Emnekode:
HI102
Emnenamn:
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600–1870
Nivå:
100
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Haust/vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust/vår
Læringsmål:
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1600 og fram til ca 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.
Innhald:
Emnet er delt i 10 faglege tyngdepunkt, der eitt tek for seg europearane, verdsmarknaden og dei andre kulturane frå ca 1500 til ut på 1700-talet, fire legg vekt på sentrale emne i europeisk historie i perioden 1600–1870 og fem går djupare inn i norsk historie i same periode. I tillegg inneheld emnet eitt metodetyngdepunkt som tek for seg ein del generelle historiografiske og metodiske spørsmål felles med HI101 og HI103, og går nærare inn på nokre slike tema for perioden.
Organisering og arbeidsmåtar:
I haustsemesteret 2009 vert det gjeve førelesingar og seminar knytt til kvart einskilt av dei i alt 11 faglege tyngdepunkta i emnet. Men det kan takast av nettstudentar både haust og vår.
Innhaldet i emnet vert i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege såkalla ’nettleksjonar’, kvar på 5-10 sider, som vert distribuerte via internett (Fronter). Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.
All undervisning er basert på at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumet og såleis førebur seg på dei problemstillingar som vert tekne opp.
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det vert lagt ut rettleiingar på nettet.
Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret vert lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
- Studenten formulerer ei problemstilling og lagar ein disposisjon til ei prosessoppgåve som faglærar kommenterer. Dersom den presenterte disposisjonen vert underkjent i første omgang, får studenten ein sjanse til å levere ein ny innan ein kort frist.
- Deretter skal den disponerte oppgåva ferdigstillast. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom i Word. Faglærar kommenterer den ferdigstilte oppgåva, som må stå til ’godkjent’ for at ein skal kunne gå vidare på fagemnet. I tilfelle det første framlegget vert underkjent, får studenten ein ny sjanse (tilsv. pkt. 1).
- Studenten skriv ei prosessoppgåve nr. 2 som faglærar kommenterer. Prosedyren er elles som under pkt. 2.
- Alle som ikkje møter til minst 80% av førelesingar/seminar i haustsemesteret 2009, vert prøvde i 2 fleirvalsprøver (multiple-choice) på nett. Liksom under pkt. 1 - 3 skal også kvar av desse prøvene godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet. Slike prøver er obligatoriske for alle nettstudentar.
- Eit siste arbeidskrav er eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.
Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det framgår ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjenning på eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.
Vurdering og eksamen:
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei individuell mappe med dei to oppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering. Det vert gjeve bokstavkarakter. Skalaen går frå A til F, der E er siste ståkarakter.
Eit tilfeldig utval studentar kan og verte kalla inn til munnleg eksamen som kan justere mappekarakteren.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensur.
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):
Pensum
Dyrvik, Ståle: Norsk historie 1625-1814 (1999), s. 11–268.
Pryser, Tore: Norsk historie 1814-1860 (1999), s. 11–292.
Palmer, R.R. og J. Colton: A History of the Modern World (2006), s. 99-224, 257-273, 311-328, 338-559.
Steensgaard N. (Aschehoug verdenshistorie band 9), s. 12-85, 110-119, 148-193 og 212-235
«Internettleksjonar» gjevne av faglærarane i emnet.
Tilleggs litteratur:
Som supplement til Palmer/Colton og Steensgaard kan studentane lese:
Fuglestad, Finn (2004) Fra Svartedauden til wienerkongressen, s. 9-140, 271-538.
Som supplement til Dyrvik kan studentane lese:
Moseng, Ole Georg, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo: Norsk historie 1537-1814 (2003).
Kjeldstadli, Knut: Fortida er ikke hva den en gang var (2000). (Denne boka er pensum for HI103, men blir brukt i metodedelen på HI101 og HI102.)
Tilrådd startlitteratur:
Steensgaard N. (Aschehoug verdenshistorie band 9), s. 12-85, 110-119, 148-193 og 212-235 (Dei aktuelle sidene frå Aschehougs verdenshistorie og bd 9 er samla i eitt kompendium. Dette kan ein kjøpe både hos Haugen bok og på studentbokhandelen i Volda: Fagbok Møre – Volda (fagbok@hivolda.no). Kompendiet kan også bestillast direkte hos Pensumtjeneste: http://www.pensum.no/Hovedside.asp.)
Evaluering og kvalitetssikring:
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Tal på plassar:
5-100
Emneansvarleg:
Atle Døssland, 70075088, atd@hivolda.no