinga som er gjort på temaet/feltet
      • formulering av problemstilling og eventuelle arbeidshypotesar, samt drøfting av sentrale metodespørsmål relatert til oppgåva sitt tema
      • planar for framdrift av arbeidet med mastergradsoppgåva, for kjeldeinnsamling eller opphald ved andre institusjonar
Organisering og arbeidsmåtar:

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning. På seminara vil du kunne få ansvar for å presentera sentrale fagbøker og artiklar frå pensumlitteraturen som utgangspunkt for drøftingar mellom seminardeltakarane.

Det blir gjeve konsentrert undervisning i dette fagemnet i to veker om hausten – kvar veke med fire undervisningsdagar (tysdag-fredag) for båe dei obligatorisk emna (KUM301 og KUM302). I haustsemesteret 2009 er undervisninga lagd til vekene 36 og 40. Til den første av desse, dvs. introduksjonsveka, er frammøtet obligatorisk, til den andre er det frivillig.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
Skriva eit refleksjonsnotat, som skal ha eit omfang av 2.000-3.000 teikn utan mellomrom i Word. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet(ref. Forskrift om studium og eksamen § 14.2.5.)

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet består av

  1. Ein individuell skriftleg eksamen på 6 timar. Ved karakterfastsetjing vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der E er lægste ståkarakter.
  2. Ei prosjektskisse/oppgåvesynopsis. Skissa skal ha eit omfang av om lag 20.000 teikn utan mellomrom i Word. Karakter: stått/ikkje stått.

Samla karakter i emnet vert sett på grunnlag av del 1, individuell skriftleg eksamen.

Tillate hjelpemiddel:
Ingen
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Ekstern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Omgrep

Fink, Hans 1988: ”Et hyperkomplekst begrep. Kultur, kulturbegreb og kulturrelativisme.” I Hauge, H. og H. Horstbøll (red.): Kulturbegrebets kulturhistorie , Aarhus: 9 – 23 (14 s)

Hall, Stuart 1980: “Cultural Studies: two paradigms”. I Media, Culture and Society 2/1980: 57 – 72 (15 s)

Jensen, Johan Fjord: ”Det dobbelte kulturbegreb – den dobbelte bevidsthed”, i Hauge og Horstbøll 1988: 155 – 191 (36 s)

Williams, Raymond 1988: ”Culture”, i Keywords, London, s. 87 – 93 (6 s)

Gilhus, Ingvild Sælid og Lisbeth Mikaelsson: Nytt blikk på religion, Oslo 2001: 9-79 (70 s)

Geertz, Armin W.: „Den globale utfordring af religionsvidenskabens metodologi“, i L. Buck m. fl. (red.): Idealer i religion og religionsforskning, Københ. 1997: 183-205 (22 s)

Rothstein, Mikael: ”Deltagelsens dilemma: Voyeurisme eller forskningsstrategi”, i Buck 1997: 127-145 (18 s)

Anderson, Benedict: Forestilte fellesskap, 1996: 15-56 (41 s)

Burgess, J. Peter: ”Identitet og mangfald: Det europeiske, det skandinaviske, det norske”, i Den europeiske identiteten og den skandinaviske, Volda, 2000: 7-28 (21 s)

Featherstone, Mike: ”Global Culture: An introduction”, i Global Culture. Nationalism, globalization and modernity. London, 1990: 1-15 (15 s)

Bourdieu, Pierre: Et forstørret bilde, Den maskuline dominans, Oslo 2000: 13-62 (49 s)

Moi, T.: ”Å tilegne seg Bourdieu. Feministisk teori og Pierre Bourdieus kultursosiologi”, i Irene Iversen (red.): Feministisk litteraturteori, Oslo 2000: 252-279 (27 s)

Østerud,Øyvind m.fl.: Makten og demokratiet: en sluttbok fra Makt- og demokratiutredningen Oslo 2003: 281-288 (7 s)

Habermas, Jürgen: Borgerlig offentlighet, Oslo 1971: 131-169 (38 s)

Habermas, J.: ”Efter metafysikken”, i Samtalens fornuft, København 1987: 33-61 (28 s)

Bourdieu, Pierre: Distinksjonen, Oslo 1995: 73-117 (44 s)

Bourdieu, P. og Loïc J. D. Wacquant: Den kritiske ettertanken, Oslo 1993: 81-126 (45 s)

Østerberg, Dag: ”Forord”, i Bourdieu 1995: 11-29 (18 s)

Metode

Barth, Fredrik: ”Synkron komparasjon, Syntese, analyse, komparasjon”, i Studier i historisk metode 6/1970: 19-35 (16 s)

Dyrvik, Ståle: ”Komparasjon på regionnivå, Kvar i sin dal...?”, i Komparasjon som metode i lokalhistoriske studier, 1989: 55-60 (5 s)

Grønmo, Sigmund: ”Forholdet mellom kvantitative og kvalitative metoder i samfunnsforskningen”, i Holter og Kalleberg (red.) Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo 1996

Haga, Ånund: ”Den språkfilosofiske vendinga”, i Norsk Filosofisk Tidsskrift, 1987: 29-48 (19 s)

Kjeldstadli, Knut: ”Nytten av å sammenlikne”, i Tidsskrift for samfunnsforskning 1988: 435-448 (13 s)

May, T.: ”Intervjuer - metoder och prosesser”, i May 2001: 148-177 (29 s)

Rokkan, Stein: ”Sentrum og periferi, økonomi og kultur: modeller og data i klio-metrisk sosiologi”, i Studier i historisk metode, 10/1975, Oslo: 129-155 (26 s)

Ricoeur, Paul: ”Vad är en text”, Från text til handling, Stockholm 1992: 29-65 (36 s)

Said, Edward: Orientalismen, London 1978, norsk utg. 2001: VII-XLIII (”Innledende essay” v/B. Thorbjørnsrud) og 3-125 (”Forfatterens innledning” og kapitel I ”Orientalismens virkefelt”) (156 s)

Skjervheim, Hans: ”Deltakar og tilskodar”, i Mennesket 2002: 20-35 (15 s)

I tillegg kjem litteratur som er nærare tilpassa den einskilde masteroppgåva, om lag 300 sider.

Tilrådd startlitteratur:
Anderson, Benedict: Forestilte fellesskap, 1996: 15-56 (41 s)

Habermas, Jürgen: Borgerlig offentlighet, Oslo 1971: 131-169 (38 s)

Said, Edward: Orientalismen, London 1978, norsk utg. 2001: VII-XLIII (”Innledende essay” v/B. Thorbjørnsrud) og 3-125 (”Forfatterens innledning” og kapitel I ”Orientalismens virkefelt”) (156 s)
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-15
Emneansvarleg:
Brynjulv Gjerdåker 70075218 bg@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 12.06.2009 14:31 av Grete Marry Brøste