Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
HI204
Emnenamn:
Lokal-, familie- og mikrohistorie
Nivå:
200
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
30 studiepoeng relevante emne på 100-nivå, anten to av emna HI101–03 eller frå andre fag, t.d. samfunnskunnskap, nordisk, fullført dei to første åra i allmennlærarutdanninga, etter søknad.
Undervisningssemester:
Haust
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust
Læringsmål:

Formålet med emnet er å gje studentane ei brei innføring i det lokal- og familiehistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg, og eit oversyn over den såkalla nyare kulturhistoria i form av det internasjonale fagområdet mikrohistorie. Studentane skal opparbeide innsikt i dei viktigaste støttedisiplinane for forsking og arbeid i, og skaffe seg eit fundament for sjølvstendig arbeid med problemstillingar innafor, desse fagområda.

Innhald:

Emnet er delt i fire emnebolkar. Den første går inn på a) lokal-, region- og byhistorie som forskingsfelt og b) generell metode. Den andre tar for seg dei minste einingane i samfunnet: familie, slekt og nettverk med innlagte element av mikrohistoriske problemstillingar. Den tredje tar for seg sosiale grupper og organisasjonar som tema for lokalhistoriske undersøkingar og den fjerde tar for seg kjelde- og arkivkunnskap meir generelt.

Organisering og arbeidsmåtar:

Det blir gjeve førelesingar og seminar knytt til kvart enkelt av dei faglege tyngdepunkta i emnet hausten 2009. Emnet kan takast av nettstudentar same hausten. Det er ikkje tilbod om dette emnet våren 2010.

Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» à 5–10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.

All undervisning har som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumstoffet og førebur seg til dei problemstillingane som blir tekne opp.

Alle studentar som tek emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettleser, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

1. Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom.

2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom.

3. Studentar som ikkje tek del i minst 80 % av forelesningar og seminar må gjennomføre ein 4 timars individuell prøve på Fronter.

4. Skrive eit refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.

Ei av prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåva skal også ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom. Sjå under "Vurdering og eksamen".

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.

Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to element:

• sluttoppgåva (tel omlag 3/4 av karaktergrunnlaget), sjå "Arbeidskrav" og

• dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar (tel omlag 1/4 av karaktergrunnlaget), sjå "Arbeidskrav".

Studentane kan bli kalla inn til munnleg eksamen.

Det blir gjeve ein bokstavkarakter i emnet. Skalaen går frå A-F, der E er siste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A -F
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Kvar finn ein pensumlitteraturen?

Ein mindre del av pensum, tilsvarande ca 146 sider, er publisert på Internett, og ein finn lenker i emnerommet på Classfronter. Der er det òg informasjon om kvar ein får kjøpt bøker og kompendium.

Bøker og kompendium:

Sogner, Sølvi (red.) 2003: I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget. (Sogner 2003)

Sprauten, Knut (red.) 2007: Sted, tilhørighet og historisk forsking. Lokalhistoriens form og funksjon i det 21. århundre. Unipub. (Sprauten 2007)

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget. (Tretvik 2004)

Heimen hefte 3, 2001.

Kompendium HVO

 

Pensum i detalj i same rekkjefølgje som undervisninga

(Bak dei einskilde artiklane er det i parentes vist til kvar dei er å finne.)

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget: 7-42 (Tretvik 2004).

Martinsen, Liv 1997: Norsk lokalhistorie etter 1970 – tradisjon og fornyelse. Braut, Else (red.) 1997: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo: 9–22 (Internett 'Blikk på').

Sandnes, Jørn 1997: Vi og verden. Noen refleksjoner fra en norsk synsvinkel om lokal- og regionalhistorie i enkelte andre europeiske land. Braut, Else (red.) 1997: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo: 23–31. (Internett 'Blikk på').

Slettan, Dagfinn 1997a: Lokalhistoria som universitetsfag. Braut, Else (red.) 1997: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo: 32–59 (Internett 'Blikk på').

Stugu, Olav Svein 2006: NLI og det lokalhistoriske kunnskapsfeltet. Sprauten, Knut (red.): Råd, ressurs og rettleiing. NLI gjennom 50 år. Oslo: 81–100 (Kompendium HVO).

lokalhistoriewiki.no:Hovedside/Om forsiden (Internett 'Lokh-wiki').

lokalhistoriewiki.no:Hjelp/Kilder (Internett 'Lokh-wiki').

