75 studiepoeng historieemne, der HI101–103 inngår, i tidlegare semester. Eitt av emna på 200-nivå kan takast same semester som bacheloroppgåva. Oppgåva byggjer på eit av 200-emna i kandidaten sitt bachelorprogram. Studentar som tek HI204 kan ta HI210 som semesteroppgåve.
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføringa av emnet skal gje studenten «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).
Bacheloroppgåva skal knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Det er høve til å leggje fram oppgåva som vev-presentasjon (på «world wide web») etter nærare avtale med rettleiar.
Studenten legg sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.
Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider i samsvar med den studievarianten ein vel å gå opp i.
Dersom det melder seg nok studentar, vil det bli arrangert oppgåveseminar.
Desse arbeidskrava skal gjennomførast:
1. Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, skal framsendast rettleiar innan
10. september i haustsemesteret og
31. januar i vårsemesteret.
2. Studenten leverer eit utkast til disposisjon og
3. eit første gjennomarbeidd utkast til oppgåve
begge innan bestemte fristar.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Den sluttførte bacheloroppgåva skal ha eit omfang av 45 000-60 000 teikn utan mellomrom, tilsvarande om lag 20–30 maskinskrivne A4-sider, linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font.
Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av ei vurdering av den ferdige bacheloroppgåva.
Det vert gjeve bokstavkarakter. Skalaen går frå A-F, der E er siste ståkarakter.
.
.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.