HI204 Lokalhistorie teoripensum tidlegare eller same semester.
Formålet med dette emnet er å gi studentane praktisk erfaring i arbeid på museum, i arkiv og i bibliotek med tema frå fordjupingslinja i bachelorprogrammet, med vekt på formidling av fagstoff frå praksisinstitusjonane.
Emnet skal gjennomførast på eitt semester og er delt i 3 element: a) innføringsperiode, b) 3 praksisperiodar, som kan variere mellom museum, arkiv, bibliotek, arkeologisk utgraving, bygdebokprosjekt, kjelderegistreringsprosjekt o.a. á ca 3 veker (til saman 9 veker) og c) rapport- og oppgåveskrivingsperiode.
I innføringsperioden skal studenten sette seg inn i teoripensumet i emnet. I praksisperiodane skal studentane utføre praktiske arbeidsoppgåver for den institusjonen/det prosjektet dei blir tildelt til i 20 timar pr veke. Dei vil få varierte oppgåver innafor institusjonane/prosjekta sitt/sine arbeidsfelt, og rettleiing av institusjons-/prosjekt personalet. Studentane skal skrive logg over det daglege arbeidet og ein sluttrapport over dei einkelte praksisperiodane. I desse skal studentane reflektere over korleis fagstoffet i praksisinstitusjonane kan formidlast til publikum.
I rapport- og oppgåveskrivingsperioden kan studentane bli sett saman i grupper som skal kommentere kvarandre sine individuelle eksamensarbeid.
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
a) Skrive logg frå arbeidet ved praksisinstitusjonane.
b) Skrive rapportar frå arbeidsoppgåvene ved praksisinstitusjonane.
c) Skrive kommentarar til medstudentar sine individuelle arbeid, dersom det er fleire studentar på emnet.
Detaljane i arbeidskrava (tal på kommentarar, formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.
Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Eit skriftleg, individuelt essay over fagområdet på ca 10 sider med sjølvvald problemstilling. Det ferdige individuelle arbeidet vert vurdert etter ein skala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.
.
Pensum
Endeleg pensumliste blir lagt fram før studiestart.
.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.