Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
KUM304
Emnenamn:
Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen.

Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng eller tilsvarande bakgrunn.
Undervisningssemester:
Kvart vårsemester (- med atterhald om studenttilslutning)
Talet på semester:
Eitt semester
Eksamenssemester:
Kvart vårsemester
Læringsmål:

Topografisk og kronologisk er heile den iberiske halvøya innan synsfeltet gjennom 800-årsperioden. Men tyngdepunktet for studiet ligg i det mauriske Spania i tida frå den arabiske invasjonen (711-) til 1200-talet, det vil seia dei sørlege og midtre delane av halvøya under umayyadane, seinare almoravidane og almohadane. Tematisk spenner studiet over politiske, økonomiske og sosiale endringar, med eit tyngdepunkt i historisk-antropologiske/kulturhistoriske perspektiv på utviklingstendensar innan sameksistens/’convivencia’ og økonomisk og kulturell samhandling mellom ulike etniske og religiøse grupper under skiftande regime.

Innhald:

Fagemnet har fem tyngdepunkt

  • Innleiande oversyn og ‘klassiske’ tekstar
    Innleiande oversyn over det muslimske Iberia frå erobringa i 711 og fram til Granadas kapitulasjon og utdrivinga av jødar og muslimar ved hundreårsskiftet 1500. I dette delemnet vil ein òg stifta kjennskap til ’klassiske’ tekstar på området.
      • Innleiiande oversyn over perioden
      • ’Klassiske’ tekstar

 

  • Arabisk politisk og kulturelt hegemoni veks og kulminerer 711-ca 1200
    I dette delemnet ligg hovudvekta på den arabiske immigrasjonen til den iberiske halvøya 711- ca 1200 og konversjonen til islam i dette området. Tyngdepunktet har dessutan eit feste i den arabiske ’grøne revolusjonen’ i al-Andalus og den innverknaden arabiske bruksmåtar hadde på jordbruket i nord, dvs. i den kristne delen av den iberiske halvøya.
      • Omfanget av den islamske immigrasjonen til Spania og kva grupper dette omfatta, teoriar om den demografiske samansetnaden i denne i perioden
      • Konversjonen til islam – konversjonskurven, variasjonar i overgangen til islam i tid og rom
      • Jordbruksteknologiske innovasjonar (vatningssystem, nye vekstar, husdyrhald, m.m.) som basis for handels-, produksjons- og kulturutvikling

 

  • Sosial- og kulturhistoriske perspektiv på al-Andalus
    • Etnisitet og religion
      I det pluralistiske Iberia i mellomalderen var etnisitet ikkje berre knytt til språk og kultur (skikk/eng. custom), men òg til lov. Det eksisterte forskjellige lover og rettsapparat knytt til dei ulike etniske gruppene. Dette vart praktisert i al-Andalus og seinare vidareført i dei kristne rika etter reconquista.
      • Formelle og reelle rettar og plikter etter islamsk lov (røtt i Koranen og Sunnah) og kristen lov (i førstninga på grunnlag av tradisjonelle iberiske rettar og privileg kalla fueros, og frå 1263 ved lovverket Siete partidas til Alfonso X ’den vise’, konge i Castilla og León)
      • Etnisitetar og tilhøve til både religion, språk og kultur. Mangfaldet var stort – arabarar og berberar, ’innfødde’ iberiarar, jødar og muwalladar (blandings-rase), hegemoniske islamistar (arabarar, berberar), konvertittar ( conversos) og ikkje-konvertittar (jødar og kristne mozárabes, etter reconquista: islamske mudéjares), hegemoniske muhammedanarar og dhimmis (’verna’)
    • ’Convivencia’ eller sameksistens
      ’Convivencia’ har blitt brukt for å karakterisera sameksistensen mellom dei ulike folkegruppene på den iberiske halvøya i mellomalderen. Omgrepet har konnotasjonar til interaksjon og kreativ påverknad, men også til gjensidig friksjon, rivalisering og mistenkeleggjering. Sentralt i denne samanhengen står la frontera, den rørlege og permeable grensa mellom maurisk og kristent territorium – sosial og geografisk mobilitet, diffusjon av kulturimpulsar.
      • Sameksistens og konflikt, assimilasjon, akkulturasjon, segregasjon, etniske kløfter og kulturelle grenser,
      • La frontera endringar og variasjonar over tid, knytt til utviklinga i al-Andalus med skiftande muslimske regime og endringar som ei følgje av reconquista og etterkvart sterkare kristen påverknad.

