Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
Minimum 30 stp. historieemne på 100-nivå, anten to av emna HI101–03 eller andre relevante fag etter søknad.
Formålet med dette emner er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å formidle a) forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda, og b) relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar. Emnet konsentrerer seg om komparative studier av sivilisasjonar og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet.
Studentane skal få innsikt i framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og i dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen. Ei drøfting av teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorer bak økonomisk utvikling/underutvikling vil bli spesielt vektlagt. Ikkje berre økonomiske, men også sosiokulturelle og religiøse faktorar vil bli dregne inn som moglege forklaringsfaktorar.
Emnet er delt i 10 faglege tyngdepunkt, som går inn på geografi, demografi og kultur, universelle og særeigne trekk, Europas ekspansjon i Amerika og Asia, nærare om tilhøvet til Afrika og Amerika, den «industriøse» og industrielle revolusjonen, det «utvida» Europa (Vesten) på 1800- og 1900-talet, Asia, Midt-Austen og Russland, imperiebygging og -samanbrot på 1900-talet, spørsmålet om kven som var utbyttarar og kven som vart utbytta, og om globaliseringa er ei myte eller ein realitet.
Det blir ikkje gjeve førelesingar og seminar i emnet dette studieåret. Men det kan takast av nettstudentar både haust og vår.
Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» à 5–10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.
All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tekne opp.
Alle studentar som tek emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.
All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettleser, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
- Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom.
- Gjennomføre ein 4 timars individuell prøve på Fronter.
- Skrive eit refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.
Ei av prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåva skal også ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom. Sjå under "Vurdering og eksamen".
Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.
Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to element;
- sluttoppgåva (tel omlag 3/4 av karaktergrunnlaget), sjå "Arbeidskrav" og
- dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar (tel omlag 1/4 av karaktergrunnlaget), sjå "Arbeidskrav".
.
Grunnbøker:
Landes, David. 1998 (og seinare utgåver): Wealth and Poverty of Nations. Why Some Are So Rich and Some So Poor. London. (570 s.)
Marks, Robert B. 2007 [2002]. Den moderne verdens opprinnelse. En global og økologisk beretning fra det femtende til det tjueførste århundre. Oslo. (260 s.)
Kompendium:
Andersen, Michael Bruun. 2002. Det globalhistoriske brækjern. En analytisk udfordring af historien. I: Historisk Tidsskrift (dansk) bind 102: 434–50 (17 s.).
Berntzen, Einar. 1987. Vekst gjennom ”take-off”. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): Lov og struktur: 197–205 (9 s.). Bergen.
Bourdieu, Pierre. 2001. Myten om ”globalisering” og den europeiske velferdsstat. I: Yves Boutroue & Vegard Velle (red.): En annen verden er mulig: 58–73 (16 s.). Oslo.
Braudel, Fernand 1984a [1979]. A scale of reference. I: Civilization and Capitalism 15th-18th Century, Volume 1: The Structures of Everyday Life: 51–70 (19 s.). London.
Braudel, Fernand 1984b [1979]. The Industrial Revolution in Britain, sector by sector. I: Civilization and Capitalism 15th-18th Century, Volume 3: Perspective of the World: 556–88 (31 s.). London.
Cipolla, Carlo. 1971. Befolkning og økonomi gjennom 10 000 år: 59–84 (24 s.). Oslo.
Cipolla, Carlo. 1982. Det førindustrielle Europa. Økonomi og samfunn 1000-1700 : 182–245 (59 s.). Oslo.
Dyrvik, Ståle. 1987. Malthus’ befolkningslov. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): Lov og struktur: 246–253. (8 s.). Bergen.
Dyrvik, Ståle. 2006. Den demografiske overgangen. Moderniseringsprosessens verknad på mortalitet og fertilitet. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): Teori og metode i geografi: 205–213. (9 s.). Bergen.
Eriksen, Tore Linné. 2001. Globalisering: Vinnere og tapere. I: Boutroue & Velle (red.): op.cit: 87-109 (21 s.).
Fukuyama, Francis. 1989. The End of History? I: The National Interest. (Her fra internett 10.08.09: http://www.wesjones.com/eoh.htm) - (13 s.)
Grønhaug, Reidar. 1987. Chayanovs regel. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): Lov og struktur: 120-132 (12 s.). Bergen.
Hesselberg, Jan. 1996. Fattigdom og utviklingsstrategier (25 s.). Universitetet i Oslo.
Hjellum, Torstein. 2003. Marx’ historielov. Om drivkreftene i samfunnsutviklingen. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): Teori og metode i statsvitenskapen: 377–391. (14 s.) Bergen
Huntington, Samuel P. 1993. The Clash of Civilizations? I: Foreign affairs 3 (vol. 72): 22-49 (28 s.)
Karlsen, Jan Erik. 2003. Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Om forutsetningene for det kapitalistiske systems gjennombrudd. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): op.cit.: 184–95 (10 s.). Bergen.
Klausen, Arne Martin. 1992. Verdifordeling, Kommersialisering og verdirelativisering. I: Kultur – mønster og kaos: 125-135 (11 s.). Oslo.
Lundestad, Geir. 2000. Økonomiske forbindelser nord-sør 1945-2000. I: Øst, vest, nord, sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk 1945-2000: 247-73 (27 s.) Oslo.
Nedkvitne, Arnved. 2003. Elvins lov. Arbeidskraftoverskudd og økonomisk utvikling. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): op.cit.: 393–404. (10 s.). Bergen.
Rongen, Ole Bjørn. 1997. Konfutses tilbakekomst. I: Jo Inge Bekkevold og Torstein Hjellum (red.): Den kinesiske utfordringen: 205-220. (15 s.). Oslo.
Svarverud, Rune. 1997. Kinas politiske tradisjon. Forholdet mellom den herskende elite og den alminnelige borger. I: Jo Inge Bekkevold og Torstein Hjellum (red.): Op.cit:: 190-204 (14 s.). Oslo.
Østerud, Øyvind. 2003. Wallersteins moderne verdenssystem. Statenes kamp om rang på verdensarenaen. I: Stein Ugelvik Larsen (red.): op.cit.: 452–475. (11 s.). Bergen.
Trykt skriftleg pensum til saman: 1233 s. +
Nettleksjonar
Landes, David 1998 (og seinare utgåver): Wealth and Poverty of Nations. Why Some Are So Rich and Some So Poor. London. (570 s.)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Innhald i og gjennomføring av emnet vert evaluert av fagutvalet ved instituttet og gjennom refleksjonsnotat (sjå arbeidskrav 4 ovafor). Det vert lagt opp til meir omfattande spørjeskjemaevalueringar ved deltakande studentar minst kvart tredje år.