Vest-Noreg og Nordsjøregionen, kulturelle kontrastar og kontaktar over Nordsjøen 1750-1940
Ingen.
Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng eller tilsvarande bakgrunn.
Fagemnet har tre tyngdepunkt.
I fokus for det første står avklaringar av eit knippe omgrep som alle er sentrale i emnet. Desse omgrepa er nytta med varierande innhald i ulike fagtekstar, som gjer presiseringar naudsynte.
I det andre tyngdepunktet er norske kystsamfunn i vest og sør mest i synsfeltet: På bakgrunn av variasjonar mellom bygdesamfunn i økonomi/næring og folkesetnad er det ein hovudambisjon å kasta lys over utvikling i politikk, ideologi, religion og kultur lokalt og regionalt.
Det tredje tyngdepunktet har feste i framveksten og utviklinga av internasjonale kontaktar og samkvem mellom nordmenn og grannar i ulike land omkring Nordsjøen. Stikkord her er ideologisk, kulturell og religiøs utveksling, frå opplysningstida til moderne tid.
-
Introduksjon: Regional kultur og endringsfaktorar
Kva skil vestnorsk kultur frå andre kulturar? Med dette utgangspunktet spør vi: Kva er ein ’ region’ og kva konstituerer t.d. sørnorske kystregionar i dei samanhengane vi er opptekne av? Kva byggjer identitetskjensle på lokalt og regionalt, og kva for rolle spelar det religiøse i identitetsdanninga? Kva skjønar me med ’ modernitet’ i denne emnesamanhengen?
-
- Innføring i forsking omkring regional/ lokal kultur
- Opplysningstankar i norsk kulturhistorie
- modernitet og sekularisering som nøkkelomgrep i norsk historie- og livsynsvitskap
-
Vestnorsk kultur - einskap eller mangfald
I dette tyngdepunktet står kultur og åtferdsmønster på Vestlandet og Agder mest i fokus. Målet er å få fram tydelege konturar i utviklinga av fjord- og kystkulturen i dette sørnorske området i ein periode med aukande opplysning. Ikkje minst held vi kystnorske tilhøve opp mot andre delar av landet i eit tid som er prega av dei kulturelle endringane som kom med overgangen frå nasjonal religiøs einskapskultur til religiøs fridom.
-
- skilnader i samværs – og samlivsmønster
- framveksten av folkeleg skriftkulturell kompetanse
- utvikling av politiske idear – framveksten av større samfunnsansvar blant allmugepersonar, vegen mot lokalt sjølvstyre
- Kyrkje og skule etter pietismen
-
Kulturmøte over Nordsjøen
I dette delemnet vil vi sjå på utgangspunktet for kulturmøte, handel og migrasjon mellom landa rundt Nordsjøen. Vidare vil vi studera i kva grad det var ein felles kulturell basis for påverknad. Vi vil undersøkja i kva grad kulturmøte stimulerte nytenking på viktige kulturelle område som folkestyre, kyrkjeordning og skule. Eit viktig mål er å finna ut om kulturmøtet stimulerte ein særeigen vest-norsk kultur og tenkemåte i møtet med moderne tid.
-
- Utgangspunkt for kulturmøtet: handelssamkvem og migrasjon
- Basis for kulturell utveksling: puritanisme, pietisme – og opplysning
- Resultat: endringar i politisk tenkemåte og det religiøse livet
- Utblikk: ein vestvendt kultur?
.
Introduksjon: Regional kultur og endringsfaktorar
Amundsen, Arne Bugge og Laugerud, Henning. 2001. Norsk fritenkerhistorie 1500-1850, Oslo 2001: 195-217; 277-321 (65 s)
Fivelstad, Egil. “Fra klosteret til fabrikken”, i Weber, Max: Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Oslo 1972: IX-XXIII
Gilje, Nils: ”Haugebevegelsen og sekulariseringens dialektikk” i: Christoffersen, S. og Wyller, T.: Arv og utfordring. Menneske og samfunn i den kristne moraltradisjonen, Oslo 1995: 215-229 (15 s)
Houston, R.A. Scottish Literacy and the Scottish Identity. Illiteracy and Society in Scotland and Northern England 1600-1800, Cambridge 1985: 1-19; 256-166
Klepp, Asbjørn. ”Hva er kystkultur?” i Løseth, A. og Sæther, P. (red.): Kystkultur. Særpreg og mangfald, Volda 1992: 7-16 (10 s)
Seland, Bjørg. ”Religiøse folkebevegelser I Norden fra midten av 1800-tallet” . Tidsskrift for kirke, religion og samfunn, 2/2004: 153-170 (18 s)
Smout, T.C. A Century of the Scottish People 1830-1950, London 1997: 133-208 (75 s)
Winge, Harald. “Regions and regional history in Norway” i Eliassen, F.-E., Mikkelsen, J. og Poulsen, B. (red.): Regional Integration in Early Modern Scandinavia, Odense 2001: 41-55 (15 s)
Aadnanes, Per Magne. Frå moderne vantru til ny religiøsitet - norsk livssynsdebatt gjennom hundre år, Oslo 1988: 17-77 (60 s)
Aadnanes, Per Magne. ”Fritenkjande bønder” i Døssland, A og Hjorthol, G. (red.): Lesande og skrivande bønder. Foredrag frå eit symposium, HVO 2005: 111-122 (11 s)
Sør- og Vestlandskysten
Bjørgo, Narve. 2006. ”Vestnorsk identitet i historisk perspektiv” i Knut Helle m.fl.: Vestlandets historie. Kultur. Bind. 3: 8–52 (44 s.). Bergen.
