Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
HI206
Emnenamn:
Mediehistorie
Nivå:
200
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Minimum 30 stp. historieemne på 100-nivå, anten to av emna HI101–03 eller andre relevante fag etter søknad.
Undervisningssemester:
Haust/vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust/vår
Læringsmål:

Formålet med emnet er å gje studentane ei innføring i utviklinga av den moderne medieverda frå renessansen til vår eigen tid, men med hovedvekta på perioden 1800–2000, altså dei to siste hundreåra. I denne hovedperioden er det viktig å syne korleis den moderne pressa voks fram som ein integrert del av nasjonsbygginga og framvoksteren av eit demokratisk og sivilt samfunn. Mot slutten av perioden kjem utbreiinga av radio og TV som ein avgjerande del av det moderne massedemokratiet, som i sin tur endrar føresetnadane for det same demokratiet og det sivile samfunnet i det heile.

Emnet er knytt til både lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar og samverknader. Det er ei målsetjing at studenten gjennom emnet skal forstå dei historiske føresetnadane for dagens moderne mediesamfunn og medias rolle i samfunnet meir generelt.

Innhald:

Emnet er delt i faglege tyngdepunkt, som går a) inn på ein del meir generelle innfallsvinklar til fagområdet (identitetsbygging, teknologi- og samfunnsutvikling, opinionsdanning, politisering), og b) djupare inn i pressehistoria under eit meir lokalt, regionalt og nasjonalt perspektiv.

Organisering og arbeidsmåtar:

Emnet kan takast av nettstudentar både haust og vår. Innhaldet i emnet kan i tillegg bli formidla gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» à 5–10 sider, som blir distribuerte via internett.

All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i nettleksjonane og lærebøkene, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tekne opp.

Alle studentar som tek emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3–4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  1. Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på ca 11 000 teikn utan mellomrom.
  2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå to medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom.
  3. Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.

Ei av prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåva skal også ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom. Sjå under "Vurdering og eksamen".

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.

Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurdering og eksamen:

Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av:

  1. Ei vurdering av sluttoppgåva (tel om lag ¾ av denne delen) og dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar (tel om lag ¼ av denne delen). Samla tel denne delen 60 prosent.
  2. Ein eksamen på 4 timar utan hjelpemiddel og under tilsyn. Denne delen tel 40 prosent.

Det blir gjeve ein bokstavkarakter i emnet. Skalaen går frå A–F, der E er siste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

I Grunnbøker:
Briggs, Asa og Peter Burke 2002: A Social History of the Media. From Gutenberg to the Internet. Cambridge: Polity Press (333 s.).

Dahl, Hans Fredrik og Henrik Grue Bastiansen 2000: Hvor fritt et land? Sensur og meningstvang i Norge i det 20. århundre (kapittel 4–7, kapittel 9 til s. 253, kapittel 10–11). Oslo: Cappelen (205 s.). [Boka er basert på eit vedlegg utarbeidd til NOU 1999: 27 Ytringsfrihetskommisjonen. ”Ytringsfrihed bør finde Sted”. Forslag til ny Grunnlov § 100. ”Del I Ytringsfrihetens historie i Norge i det 20. århundre – Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: 11–166.”]

Ottosen, Rune, Lars Arve Røssland og Helge Østbye 2002: Norsk pressehistorie. Oslo: Det Norske Samlaget (227 s.).

II Kompendium (artiklar og bokkapittel):

Kompendiumdel 1: Ulike innfallsvinklar til det mediehistoriske emnet.

Dahl, Hans Fredrik. 2000: Den mediehistoriske metode – finnes den? Norsk medietidsskrift nr. 2: 60-71 (11 s.).

Dahl, Hans Fredrik. 2004: Metoder i pressehistorisk forskning. Kapittel 4 i Mediehistorie. Historisk metode i mediefaget. Oslo: N.W. Damm & Søn: 60–74 (14 s).

Høst, Sigurd. 1999: Newspaper Growth in the Television Era. The Norwegian Experience. Nordicom Review. Nordic Research on Media & Communication. Nr.1: 107–128 (21 s.).

Seip, Jens Arup 1968: Opinionsforskning som del av historieforskningen. Noen refleksjoner. Opinion och opinionsbildning som historiska forskningsobjekt. Oslo: Universitetsforlaget: 7–17 (10 s.).

Sørbø, Jan Inge. 1991: Offentleg samtale. Innføring i presse-etiske grunnspørsmål. Det Norske Samlaget: 15-42 (27 s.).

