Studiehandbok 2009/2010

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
KUM301
Emnenamn:
Nasjon, kultur og religion
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen.

Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng eller tilsvarande bakgrunn.
Undervisningssemester:
Kvart haustsemester
Talet på semester:
Eitt semester
Eksamenssemester:
Kvart haustsemester
Læringsmål:

Dette emnet er eitt av to obligatoriske emne i masterstudiet Kulturmøte.

Emnet tek for seg spørsmål knytte til kulturelle særpreg og identitetar og til diskusjonen kring nasjonale særdrag i vestlege land i nyare tid. Tre faglege hovudperspektiv gjer seg gjeldande:

(1) eit (idé-)historisk, med fokus på framveksten av den europeiske nasjonalitetstanken (’nasjonalismen’) i nyare tid,

(2) eit (allmenn-)historisk for å kunna granska ulike sider av det norske nasjonsbyggingsprosjektet, og

(3) eit kultursosiologisk og –analytisk for å kunna diskutera tradisjonelle nasjonale, kulturelle og religiøse identitetsfaktorar i lys av globaliseringskreftene i dag.

Innhald:

Dei tre tyngdepunkta er

  • Nasjon, kulturell identitet og kulturelle grenser
    I dette delemnet skal spørsmål omkring grunnlaget for den moderne vestlege nasjonalstaten, ”nasjonalismen”, studerast frå ulike synsvinklar. I eit idéhistorisk perspektiv skal det leggjast særleg vekt på dei oppfatningane som gjorde seg gjeldande i den tyske romantikken, og på korleis desse har lagt grunnlaget for seinare oppfatningar om kulturell identitet og for nasjonalkjensle og nasjonalisme. Frå allmennhistorisk synsstad skal særleg kyrkjene og religionen si rolle i utvikling av nasjonalt og kulturelt særpreg studerast. Aktuelle spørsmål kring nasjonale kulturskilnader og det vestlege kulturfelleskapet skal tematiserast på ulik vis.
      • Kulturomgrep og kulturanalyse
      • Nasjonalismens idéhistoriske røter
      • Folk, kyrkje og land. Religion som nasjonal og etnisk identitetsfaktor i nyare tid
      • Europeiske nasjonalitetar og vestleg felleskultur
  • Nasjonsbyggingsprosjektet. Framveksten av ”det norske”
    I dette delemnet skal ulike sider av ”det norske” i etnisk-nasjonal meining studerast. Det skal arbeidast særleg med korleis nasjonalkjensla fekk både religiøse og kulturelle uttrykk. Samstundes skal forholdet mellom storsamfunn og minoritetar, mellom sentrum og periferi, og mellom rikskultur og motkulturar granskast. Ulike sider av den norske nasjonsbygginga skal studerast i eit komparativt perspektiv - i forhold til andre nordiske land, t.d. når det gjeld kristendommen og kyrkja si rolle, dei politiske venstrerørslene, norsk egalitet og arbeidarrørsla sin plass i dette biletet.
      • Folkeopplysning og rasjonalisme
      • Arven etter Strøm, Aarflot og Aasen; andre føresetnader for periferiens nasjonsbyggarar.
      • Institusjonsbygging: skular og folkerørsler· Norske identitetar. Majoritet, minoritet og motkulturar.
      • Demokrati, folkesuverenitet og Venstrepolitikk
      • Komparativt perspektiv på religiøse tradisjonar og nasjonsbygging i Norden
  • Det nasjonale, det fleirkulturelle og det globale
    I dette delemnet skal hovudvekta leggjast på nyare kulturteoretiske og -analytiske perspektiv, der spørsmål omkring det fleirkulturelle samfunnet, det religiøse og livssynsmessige mangfaldet og globaliseringstendensane skal diskuterast. Det skal særleg setjast eit fokus på moderne massemedia si rolle i samband med desse spørsmåla.
      • Migrasjon og kulturmøte. Integrasjon eller assimilasjon?
      • Religionsmøte i dag. Dialog, synkretisme eller fundamentalisme?
      • ”Den globale landsbyen”. Kulturell identitet og global mediakultur
Organisering og arbeidsmåtar:

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. På seminara vil du kunna få ansvar for å presentera oppgåveutkast, sentrale fagbøker og artiklar frå pensumlitteraturen som utgangspunkt for drøftingar mellom seminardeltakarane.