 

  • Byutvikling i al-Andalus
    Kronologisk ligg tyngdepunktet her på taifa-/småkongedøme-perioden (ca 1030- ca 1230): Arkitektur, kunsthandverk, natur- og humanvitskapar – tidleg i Córdoba (og Sevilla), frå midten av 1000-talet i 20-30 framveksande taifa-byar. Dette delemnet har to tyngdepunkt: For det første blir fokus fest på det indre bypreget og –livet ( intra-perspektivet). Det andre, ( inter-) perspektivet blir dei andalusiske byane i økonomisk og kulturell samhandling med Maghreb, det større mellomhavsområdet, Levanten og vidare austover, dvs. byvekst og -utvikling i al-Andalus i ein større kontekst. Her ligg fokus på handelsnettverk knytt til Maghreb og den vidare islamske verda, men òg med handelsrelasjonar til dei (kristne) italienske bystatane og framveksten av al-Andalus som ein viktig eksportør av varer, handelsteknologi og byinstitusjonar til dei kristne kongerika på halvøya, frå midten av 1000-talet til ca. 1300.
      • Córdoba, Sevilla o. a. byar sitt særpreg i arkitektur, infrastruktur, kunsthandverk, m.m.
      • Byinstitusjonane og byane som lærestader for natur- og humanvitskapar
      • Handel og byutvikling, utviklinga av området frå periferi i den islamske verda til sentral og integrert del i handel og handelsruter i mellomhavsområdet

 

  • Kongedømet Granada (Nazrid-kongedømet) i seinmellomalderen (til 1492)
    Fokus i dette tyngdepunktet ligg på utviklinga i kongedømmet Granada som den einaste attverande islamske staten på den iberiske halvøya. I tida 1326-1492 var nazrid-monarkane vasallar under Castilla-León. Økonomisk var Granada avhengig av handel med Maghreb og andre middelhavsområde. Men i breidda var nazrid-kongedømet ikkje ein del av hovudstraumdraga i islamsk kultur i samtida. Folketalet auka – i første rekke grunna immigrantar frå dei kristne kongerika, men òg som ei følgje av berbisk muslimske immigrasjon frå Maghreb. Gjennom 250 år til 1492 var tilhøvet mellom dei kristne erobrarane og nazrid-kongedømet Granada spent. Til dette kom dei indre spenningane i ei heterogen og uharmonisk befolkning.
    Tre tyngdepunkt:
      • økonomisk utvikling i kongedømet Granada
      • tilhøvet til Castilla-León og gjenoppståinga av jihad, no som politisk-ideologisk motsvar andsynes det hegemoniske kristne riket
      • profileringa av seinmellomalder-Granada i spansk historisk minne, dvs. resepsjonen av ’Granada’ i ny tid
Organisering og arbeidsmåtar:

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. På seminara vil du kunna få ansvar for å presentera oppgåveutkast, sentrale fagbøker og artiklar frå pensumlitteraturen som utgangspunkt for drøftingar mellom seminardeltakarane.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

1. Skriva ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 20000 teikn utan mellomrom i Word.

2. Skriva kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.

3. Skriva eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.

Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå punkt 1 over) skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under "Vurdering og eksamen". Sluttoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to element; sluttoppgåva og kommentarane til medstudentane (sjå under "Arbeidskrav" ovanfor) samt ei justerande munnleg prøve. Ved karakterfastsetting vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der E er lægste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Ekstern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Innleiande oversyn og ‘klassiske’ tekstar

Dozy, Reinhart: Spanish Islam: A History of the Muslims in Spain, eng. ed. London 1972: 401-592 (191 s)

Fletcher, Richard: Moorish Spain, London 2004 (175 s)

Kaldhûn, Ibn: The Muqaddimah : an introduction to history, Princeton, N.J. 2005: 123-296 (173 s)

 

Arabisk politisk og kulturelt hegemoni veks og kulminerer 711-ca 1200

Collins, Roger: Early Medieval Spain. Unity in Diversity 400-1000, London 1995: chap. 5 og 6 (77 s)

Glick, Thomas F.: Islamic and Christian Spain in the Early Middle Ages, Princeton, N.J. 1979: 3-110 (107 s)

Kjelder:

Constable, Olivia Remie (ed.): Medieval Iberia: Readings from Christian, Muslim and Jewish Sources, Philadelphia 1997: 29-32 ( Chronicle of 754), 32-36 (Ibn `Abd al-Hakam, Narrative of the Conquest of al-Andalus), 37-38 ( The Treaty of Tudmir), 39-42 (Chronicle of Alfonso III.), 45-47 (Ibn al-Qutiyya, History of the Conquest of al-Andalus), 73-75 (Abraham ibn Daud, The Book of tradition) (20 s)

 

Sosial- og kulturhistoriske perspektiv på al-Andalus

Barton, Simon: “Traitors to the Faith? Christian Mercenaries in al-Andalus and the Maghreb 1100-1300” i Collins R. and Goodman, A.: Medieval Spain: Culture, Conflict and Coexistence. Studies in Honour of Angus MacKay, Houndmills 2002: 23-45 (22 s)

Burns, Robert I.: “Jews and Moors in the Siete Partidas of Alfonso X the Learned: A Background Perspective” i Collins R. and Goodman, A. 2002: 46-62 (16 s)

Carpenter, Dwayne E.: “Social Perception and Literay Portrayal: Jews and Muslims in Medieval Spanish Literature” i Dodds, Jerrilynn D., Glick, Thomas F. and Mann, Vivian B.: Convivencia. Jews, Muslims and Christians in Medieval Spain. New York 1992: 61-81 (20 s)