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget: 108-123 (Tretvik 2004).

Kaldal, Ingar 2007: Ei meir historisk reflekterande lokalhistorie? Noen forslag til lokalhistorieskrivinga i framtida. Sprauten, Knut (red.) 2007: Sted, tilhørighet og historisk forsking. Lokalhistoriens form og funksjon i det 21. århundre. Unipub.: 37-57. (Sprauten 2007).

Hoem, Edvard 2007: Staden vi kjem frå, staden vi er på, staden vi skal til. Den lokale identiteten og landskapet inne i oss. Sprauten, Knut (red.) 2007: Sted, tilhørighet og historisk forsking. Lokalhistoriens form og funksjon i det 21. århundre. Unipub.: 25-36. (Sprauten 2007).

Kjeldstadli, Knut 2007: Historie som legitimering - kan lokalhistorie skade? Sprauten, Knut (red.) 2007: Sted, tilhørighet og historisk forsking. Lokalhistoriens form og funksjon i det 21. århundre. Unipub.: 89-110. (Sprauten 2007).

Bjørklund, Ivar 2001: Lokalhistorie, myter og identitet. Løyland, Margit (red.): Framtid for den lokale historia? Norsk lokalhistorie ved millenniumsskiftet. Status og framtidsperspektiv. Norsk lokalhistorisk institutt og Landslaget for lokalhistorie: 122-131. (Internett 'Framtid for').

Alsvik, Ola 2004b: Identitetsskaping i lokalhistorien - et mangetydig prosjekt. Heimen 4/2004: 275-286. (Kompendium HVO).

Stugu, Ola Svein 1997: Lokalhistorie og den nasjonale identiteten. Dagfinn Slettan og Ola Svein Stugu (red.): Det nasjonale i det lokale, det lokale i det nasjonale. Norges Forskningsråd, Oslo: 129–154 (Kompendium HVO).

Kjeldstadli Knut 1992: Komparasjon og byhistorie. Heimen 1: 27–34. (Kompendium HVO).

Dyrvik Ståle 1989: Komparasjon på regionnivå. Kvar i sin dal ...? Komparasjon som metode i lokalhistoriske studiar. Rapport frå HIFO-seminar 14–16 oktober 1988. Tapir forlag: 55–60. (Kompendium HVO).

Christensen, Arne Lie 2003: Å lese et landskap. Landskapet sett med kulturhistoriske øyne. Fortidsminneforeningen. Årbok: 9-20. (Kompendium HVO).

Gudbrandson, Terje 2002: Normalisering av personnavn i bygdebøker - erfaringer og synspunkter. Sprauten, Knut (red.) 2002. Å kallast med sitt rette namn. Person- og stadnamn i lokalhistoria. NLI: 17-28. (Kompendium HVO).

Lien, Sigrid og Peter Larsen 2007: Kap. 6 Pålitelege bilde: Fotografi og dokumentasjon. Norsk fotohistorie frå daguerrotypi til digitalisering. Det Norske Samlaget: 160-184, 70 % tekst. (Kompendium HVO).

Kjelland, Arnfinn 2008: Kap 2 Foto i Lesja til ca 1910: visittkort, familiebilde, hus og landskap. Bygdebok for Lesja 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950. Lesja kommune: 54-77, 70 % tekst. (Kompendium HVO).

Sogner, Sølvi: Kap. 6 Familien i framtida - eit fast punkt i ei verd av endringar? Sogner, Sølvi (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 226-248. (Sogner 2003).

Hauan, Marit Anne 2006: Kunnskapssamtaler - samtaler til kunnskap. By og bygd nr 39: 8-19. (Internett 'Tp. 3').

Moestue, Anne og Anne Helene Bolstad Skjelred 2006: Å stille spørsmål. Kunsten å lage spørrelister. By og bygd nr 39: 100-109. (Internett 'Tp. 3').

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget: 87-107 (Tretvik 2004).

Niemi, Einar 1991: Har lokalhistorien behov for teori? Marthinsen, Liv og Winge, Harald (red.): Bygdesamfunnet – en sammensatt helhet. Norsk lokalhistorisk institutt: 7–22. (Kompendium HVO).