Det blir gjeve konsentrert undervisning i dette fagemnet i to veker om hausten - kvar veke med fire undervisningsdagar (tysdag-fredag) for båe dei obligatorisk emna (KUM301 og KUM302). I haustsemesteret 2008 er undervisninga lagd til vekene 36 og 40. Til den første av desse, dvs. introduksjonsveka, er frammøtet obligatorisk, til den andre er det frivillig.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

1. Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 20000 teikn utan mellomrom i Word.

2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.

3. Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word.

Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå punkt 1 over) skal bearbeidast til sluttoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under "Vurdering og eksamen". Sluttoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Vurdering og eksamen:

Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to element; sluttoppgåva og kommentarane til medstudentane (sjå under "Arbeidskrav" ovanfor) samt ei justerande munnleg prøve. Ved karakterfastsetting vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Tillate hjelpemiddel:
.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Ekstern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

1. Nasjon, kulturell identitet og kulturelle grenser:

Bø, Gudleiv: Det nasjonale og den europeiske kulturarv” i Lars M. Fosse (red): Gobelin Europa. Søkelys på europeisk kultur, Oslo 1995: 160–70 (10 s)

Eriksen, Thomas Hylland, og Torunn Arntsen Sørheim. Kulturforskjeller i praksis. Oslo: Gyldendal, 2004: del I: 21-77 (56 s)

Gellner, Ernest: Nasjonalisme (Oslo: Spartacus, 1998), 126 (s)

Redse, Arne. Kulturomgrep og kulturanalyse ((ikkje-publisert paper, 25 s)

Smith, Anthony D.: The Ethnic Origins of Nations, Cambridge 1994: 6–18, 129–173 (56 s)

Sørensen, Øystein: ”Kampen om Norges sjel” i Norsk idéhistorie bd. 3 1770–1905, Oslo 2001: 53–91, 161–225, 265–407 (344 s)

Thorkildsen, Dag: ”Nasjon, nasjonalisme og modernisering – noen sentrale posisjoner innenfor nasjonalismeforskningen” i Brohed, I. (red.): Kyrka och nationalism i Norden. Nationalism och skandinavism i de nordiska folkkyrkorna under 1800-talet, Lund 1998: 23-58 (36 s)

2. Nasjonsbyggingsprosjektet. Framveksten av ”det norske”

Apelseth, Arne: ”Prestar, poteter og patriotisme. Nøkkelord til norsk opplysning?” i Burgess, J. P. (red.): Den norske pastorale opplysningen. Nye perspektiver på norsk nasjonsbygging på 1800-tallet, Oslo 2003: 35-54 (20 s)

Aronsson, Peter: “Local Politics – The Invisible Political Culture” i Sørensen Ø. og Stråth, B. (red): The Cultural Construction of Norden, Oslo 1997: 172–205 (33 s)

Botvar, Pål Ketil. "Statskirkemodellen -- mellom sivilreligion og nasjonalisme," i Endring og tilhørighet: Statskirkespørsmål i perspektiv. Ulla Smidt (red.)Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2006.

Furseth, Inger: “Civil Religion in a Low Key: The Case of Norway” i Acta Sociologica 1994, 37: 39-54 (16 s)

Høydal, Reidun: ”Norskdomsrørslas akademikarar – ein del av venstrestatens danningselite” i Rudeng, Erik (red): Kunnskapsregimer. Debatten om De nasjonale strateger, Oslo 1999: 152–166 (14 s)

Løvlie, Birger: "Ein vestnorsk kultur?" i Kor mykje stort ... Matias Orheim, hans bidrag tl vestnorsk kultur og kristenliv. Trondheim 2007

Melle, Oddbjørn: ”Bourdieu og Volda. Motkultur” som ”symbolsk kapital”? Eller soga om høgskulen som fann si bygd” i Historisk Tidsskrift 2/1999: 174–212 (37 s)