Gampel, Benjamin R.: “Jews, Christians and Muslims in Medieval Iberia: Convivencia through the Eyes of Sephardic Jews” i Dodds, J. D., Glick, T. F. and Mann, V. B. 1992: 11-37 (26 s)

Glick, Thomas F.: Islamic and Christian Spain in the Early Middle Ages. Princeton, N. J. 1979: 134-316 (182 s)

Glick, Thomas F. and Pi-Sunyer, Oriol: “Acculturation as an Explanatory Concept in Spanish History” i Comparative Studies in Society and History, vol.11, No. 2. New York 1969 (18 s)

Glick, Thomas F.: “Convivencia: An Introductory Note” i Dodds, J. D., Glick, T. F., Mann, V. B. 1992: 1-9 (9 s)

Glick, Thomas F.: “Science in Medieval Spain: The Jewish Contribution in the Context of Convivencia” i Dodds, J. D., Glick, T. F., Mann, V. B. 1992: 83-111 (28 s)

Jiménez, Manuel Gonzalez: “Frontier and Settlement in the Kingdom of Castile 1085-1350” i Bartlett, R. and MacKay, A. (eds.): Medieval Frontier Societies. Oxford 1989: 49-74 (25 s)

López de Coca Castañer, José Enrique: “The Making of Isabel de Solis” i Collins R. and Goodman, A. 2002: 225-241 (16 s)

MacKay, Angus – Spain in the Middle Ages. From Frontier to Empire, 1000-1500. London and Basingstoke 1977: 1-94 (94 s)

Kjelder:

Constable, Olivia Remie (ed.): Medieval Iberia: Readings from Christian, Muslim and Jewish Sources. Philadelphia 1997, 96-99 (Abu Ishaq of Elvira, Quasida), 99-102 (Abraham ibn Daud, The Book of Tradition), 103- 107 (Abd Allah ibn Buluggin, Tibyan), 111-117 ( Song of the Cid ), 131-132 (Judah ha-Levi, From the Cairo Geniza), 143-147 ( Mozarabic Refutation of Islam), 267-275 Siete partidas (36 s)

 

Byutvikling i al-Andalus

Constable, Olivia Remie: Trade and Traders in Muslim Spain. The Commercial Realignment of the Iberian Peninsula 900-1500. Cambridge 1994: 1-239 (239 s)

Glick, Thomas F. Islamic and Christian Spain in the Early Middle Ages. Princeton, N. J. 1979: 110-134 (24 s)

Ruiz, Teofilo F.: “Trading with the ’Other’: Economic Exchanges between Muslims, Jews and Christians in Late Medieval Northern Castile” i Collins R. and Goodman, A. 2002: 63-78 (15 s)

Kjelder:

Constable, Olivia Remie (ed.): Medieval Iberia: Readings from Christian, Muslim and Jewish Sources. Philadelphia 1997: 123-125 ( Charter of Jaca (ca. 1077)), 125-126 ( Charter of Siurana), 152-155 (Petrus Alfonsi, Diciplina clericalis), 164-167 ( Statutes of Leon), 167-172 ( Statutes of Girona), 175-179 (Ibn Abdun, Hisba Manual). (24 s)

 

Kongedømet Granada (Nazrid-kongedømet) i seinmellomalderen (til 1492)

Dodds, Jerrilyn D.: “Mudejar Tradition and the Synagogues of Medieval Spain: Cultural Identity and Cultural Hegemony” i Dodds, J. D., Glick, T. F. and Mann, V. B. 1992: 113-131 (18 s)

Hitchcock, Richard: “The Conquest of Granada in Nineteenth-Century English and American Historiography” i Collins R. and Goodman, A. 2002: 242-261 (19 s)

López de Coca Castañer, José Enrique: “Institutions on the Castillian-Granadan Frontier 1369-1482 i Bartlett, R. and MacKay, A. (eds.) 1989: 127-150 (23 s)

MacKay, Angus: “Religion, Culture and Ideology on the late Medieval Castilian- Granadan Frontier” i Bartlett, R. and MacKay, A. (eds.) 1989: 217-243 (26 s)

Kjelder:

Constable, Olivia Remie (ed.): Medieval Iberia: Readings from Christian, Muslim and Jewish Sources. Philadelphia 1997: 232-236 (Ramon Muntaner, Chronicle), 343-344 (Hernando del Pulgar Crónicas de los reyos de Castilla), 344-350 Capitulations of Granada (1491), 350-351 Nubdhat al-`asr. (16 s)

Tilrådd startlitteratur:
Fletcher, Richard: Moorish Spain, London 2004 (175 s)

Glick, Thomas F.: Islamic and Christian Spain in the Early Middle Ages, Princeton, N.J. 1979: 3-316.
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-15
Emneansvarleg:
Brynjulv Gjerdåker 70075218 bg@hivolda.no/Harald Tafjord 70075074 haraldt@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 12.06.2009 15:06 av Grete Marry Brøste