Niemi, Einar 1992: Syntese i lokalhistorien. Marthinsen, Liv og Winge, Harald (red.): Syntese i historieskrivningen. HIFO, Oslo: 53–60 (Kompendium HVO).

Dyrvik, Ståle 1997: Skilnaden på å skriva bygdebok og norgeshistorie. Tankar rundt oppbygging, temaval og publikum. Braut, Else (red.) 1997: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo: 60–67. (Internett 'Blikk på').

Bratrein, Håvard Dahl 1997: Samtidshistorikeren som deltaker i historia. Heimen 1: 33–38. (Kompendium HVO).

Winge Harald 1997: Hvordan kan lokalhistorie være byggesteiner for rikshistorie? Braut, Else (red.) 1997: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo: 68–77. (Internett 'Blikk på').

Sandnes, Jørn 1983: Tverrfaglighet og hjelpevitenskaper. Handbok i lokalhistorie. Faget og metodene. Universitetsforlaget: 70–78, 96–120. (Kompendium HVO).

Klepp, Asbjørn 1988a: Initierte kilder og «muntlige kilder». En diskusjon omkring kildekategorier og begrepsbruk. Norveg. Tidsskrift for folkelivsgransking. Universitetsforlaget: 7–17. (Kompendium HVO).

Klepp, Asbjørn 1988b: Frå muntlig kommunikasjon til tekst. Norveg. Tidsskrift for folkelivsgransking. Universitetsforlaget: 31–40. (Kompendium HVO).

Slettan, Dagfinn 1997: Det fortalte livet. Aspekter ved minner som kjelde i lokalhistoria. Heimen 1/1997: 23-31. (Kompendium HVO).

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget: 43-86 (Tretvik 2004).

Rian, Øystein 1997: Regionens rolle i historien. Heimen 4: 283–288 (Kompendium HVO).

Holmsen, Andreas 1982: Studiet av gården i Norge. Før bonden ble forretningsmann. Universitetsforlaget: 83–101 (Kompendium HVO).

Myhre, Jan Eivind 1996: Studiet av barn – eit lokalt perspektiv. Haarstad, Kjell m.fl. (red.): Innsikt og utsyn. Festskrift til Jørn Sandnes. Nr 12 i Skriftserie fra Historisk institutt, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitetet NTNU: 245–253 (Kompendium HVO).

Aas, Steinar: Konstruksjon av byfellesskap og byindentitet - om identitetsskaping i lokalhistoria. Heimen 3/2001: 163-180. (Heimen).

Kjeldstadli, Knut: Storby, identitet og lokalhistorie. Heimen 3/2001: 201-210. (Heimen).

Stugu, Ola Svein 2001: Å skrive bydelshistorie. Heimen 3/2001: 211-220. (Heimen).

Sandal, Per 1991: Slektsgransking. På leit etter slekta. Det Norske Samlaget: 9–31. (Kompendium HVO).

Sogner, Sølvi 2003: Kap. 1 Innleiing. Sogner, Sølvi (red.) 2003: I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 9-38.. (Sogner 2003).

Kjelland, Arnfinn 2009: Norsk lokalhistorie og «nyare» mikrohistorie. Under trykking i Heimen 2009: 237-254. (Kompendium HVO).

Harbsmeier, Michael 1999: Mikrohistorie - et playdoyer. Den jyske Historiker nr 85: 7-19. (Kompendium HVO).

Kaldal, Ingar 1998: Arbeid og arbeidsfolk i lokal historie. Heimen 2/1998: 83-90. (Kompendium HVO).

Pryser, Tore 1984: Margit fra «13». - Sosialhistorie fra en arbeiderbygård. I Per Fuglum og Jarle Simensen (red.): Historie nedenfra. Festskrift til Edvard Bull på 70-årsdagen. Universitetsforlaget: 150-166. (Kompendium HVO).

Kaldal, Ingar 2002: Sosialhistorikaren i ’Nr. 13’ – kulturhistorisk gjenvisitt. Andersen, Håkon With mfl. (red.): Historie, kritikk og politikk. Festskrift til Per Maurseth på 70-årsdagen 7. juni 2002. Nr 27 i Skriftserie fra Historisk institutt. NTNU: 305–320 (Kompendium HVO).

