Ingen.
Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng eller tilsvarande bakgrunn.
Midtausten er nemninga på ein geografisk vagt definert region med felles kulturell referanseramme. Kjerneområdet omfattar beltet av land frå Egypt i vest til Persiabukta i aust med landa på Den arabiske halvøya og Iran. Emnet er delt i fire delar: Frå det vidare midtaust-området i del 1 og 2 blir fokuset avgrensa til Palestina i del 3 og vidare spissa inn mot Jerusalem by i del 4. Formålet er blant anna å gje innsikt i konfliktane i regionen ved å studera korleis faktorar av religiøs, kulturell og etnisk art også spelar ei rolle for dei politiske motsetnadene. Det blir lagt vekt på å forstå den dagsaktuelle situasjonen i lys av den historiske utviklinga dei siste to hundreåra, som også sterke aktørar utanfrå regionen har innverka på. Både samfunns- og religionshistoriske perspektiv saman med ein allmenn kultursosiologisk tematikk står sentralt i emnet.
Fagemnet har fire tyngdepunkt:
-
Introduksjon: Kulturell og religiøs bakgrunn
I dette delemnet skal det gjevast ei innføring i den kulturelle og religiøse bakgrunnen i regionen, med vekt både på det som er felles og på det som skaper motsetnader.
-
- Territorielle, etniske og kulturelle forhold.
- Jødedom, kristendom og islam og nokre andre religiøse samfunn i regionen.
-
Midtausten
I dette delemnet skal politisk og kulturell utvikling i regionen studerast, med tyngdepunkt i perioden 1800-2000. Det vil bli lagt vekt på ”interne” forhold som arabiske - og andre - statsdanningar på 1900-talet og på politisk islam. Dessutan tar emnet føre seg ”eksterne” forhold som konsekvensane av europeisk imperialisme og kolonialisme.
-
- Nokre lange historiske liner: Islamsk statsdanning, korstoga, 1700-talet - det liberale islam.
- Historiske, geografiske og ideologiske haldepunkt frå ca 1800 fram til den første verdskrigen: Det osmanske riket, den vestlege misjonen, den arabiske brorskapen.
- Imperialisme, stormakter og supermakter 1914-2000: Midtaustens strategiske posisjon og stormaktenes rolle.
- Statsdanningar i regionen frå første verdskrig til i dag: Styre, indre opposisjon, innbyrdes forhold, forholdet til stormaktene/verdssamfunnet, økonomiske og sosiale forhold.
- Arabisk identitet. Samlande og splittande faktorar: Språk, kultur og religion, historie og territorium, minoritetar.
- Pan-arabisme: Religiøs og sekulær pan-arabisme, politisk islam.
-
Palestina
Dette delemnet handlar om Palestina dei siste 100 – 150 åra, med særleg vekt på tida etter 1948. Emnet fokuserer først og fremst på dei politiske konfliktane som knyter seg til opprettinga av staten Israel. Men også det sterke religiøse og etniske innslaget i dette konfliktstoffet skal granskast. Både sionisme, og palestinsk og arabisk nasjonalisme skal studerast nærare.
-
- Palestina i den siste fasen av det osmanske riket. Jødisk innvandring.
- Jødedom og sionisme. Forholdet mellom det nasjonalistiske, sosialistiske og kolonialistiske i sionismen.
- Palestina under mandatperioden: Storbritannias interesser, Balfour-deklarasjonen, jødisk sionisme vs. palestinsk/arabisk nasjonalisme.
- Staten Israel: Bakgrunn og utvikling, konfliktar, krigar og terrorisme, Israel som regional stormakt, indre motsetnader, israelsk identitet.
- Palestinsk nasjonalisme: 1948 og nederlaget for palestinsk nasjonalisme, PLO og reorganiseringa av den nasjonale rørsla, sjølvstyre og spørsmålet om ein palestinsk stat.
- Definisjonsmakt og propagandakrig. Israelske og palestinske narrativ.
- Konflikten mellom israelarar og palestinarar i internasjonal politikk.
-
”Kampen om Jerusalem”
I dette delemnet står byen Jerusalem i sentrum for interessa; byen som felles-topos for alle dei tre religionane, som religiøst symbol og omstridd geografisk område.
-
- Jerusalems historie. Byens religiøse og politiske rolle gjennom tidene.
- Omstridde og symbolske stader: Tempelet, klagemuren og al Aqsa-moskéen, Oljeberget, den heilage grava og Golgata.
- Politisk og religiøs strid om Jerusalem i dag. Jerusalems religiøse symbolverdi i nyare politisk diskurs.
På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. På seminara vil du kunna få ansvar for å presentera oppgåveutkast, sentrale fagbøker og artiklar frå pensumlitteraturen som utgangspunkt for drøftingar mellom seminardeltakarane.
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
1. Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 20000 teikn utan mellomrom i Word.
2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.
3. Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.
Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå punkt 1 over) skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under "Vurdering og eksamen". Sluttoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to element; sluttoppgåva og kommentarane til medstudentane (sjå under "Arbeidskrav" ovanfor) samt ei justerande munnleg prøve. Ved karakterfastsetting vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.
.
Abu-Nimer, Mohammed, Emily Welty og Amal Khoury: Unity and Diversity. Interfaith Dialogue in the Middle East. Washington D.C.. United States Institute of Peace Press
Butenschøn, Nils A.: Midtøsten. Imperiefall, statsutvikling, kriger, Oslo, Universitetsforlaget 2008
Choueiri, Youssef M.: Arab Nationalism: A History: Nation and State in the Arab World, Oxford 2000 (267 s)
Herzl, Theodor: Jødestaten. Forsøk på en moderne løsning av jødespørsmålet. Forord av Håkon Harket, Oslo 2005 (152 s)
Shlaim, Avi 2000: The Iron Wall. Israel and the Arab World. London: Penguin Books (609 s)
Vikør, Knut S: Ei verd bygd på islam, del 3, ”Moderne tid”, Oslo 2004 (100 s)
Kompendium:
Burgess, J. Peter. “The Religious Site in Civil Space: Meaning and Function of the Temple Mount/al-Haram al-Sharif”, I Social Identities 3/2004: 311-323. (12 s)
Caplan, Neil: “Zionism and the Arabs: Another Look at the ‘New’ Historiography” (Review Article), i Journal of Contemporary History, vol. 36 (2), London 2001: 345-360 (15 s)
Waage, Hilde Henriksen: Da staten Israel ble til. Et stridspørsmål i norsk politikk 1945-49. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag 1989. "Konklusjon": 257-272 (15 s)
Waage, Hilde Henriksen: Norge - Israels beste venn. Norsk Midtøsten-politikk 1949-56. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag 1996. "Konklusjon": 369-398 (29 s)
Zubaida, Sami, “Islam, the State and Democracy. Contrasting Conceptions of Society in Egypt” i Middle East Report 1992: 2-10 (8 s)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.