Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
HI101
Emnenamn:
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1600
Nivå:
100
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Haust/vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust/vår
Læringsmål:

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til ca. 1600. Dei skal forstå korleis den føydale samfunnsordninga voks fram og endra seg fram til 1500-talet, og vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferirelasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd.

Innhald:

Emnet er delt i 10 faglege tyngdepunkt, der fire legg vekt på sentrale emne i europeisk historie frå ca 400 e.Kr., fem går djupare inn i norsk historie frå 800-talet og eitt tek for seg nokre tema som er felles for dei ikkje-europeiske sivilisasjonane inkl. eit overblikk over Kina, Japan, India, Afrika og Aztekarriket kring 1500 e.Kr. I tillegg inneheld emnet eitt metodetyngdepunkt som tek for seg ein del generelle historiografiske og metodiske spørsmål felles med HI102 og HI103, og går nærare inn på nokre slike tema for perioden før 1600.

Organisering og arbeidsmåtar:

I haustsemesteret 2009 vert det gjeve førelesingar og seminar knytt til kvart einskilt av dei i alt 11 faglege tyngdepunkta i emnet. Men det kan takast av nettstudentar både haust og vår.

Innhaldet i emnet vert i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege såkalla ’nettleksjonar’, kvar på 5-10 sider, som vert distribuerte via internett (Fronter). Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.

All undervisning er basert på at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumet og såleis førebur seg på dei problemstillingar som vert tekne opp.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det vert lagt ut rettleiingar på nettet.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret vert lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  1. Studenten formulerer ei problemstilling og lagar ein disposisjon til ei prosessoppgåve som faglærar kommenterer. Dersom den presenterte disposisjonen vert underkjent i første omgang, får studenten ein sjanse til å levere ein ny innan ein kort frist.
  2. Deretter skal den disponerte oppgåva ferdigstillast. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom i Word. Faglærar kommenterer den ferdigstilte oppgåva, som må stå til ’godkjent’ for at ein skal kunne gå vidare på fagemnet. I tilfelle det første framlegget vert underkjent, får studenten ein ny sjanse (tilsv. pkt. 1).
  3. Studenten skriv ei prosessoppgåve nr. 2 som faglærar kommenterer. Prosedyren er elles som under pkt. 2.
  4. Alle som ikkje møter til minst 80% av førelesingar/seminar i haustsemesteret 2009, vert prøvde i 2 fleirvalsprøver (multiple-choice) på nett. Liksom under pkt. 1 - 3 skal også kvar av desse prøvene godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet. Slike prøver er obligatoriske for alle nettstudentar.
  5. Eit siste arbeidskrav er eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det framgår ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjenning på eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei individuell mappe med dei to oppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering. Det vert gjeve bokstavkarakter. Skalaen går frå A til F, der E er siste ståkarakter.

Eit tilfeldig utval studentar kan og verte kalla inn til munnleg eksamen som kan justere mappekarakteren.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Bagge, Sverre: Europa tar form (2004) 2. utgåve, s. 11-320.
Imsen, Steinar: Europa 1300-1550 (2000), s. 19–113, 132–148, 177–205.
Steensgaard, Niels: Verden på oppdagelsenes tid 1350-1500, Ascehougs verdenshistorie bd. 7 (1984), 12–59, 72–143, 170–209.
Sigurdsson, Jón Vidar: Norsk historie 800-1300 (1999), s. 9–223.
Ersland, Geir Atle og Hilde Sandvik: Norsk historie 1300-1625. (1999), s. 11–247.
«Internettleksjonar» gjevne av faglærarane i emnet.

Tilleggslitteratur:
Som supplement til Imsen kan studentane legge opp utdrag frå denne boka:
Fuglestad, Finn: Fra svartedauden til wienerkongressen (2004), s. 140-270.

Som supplement til Sigurdsson, og Ersland og Sandvik, kan studentane lese deler av:
Moseng, Ole Georg, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo: Norsk historie 750-1537 (2007) 2. utgåve og Norsk historie II 1537-1814 (2003).

Kjeldstadli, Knut: Fortida er ikke hva den en gang var (2000). (Denne boka er pensum for HI103, men blir brukt i metodedelen på HI101 og HI102.)

Tilrådd startlitteratur:
Bagge, Sverre: Europa tar form (2004) 2. utgåve, s. 11-320.




Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-100
Emneansvarleg:
Hans Jacob Orning, 70075195, hjo@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 07.09.2009 15:00 av Administrator User