Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
HI110
Emnenamn:
Oppgåveemne
Nivå:
100
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Fullført eit av oversynsemna HI101, HI102 eller HI103. Det er godkjent at oversynsemnet vert gjennomført same semester som HI110.
Undervisningssemester:
Vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Vår
Læringsmål:

Formålet med dette emnet er å gi studentane høve til å fordjupe seg i eit tema i norsk og/eller internasjonal historie ved å skrive eit fagleg essay på om lag 15-25 sider med linjeavstand 1,5, 12 pkt. font, under rettleiing av ein faglærar. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling i høve til eit tema, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde temaet og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til dette temaet.

Innhald:

HI110 vert kvart studieår knytt til nokre temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie, som instituttet stiller rettleiarar til. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I samråd med rettleiar skal studenten finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har vald, og så skrive oppgåva med utgangspunkt i denne.

Det er ikkje høve til fritt val av tema og problemstilling i dette emnet.

Organisering og arbeidsmåtar:

Det blir gjeve forelesningar og halde oppgåveseminar på kvart av dei aktuelle temaområda. I desse blir det gjeve ei heilt grunnleggjande innføring i temaet, kjelde- og litteratursituasjonen. Vidare kan det bli arrangert studentstyrde seminar, der utkast til forskjellige element/stadium av den ferdige oppgåva skal leggjast fram for medstudentar til kommentar. Denne organiseringa gjeld HI110-tilbod til campus-studentar.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  1. Skrive utkast til temautgreiing og problemstilling
  2. Skrive ut hovuddelen av oppgåva og legge den fram for seminargruppa. Oppgåva skal ha eit omfang av 35 000-55 000 teikn utan mellomrom.
  3. Skrive kortare kommentarar (responsar) til temautgreiing, problemstilling og hovuddel av oppgåva frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom.

Detaljane i arbeidskrava (tal på oppgåver, formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart tema startar.

Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurdering og eksamen:

Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av den ferdige oppgåva. Dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar, kan justere karakteren på oppgåva opp eller ned med maks ein bokstavkarakter.

Det blir gjeve ein samla bokstavkarakter i emnet. Skalaen går frå A-F, der E er siste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensor
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Førland, Tor Egil: Drøft. Lærebok i oppgaveskriving. ad Notam Gyldendal 1996.Sjølvvald pensum (støttelitteratur): 300 sider.

Tilrådd startlitteratur:
.
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringa i Classfronter er og ein del av kvalitetssikringa.

Det blir lagt opp til meir omfattande spørreskjemaevaluering mellom deltakande studentar minst kvart tredje år.

Tal på plassar:
5-50
Emneansvarleg:
Arnfinn Kjelland, 70075106, ak@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 27.04.2009 15:19 av Grete Marry Brøste