Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
HI103
Emnenamn:
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Nivå:
100
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen særskilde
Undervisningssemester:
Haust/vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust/vår
Læringsmål:

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til i dag. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.

Innhald:

Emnet er delt i 10 faglege tyngdepunkt, der fem legg vekt på sentrale emne i europeisk og internasjonal historie og fem går djupare inn i norsk historie i perioden. Dette emnet er vidare tillagt ei innføring i historisk arbeidsmåte og metodiske hovudprinsipp innanfor historievitskapen. Delen blir behandla i eit eige tyngdepunkt og omfattar ei innføring i kjelde- og arkivkunnskap.

Organisering og arbeidsmåtar:

I vårsemesteret 2010 vert det gjeve førelesingar og seminar knytt til kvart einskilt av dei i alt 11 faglege tyngdepunkta i emnet. Men det kan takast av nettstudentar både haust og vår.

Innhaldet i emnet vert i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege såkalla ’nettleksjonar’, kvar på 5-10 sider, som vert distribuerte via internett (Fronter). Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.

All undervisning har som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumet og såleis førebur seg på dei problemstillingar som vert tekne opp.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det vert lagt ut rettleiingar på nettet.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret vert lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  1. Studenten formulerer ei problemstilling og lagar ein disposisjon til ei prosessoppgåve som faglærar kommenterer. Dersom den presenterte disposisjonen vert underkjent i første omgang, får studenten ein sjanse til å levere ein ny innan ein kort frist.
  2. Deretter skal den disponerte oppgåva ferdigstillast. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom i Word. Faglærar kommenterer den ferdigstilte oppgåva, som må stå til ’godkjent’ for at ein skal kunne gå vidare på fagemnet. I tilfelle det første framlegget vert underkjent, får studenten ein ny sjanse (tilsv. pkt. 1).
  3. Studenten skriv ei prosessoppgåve nr. 2 som faglærar kommenterer. Prosedyren er elles som under pkt. 2.
  4. Alle som ikkje møter til minst 80% av førelesingar/seminar i haustsemesteret 2009, vert prøvde i 2 fleirvalsprøver (multiple-choice) på nett. Liksom under pkt. 1 - 3 skal også kvar av desse prøvene godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet. Slike prøver er obligatoriske for alle nettstudentar.
  5. Eit siste arbeidskrav er eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det framgår ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjenning på eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av:

  • ei individuell mappe med dei to oppgåvene studenten har skrive. Denne tel 60% av karakteren. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering.
  • ein skuleeksamen på 4 timar uten hjelpemiddel og under tilsyn, der heile emnepensum er grunnlag for spørsmålstillingane. Denne prøva tel 40% av den endelege karakteren.

Det vert gjeve ein samla karakter i emnet. Skalaen går frå A til F, der E er siste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
Ingen
Karakterskala:
A - F, stått eller ikkje stått.
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Nerbøvik, Jostein: Norsk historie 1860–1914 (1999), s. 11–264.
Furre, Berge: Norsk historie 1914–2000 (2000), s. 19–367.
Palmer, R. R. and Joel Colton: A History of the Modern World 2002, s. 551–666, 679–809, 828–1056, el Palmer 2006, s 561-675, 696-837, 859-1114.
Kjeldstadli, Knut: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget (1999), s. 13–303.
«Internettleksjonar» gjevne av faglærarane i emnet.

Tilrådd startlitteratur:
Palmer, R. R. and Joel Colton: A History of the Modern World 2002, s. 551–666, 679–809, 828–1056, el Palmer 2006, s 561-675, 696-837, 859-1114.
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-100
Emneansvarleg:
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 07.09.2009 15:01 av Administrator User