Tingsten, Herbert 1968: Uppkomsten av en opinion. Synpunkter och erfarenheter. Opinion och opinionsbildning som historiska forskningsobjekt. Oslo: Universitetsforlaget: 42–6 (4 s.).

Østbye, Helge. 1997: The Norwegian Media System in the 1990`s. Internationalization, Concentration and Commercialization, i Ulla Carlsson og Eva Harrie: Media Trends 1997 in Denmark, Finland, Iceland, Norway and Sweden. Nordicom Göteborg University: 67-85 (18 s.).

Kompendiumdel 2: Artiklar/bokkapittel med lokalt/regionalt perspektiv på pressehistoria:

Eide, Martin. 2000: Provinsredaktøren, kap. 8. i Den redigerende makt. Redaktørrollens norske historie. HøyskoleForlaget: 163-192 (30 s.).

Fet, Jostein. 1995: Prenteverket på Egset 1809-39, kap. 4 i Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Universitetsforlaget: 58-70 (12 s.).

Fet, Jostein. 1995: Avisene – porten til ei ny tid, kap 22 i Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Universitetsforlaget: 274-294 (20 s.).

Furre, Berge. 1990: Skandalebladet, kap. 9 i Soga om Lars Oftedal. Det Norske Samlaget: 779-795 (16 s.).

Høst, Sigurd 1990: Ekspansjonen for norske lokale fådagarsaviser. Eksempelet Sunnmøre, i Karl Erik Gustafsson (red.): Lokal mediestruktur och utveckling. Skrift från symposium 1990. Göteborgs Universitet, Göteborg: 193-207 (14 s.).

Kompendiumdel 3. Artiklar/bokkapittel med nasjonalt/internasjonalt perspektiv på mediehistoria

Anderson, Benedict 1996: Forestilte fellesskap. Refleksjoner omkring nasjonalismens opprinnelse og spredning. (Etterord av Anders Johansen) Oslo: Spartacus forlag AS: 9-56, 257-272 (62 s.).

Bastiansen, Henrik Grue 1997: NRK og ”den første fjernsynskrigen”, i H.G. Bastiansen: ”Amerikanske bombefly av typen B-52…” Vietnam i norsk fjernsyn 1963–1975 (kapittel 7): 146–63 (16 s.).

Eide, Elisabeth 2008: En ung nasjon skaper sitt univers, i Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen: Verden skapes hjemmefra. Pressedekningen av den ikke-vestlige verden 1902–2002. Oslo:Unipub: 7–29 (22 s.).

Eide, Elisabeth 2008: Nasjon, diskurs, felt og orientalisme, i Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen: Verden skapes hjemmefra. Pressedekningen av den ikke-vestlige verden 1902–2002. Oslo:Unipub: 31–47 (16 s.).

Gleditsch, Nils Petter og Ottar Hellevik 1977: Kampen om EF. Oslo: Pax. Utdrag frå kapittel 5: Ressursene i kampen om EF-opinionen (underkapitla 5.3.6.: Radio og fjernsyn og 5.3.7.: Pressen): 191–235 (44 s.).

Hjeltnes, Guri 1990: Avisoppgjøret etter 1945. Oslo: Aschehoug 1990: 15–67 (52 s.).

Melle, Oddbjørn 2006: Den langvarige opinionskrigen. Vietnam-konflikten i USA, Noreg og Sverige. Internasjonal Politikk 3/2006: 311–340 (30 s.).

Ottosen, Rune. 2001: Journalistenes konfliktfylte lojalitet. Et historisk perspektiv på krigsdekning i norske medier, i Maritin Eide (red.) Til Dagsorden! Journalistikk, makt og demokrati. Gyldendal Norsk Forlag: 197-227 (30 s.).

Simonsen, Anne Hege 2008: Brennpunkt Midtøsten, i Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen: Verden skapes hjemmefra. Pressedekningen av den ikke-vestlige verden 1902–2002. Oslo: Unipub: 151–185 (34 s.)

I tillegg kjem Internettleksjonar og studiespørsmål utarbeidd av faglærarar.

Tilrådd startlitteratur:
Ottosen, Rune, Lars Arve Røssland og Helge Østbye 2002: Norsk pressehistorie. Oslo: Det Norske Samlaget (227 s.).
Evaluering og kvalitetssikring:

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-30
Emneansvarleg:
Oddbjørn Melle 70075324 ome@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 08.01.2010 11:37 av Grete Marry Brøste