Odén, Birgitta 1998: "En kristen människas frihet". I Leda vid livet. Fyra mikrohistoriska essäer om självmordets historia. Historiska media, Kristianstad: 35-47. (Kompendium HVO).

Homlong, Beate 2003: Kap. 2 Livsgrunnlag, demografi og hushald. Sogner, Sølvi (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 39-71. (Sogner 2003).

Dyrvik, Ståle 2004: Kap. 2 Teorien om den demografiske overgangen. Den demografiske overgangen. Det Norske Samlaget: 12-30. (Kompendium HVO).

Sandvik, Hilde 2003: Kap. 3 Det økonomiske fellesskapet. Sogner, Sølvi (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 72-118. (Sogner 2003).

Tranberg, Anna 2007: Husindustri i totenbygdene på 1700- og 1800-tallet. Heimen 3/2007: 183-208. (Kompendium HVO).

Telste, Kari 2003: Kap. 4 Familien som kjenslefellesskap. Sogner, Sølvi (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 119-169. (Sogner 2003).

Johansen, Hanne Marie 2003: Kap. 5 Familien som omsorgsfellesskap. Sogner, Sølvi (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget: 170-225. (Sogner 2003).

Avdem, Anna Jorunn: Korleis kan munnlege kjelder utfylle det skriftlege materialet? Heimen 3/1989: 151-157. (Kompendium HVO).

Kiil, Alf 1969: Embetsverk. Embetsarkiv. Statsarkiv. Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget: 9-25 (Kompendium HVO).

Sandal, Per 1983: Inn i dei offentlege arkiva. Lokalhistorie. Landbruksforlaget: 52-70 (Kompendium HVO).

Mykland, Liv 1987: Kommunalforvaltningen og kommunearkivene. Mykland, Liv og Masdalen, Kjell-Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget: 1-20 (Kompendium HVO).

Masdalen, Kjell-Olav 1987: Hovedtrekk ved kommuneadministrasjonens utvikling. Mykland, Liv og Masdalen, Kjell-Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget: 21-28 (Kompendium HVO).

Lange, Vilhelm og Øyvind Ødegaard 2001: Kap. 2 Privatarkiver. Lange, Vilhelm, Mangset, Dag og Ødegaard, Øyvind: Privatarkiver. Bevaring og tilgjengeliggjøring. Riksarkivaren. Skriftserie 11: 16–35. (Kompendium HVO).

Døssland, Atle 2009a: Om å studere organisasjonar i lokalsamfunn. HVO-notat under publisering (Internett 'HVO').

Døssland, Atle 2009b: Om å studere sosiale grupper i bondesamfunnet. HVO-notat under publisering (Internett 'HVO').

Løseth, Arnljot 1996: Kap. 2 Likskap som ideal - lagdeling i røynda. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 3 1920-1972. Likskap og lagdeling: 60-92. (Kompendium HVO).

Alsvik, Ola 2004: Innledning - om temart og artiklene. Ola Alsvik (red.): Kulturmøter. Lokalsamfunnet, lokalhistorien og møtet med det fremmede. Norsk lokalhistorisk institutt: 5-18. (Internett 'Kulturmøter').

Myklebost, Kari 2004: Rock, terylenebukser og tuperte høysåter. Muntlige fortellinger fra Tromsøs ungdomsmiljø. Ola Alsvik (red.): Kulturmøter. Lokalsamfunnet, lokalhistorien og møtet med det fremmede. Norsk lokalhistorisk institutt: 213-241. (Internett 'Kulturmøter').

Kjeldstadli, Knut 2004: Bufaste og nykommere - innflyttere og innvandrere i norske lokalsamfunn. Ola Alsvik (red.): Kulturmøter. Lokalsamfunnet, lokalhistorien og møtet med det fremmede. Norsk lokalhistorisk institutt: 41-59. (Internett 'Kulturmøter').

Tilrådd startlitteratur:
Sogner, Sølvi (red.) 2003: I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Det Norske Samlaget. (Sogner 2003)

Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie. Det Norske Samlaget. (Tretvik 2004)

Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-30
Emneansvarleg:
Arnfinn Kjelland, 70075106, ak@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 25.08.2009 11:40 av Grete Marry Brøste