Nerbøvik, Jostein: ”Nasjonalismen innanfor og til venstre for Venstre” i Sørensen, Ø.: Jakten på det norske, Oslo 1998: 321–38 (18 s)

Nilsson, Torbjörn: “Scandinavian Liberalism – Prophets instead of Profits” i Sørensen, Ø. og Stråth, B. (red) 1997: 206–30 (24 s)

Nordby, Trond: “State- and Nation-building” i Hubbard, W. H. et al.: Making a Historical Culture. Historiography in Norway, Oslo 1995: 181–209 (29 s)

Rian, Øystein. “Oppfatningen av Norge fra seinmiddelalderen til 1814,” i Storsveen, Odd Arvid m.fl. (red.): Norsk patriotisme før 1814. KULTs skriftserie nr. 88. Oslo: Norges forskningsråd 1997: 165–184 (19 s)

Slagstad, Rune: ”Norig, ein folkedaningsheim” i Nytt Norsk Tidsskrift 3-4/1996: 308–332 (19 s)

Thorkildsen, Dag. "Folkekirken -- hva er det?" i Farvel til statskirken?: En debattbok om kirke og stat. Didrik Søderlind (red.). Oslo: Humanist Forlag, 2005.

Thorkildsen, Dag: Nasjonalitet, identitet og moral. KULT’s skriftserie nr. 33, Norges forskingsråd, Oslo 1995 (113 s)

Vike, Halvard: ”Norsk kultur: Myte eller realitet” i T. Hylland Eriksen (red): Flerkulturell forståelse, Oslo 1997: 122–38 (16 s)

Witoszek, Nina: ”Den norske pastorale opplysning: Nytt blikk på det åndsforlatte landliv” i Burgess, P. (red.) 2003: 11-31 (20 s)

Østberg, Kai. “Frispråk eller ubehøvlethet? Den politiske dimensjon ved omgangstone og stil blant eliter i Norge og Sverige i 1814 og årene etterpå,” i Heimen, 44 (4): 325—342 (17 s)

Østergård, Uffe: “The Geopolitics of Nordic Identity – From Composite States to Nation States” i Sørensen, Ø. og Stråth, B. (red) 1997: 25–71 (45 s)

Aagedal, Olaf. "Den nasjonale dimensjonen i Den norske kyrkja: Utgreiing til Kyrkjerådets Stat/kyrkje-utval," vedlegg til Stat/kyrkje-utvalets delutgreiing Forankring og forandring -- Den norske kirke i det norske samfunn. September 2000.

3. Det nasjonale, det fleirkulturelle og det globale

Beck, Ulrich: What is Globalization? Cambridge 2000 (162 s)

Burke, Peter: “Western Historical Thinking in a Global Perspective – 10 Theses” i Rüsen, J. (red): Western Historical Thinking. An Intercultural Debate, New York 2002: 15–30 (15 s)

Leirvik, Oddbjørn. Religionsdialog på norsk. Oslo: Pax, 2001: 17-93 (76 s)

Redse, Arne. Kulturmøte og religionsdialog (ikkje-publisert paper, 10 s)

Sørensen, Øystein og Stråth, Bo: “Introduction: The Cultural Construction of Norden” i Sørensen, Ø. og Stråth, B. (red) 1997: 1–24 (24 s)

WCC. Guidelines on Dialogue with People of Living Faiths and Ideologies. 1979. (10 s)

Tilrådd startlitteratur:
Apelseth, Arne: ”Prestar, poteter og patriotisme. Nøkkelord til norsk opplysning?” i Burgess, J. P. (red.): Den norske pastorale opplysningen. Nye perspektiver på norsk nasjonsbygging på 1800-tallet, Oslo 2003: 35-54 (20 s)
Burke, Peter: “Western Historical Thinking in a Global Perspective – 10 Theses” i Rüsen, J. (red): Western Historical Thinking. An Intercultural Debate, New York 2002: 15–30 (15 s)
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Tal på plassar:
5-15
Emneansvarleg:
Arne Redse, 70075149, Arne.Redse@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 23.06.2009 09:45 av Grete Marry Brøste