Christophersen, H. O.:”Sedelighetstilstanden på landet i Noreg” i Christophersen, H.O.: Eilert Sundt. En dikter i kjensgjerninger, Oslo 1979 (1962): 134-172 (38 s)
Døssland, Atle. 2003. ”Bønder, bøker og politikk. Samanheng mellom skriftkultur og politisk mobilisering i Noreg på 1800-talet” . Historisk tidsskrift 4/2003: 141-161 (20 s)
Døssland, Atle. 1976. ”Føresetnadene for eit kristeleg politisk parti i Hordaland 1933” . Syn og Segn 1: 48-55.
Døssland, Atle og Arnljot Løseth. 2006. ”Lokalmakt og sentralmakt, periferi og sentrum” i Knut Helle m.fl.: Vestlandets historie. Samfunn. Bind 2: 248–95 (48 s.). Bergen.
Fet, Jostein. Lesande bønder, Oslo 1995: 82-93 og 114-140 (39 s)
Høydal, Reidun: ”Vestlandslærarens kulturelle kapital. Kulturmønster og lærarrekruttering 1895-1920” i Skolen. Årbok for norsk utdanningshistorie, Oslo 1999: 40-78 (36 s)
Johansen, Karl Egil: ”Gudsfrykt med nøysemd”. Levestandard og livsstandard i Kyst-Noreg” i Løseth, A. og Sæther, P. (red.): Kystkultur. Særpreg og mangfald, Volda 1992: 51-62 (12 s)
Kolle, Nils og Haaland, Anders. ”Den sjøvende landsdelen” i Knut Helle m.fl.: Vestlandets historie. Natur og næring. Bind 1. Bergen 248–95 (48 s.)
Kolle, Nils. ”På leit etter det vestlandske”. Heimen 2/2007: 97–108.
Langhelle, Svein Ivar. 2006. ”Frå religiøst felleskap til personlege val” i Knut Helle m.fl.: Vestlandets historie. Kultur. Bind. 3: 106–46 (40 s.). Bergen.
Oftestad, Bernt. Den norske statsreligionen. Fra øvrighetskirke til demokratisk statskirke, Kristiansand 1998: 85-194 (110 s)
Rian, Øystein. ”Regionens rolle i historien” i Heimen 4/1997: 283-288 (6 s)
Slettan, Bjørn. ”1800-tallets folkelige religiøse bevegelser i Norge. Forsking på vekkelse og fromhetsliv; status og oppgaver”. Historisk tidsskrift 2/1995: 171-185 (14 s)
Øidne, Gabriel: ”Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet” i Aagedal, O. (red.) 1986: 40-58 (18 s)
Kulturmøte over Nordsjøen
Bjørklund, Jarle. ”Trade and Cultural Exchange in the 17th and 18th Centuries”, i Bang-Andersen, Greenhill and Grude (ed.): the North sea. A Highway of Economic and Cultural Exchange Character – History, Stavanger-Oslo-Bergen-Trondheim 1985: 151-165
Broadie, Alexander. The Scottish Enlightenment. The Historical age of the Historical Nation, Edinburgh 2001: 43-112 (69 s)
Bruland, Kristine. “Norsk industrialisering i europeisk perspektiv”. Historisk tidsskrift 1989, s 155-165
Gustavsson, Anders. ”Norskfödde kvinnor i bohusländska kustorter” i Skärgård 3/1986: 9-21 (12 s)
Holm, Poul. Kystfolk. Kontakter og sammenhænge over Kattegat og Skagerak ca. 1550-1914, Esbjerg 1991: 219-296 (77 s)
Johnsen, Berit Eide. ”Fiender og venner. Kontakt og påvirkning” i Johansen, B. E.: Han sad i prisonen . Sjøfolk i engelsk fangenskap 1807-1821, Oslo 1993: 52-77 (26 s.)
Johnsen, Arne Odd. ”Den britiske innflyttingen til Nordmør på 1700-tallet”. Heimen 1941: 299–324.
Løvlie, Birger. Vestavind. 1870-årenes debatt om kristenliv og kirkeordning under innflytelse fra Skottland, Trondheim 2002: 17-119 (102 s)
Meyer, Frank. ”’Asien begynder i Malmö.’ Habitus-forskjeller i Skandinavia i første halvdel av det 20. århundret”, i Bjørnson, Ø., Nysæter, E. og Uthaug, A. K. (red.): Til debatt. Innlegg ved Norske historikardagar 1996, Bergen 1998: 253-264, (12 s)
Newby, Andrew og Birger Løvlie. Artikler om forholdet mellom England/Skottland og Norge etter opplysningstida. Ca 100 s.
Niemi, Einar. ”Innvandrere og religiøse minoriteter – en farlig allianse?” i Niemi, Myhre og Kjeldstadli: Norsk innvandringshistorie. Bind 2. I nasjonalstatens tid 1814-1940. Oslo 2003: 79-105
Sogner, Sølvi. ”Norwegian-Dutch Migrant Relations in the Seventeenth Century”, in Louis Sicking et al. (ed.): Dutch Light in the ”Norwegian Night”. Maritime Relations and Migration across the North Sea in Early Modern Times. Hilversum 2004 (12 s)
Oftestad, Bernt: Den norske statsreligionen. Fra øvrighetskirke til demokratisk statskirke, Kristiansand 1998: 85-163 (78 s)
Løvlie, Birger: Vestavind. 1870-årenes debatt om kristenliv og kirkeordning under innflytelse fra Skottland, Trondheim 2002: 17-119 (102 s)