Tema for undervisninga
• ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
• kommunikasjon i teori og praksis
• dilemma knytte til etikk, autoritet og makt
• kritisk tenking som danningsideal
• rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
• refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eigen rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald
Arbeids- og læringsformer
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet fokuserer også på bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og på kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage. Det er til saman to todagarssamlingar og ei tredagarssamling på høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesing, øvingar på rettleiing i grupper, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar.
Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.
Undervegsvurdering
Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
Alle samlingane og fire nettverksmøte er obligatoriske.
Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle på minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord. Eksamen bygger på fagtekstar som er innleverte gjennom semesteret.
Det vert synt til gjeldande eksamensreglement ved Høgskulen i Volda.
Eksamen vert vurdert etter ein karakterskala gradert frå A til F, der F er ikkje-stått.
Pensum inneheld om lag 1000 sider
.
NB! Studentar som tek 5 studiepoeng har eit pensum på rundt 350 sider. Denne litteraturen er markert med *.
Bøker
*Brekke, M. og Søndenå, K. (red.) 2009:
Veiledningskvalitet
, Oslo: Universitetsforlaget (ikkje kapittel 1) (177 s)
Haug, P. (red) (2010)
Kvalifisering til læraryrket
. Del V. Oslo. Abstract forlag. (35 s)
Kroksmark, T. og Åberg, K. (red.) 2007:
Veiledning i pedagogisk arbeid.
Bergen: Fagbokforlaget (kap 1, 4, 9, 10 og 14, 74 s).
Lauvås, P. og Handal G. (2000):
Veiledning og praktisk yrkesteori
. Oslo: Cappelen Akademiske forlag (kapittel 1 og 2, 34 s)
*Ohnstad, F. O (2010) Profesjonsetikk i skolen. Kap 1, 2 og 3. Oslo. Høyskoleforlaget. (74 s)
Opdahl, P.M. (2008):
Pedagogisk-filosofiske analyser
. Oslo: Fagbokforlaget (kap 2, 3 og 4, 49 s).
Pettersen, R. C. og Løkke, J. A. 2004:
Veiledning i praksis - grunnleggende ferdigheter
. Oslo: Universitetsforlaget. Del 1 (102 s).
Smith, K. og Ulvik, M. (red) (2010):
Veiledning av nye lærere.
Oslo: Universitetsforlaget (ikkje kap 4, , 7, 8 og 10) (106 s)
* Søndenå, K. (2004):
Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga
. Oslo: Abstrakt forlag. (139 s).
Artiklar
(om lag 170 sider)
Bjerkholt, E., Eik, L.T. og Ødegård, E. (2008):
Kompetansebygging i heterogene veiledningsgrupper.
I Hoel, T. L., Hanssen, B., Jakhelln, R. og Østrem, S. (red.):
Det store spranget. Ny som lærer i skole og barnehage.
Trondheim: Tapir Akademiske Forlag
Helle, L. (2006):
Rom for handling,
Oslo: Universitetsforlaget 3. utgave. Kap. 6. Ufred i den fortapte verden – om veiledning mellom kolleger
Karlsen, T.J. (2007): Opplevelsen av å bli sett i veiledning. I
Når starten er god.
En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet
Larsen, A.-S. (2007):
Hvem er jeg oppi dette?
I
Når starten er god
. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet. Artikkelen finn du på: http://skolenettet.no/kompetanseutvikling
Mathisen, K. (2007): Nyutdannede lærere som en ressurs i skolen? I Utdanningsdirektoratet:
Når starten er god.
En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet. Artikkelen finn du på: http://skolenettet.no/kompetanseutvikling
Skagen, K. (2000): Modellæring og veiledning
.
I Skagen K.(red.):
Kunnskap og handling i pedagogisk veiledning.
Bergen: Fagbokforlaget
Steinnes, G. S. (2010): Frå utdanning til yrke. Førskulelæraren som profesjonell aktør? I Hoel, T. L., Engvik, G. og Hanssen, B. (red):
Ny som lærer – sjansespill og samspill.
Trondheim: Tapir Akademiske Forlag (16 s).
Søndenå, K. og Sundli, L. (2004): Veiledning i praksisfeltet. Rom for refleksjon og didaktisk nytenkning – eller bare kloning og speiling? I Brekke, M. (2004):
Norsk lærerutdanningsdidaktikk i endring: læring, undervisning og danning i lys av ny forskning.
Kristiansand: Høyskoleforlaget
Ulvik, M., Smith, K. & Helleve, I. (2009). Novice in Secondary School. The coin has two sides. I:
Teacher and Teacher Education,
Volume 25, Issue 6. (8 s.)
Watzke, J.L. (2007), Longitudinal research on beginning teacher development: complexity as a challenge to cincerns-based stage theory. I:
Teaching and Teacher Education,
23, 106-122.
Artikkelsamling: Når starten er god. En artikkelsamling om veildning av nyutdannene lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet (sjå pensumliste for kva artiklar som er relevante)
På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført skriftleg og munnleg evaluering både midtvegs og ved slutten av studiet. Det skal vere ekstern sensur av eksamenssvara. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Bente Vatne, tlf. 70075356, bente.vatne@hivolda.no