Emnekode:
REP201
Emnenamn:
Reportasjearbeid i framand kultur.
Engelsk emnenamn:
Reportage in a foreign culture
Nivå:
200
Studiepoeng (ECTS):
30,00
Ope / lukka emne:
Lukka
Forkrav:
Minst 60 sp tatt ved ei av medieutdanningane ved ved Høgskulen iVolda. Inkludert her skal vere JOU101 (15 sp) og MEV112 (15 sp). (MEV101 kan erstatte MEV112).
Studiet inngår normalt som del av eit bachelorstudium i mediefag ved Høgskulen i Volda.
Søkjaren skal skrive ein motivasjonssøknad på engelsk (omfang 300-400 ord) i tillegg til å møte til eit intervju med opptakskomiteen. Intervjuet vil vere på engelsk.
Undervisningssemester:
Haust
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust
Læringsmål:
Målet med studiet er å gi trening i å arbeide journalistisk i ein framand kultur og i å lage reportasjar. Gjennom opphaldet i utlandet skal studentane få auka forståinga for andre kulturar og på den måten få andre faglege perspektiv.
Innhald:
Emna er kulturkunnskap, historie, politikk, samfunnsliv og mediesystem i eit utvald land. I tillegg blir det forelesingar om reportasjearbeid og korleis arbeide journalistisk i ein framand kultur. Ved ein samarbeidande institusjon i det aktuelle landet vil studentane få undervisning om det nasjonale mediesystemet og andre aktuelle samfunnsfaglege emne.
Det er også ei viktig målsetjing å etablere direkte kontakt med studentar ved den samarbeidande institusjonen for å få tips og hjelp i arbeidet med eksamensreportasjen. Denne kontakten bør helst etablerast før avreise frå Volda.
Undervisninga skal totalt sett gi ei brei innføring i viktige sider ved kulturen, historia, massemedia og dagleglivet i det aktuelle landet.
Organisering og arbeidsmåtar:
Studiet blir arrangert i samarbeid med Mangalore University og/eller Manipal University i India.
Første del av semesteret får studentane undervisning ved HVO.
Studiet er delt inn i tre bolkar:
- Ca sju veker innføring ved Høgskulen i Volda.
- Ca sju veker i India. Avreise ca 1. oktober, retur ca 20. november. I første del av opphaldet i India vil det vere felles program for heile gruppa, inkludert eit opphald på eitt eller fleire universitet. Dei siste vekene vil studentane kunne legge opp eiga reiserute og gjere eigne avtalar, t.d. i samband med arbeidet med eksamensreportasjen.
- Ca tre veker etterarbeid ved Høgskulen i Volda.
Undervisninga i Volda er forelesingar, seminar, gruppearbeid, studentpresentasjonar og oppgåveskriving.
Undervisninga i India er i hovudsak forelesingar og seminar.
Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):
To skriftlege oppgåver med utgangspunkt i emne frå pensum. Oppgåvene skal skrivast på engelsk og kvar av dei skal ha eit omfang på ca 2000 ord. Innhaldet i oppgåvene skal også presenterast munnleg i plenum. Denne presentasjonen kan vere på norsk. Arbeidskrava skal vere gjennomførte og godkjende av faglærar før avreise. Vurderingsform: Godkjent/ikkje godkjent.
Nærare retningslinjer for oppgåvene og fristar for innlevering blir gitt ved semesterstart.
Vurdering og eksamen:
Grunnlaget for endeleg vurdering i emnet REP201 er todelt:
- Medieprodukt (reportasje for avis, radio, fjernsyn eller nett) med metoderapport
- Munnleg eksamen.
Reportasjen skal ha emne frå det aktuelle landet og han skal ha eit omfang tilsvarande to avissider i tabloidstorleik. Temaet for reportasjen skal godkjennast av faglærar før avreise frå Norge. Temaet kan evt. endrast undervegs, men det skal i så fall godkjennast av faglærar. Til denne reportasjen skal det vere eit valfritt pensum.
Metoderapporten skal ha eit omfang på ca 3000 ord.
Det blir gitt ein karakter på medieproduktet og metoderapporten. Denne kan bli justert etter den munnlege prøva. Temaet for samtalen her vil vere både reportasjen/metoderapporten og teoripensum. Endeleg karakter blir sett etter den munnlege prøva.
Karakterskala
Karakterskalaen går frå A til F der E er siste ståkarakter.
Sensorordning
Medieproduktet og metoderapporten vil til vanleg bli vurdert av ekstern sensor. Han/ho vil også vere med på den munnlege prøva.
Karakterskala:
A - F
Sensorordning:
Intern sensur
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):
Samla omfang: Totalt ca 2000 sider teori (1750 sider felles + 250 sider valfritt)
Skjønnlitteratur, filmar og tv-reportasjar kjem i tillegg
Fellespensum
- Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen (2004): Å se verden fra et annet sted. Medier, norskhet og fremmedhet. Oslo: Cappelen (320 sider)
- Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen (2008): Verden skapes hjemmefra. Pressedekningen av den ikke-vestlige verden 1902-2002. Oslo: Unipub (300 sider)
- Torbjørn Færøvik (1999): INDIA Stevnemøte med skjebnen. Oslo: J. W. Cappelens Forlag (420 sider)
- John Farndon (2007): India booms.Virgin Books (210 sider)
- B.D. Metcalf og T.R. Metcalf (2002): A Concise History of India. Oxford University Press (295 sider)
- K. M. Sen (2005): Hinduism. Penguin Religion and Mythology (150 sider)
- Kompendium: Reportasjearbeid i framand kultur Volda 2009 (ca 100 sider)
- Bakgrunn og praktisk informasjon (frå innleiinga i Lonely Planet)
- Nasjonen India (R. Guha + T. Narayan + Bromark + Bjørkdahl/Witoszek)
- Miljø (Ellingsen )
- Religion (div artiklar)
- Media i India (div artiklar)
-
Film og litteratur: Om pensumtekstane Devdas + Slumdog + White Tiger
Radiofront NRK, 14.6.2009
SKJØNNLITTERTUR, FILMAR OG TV-PROGRAM
Skjønnlitteratur
-
Aravind Adiga (2008): The White Tiger. London: Atlantic Books (320 sider).
(Norsk utgåve: Hvit tiger (2009). Oslo: Cappelen Damm (265 sider))
- Khushwant Sing (1967): A Bride for the Sahib, and other stories. Orient (160 sider)
Filmar:
- Lous Malles India. En filmreise (BBC 1969)
- Gandhi (Br-indisk 1982)
- Devdas (India 2002)
- Black Friday (India 2004)
- Slumdog Millionaire (Br-indisk 2008)
TV-program:
- India i dag (BBC 2007) (55’ x 4)
- I Gandhis fotspor (I BBC-serien Why Domocracy?) (50’)
- Bullshit (Svensk, om landbrukspolitikk og patentar) (60’)
- Mat i faresonen. India (BBC, om levevilkår for dalitar i Nord-India) (25’)
SUPPLERANDE LESNAD
- Paal Brekke (1962): En munnfull av Ganges. (Reiseskildring)
- V. S. Naipaul (1979): An Area of Darkness. (Reiseskildring)
- Larry Collins, Dominique Lapierre (1978): Freedom at midnight. (Historie/kultur)
- Mark Tully (2007): India’s Unending Journey (Kultur/religion)
- Resten av Lonely Planet eller tilsvarande reisehandbøker
- Nettsstader:
Tilrådd startlitteratur:
Sjå pensumliste
Evaluering og kvalitetssikring:
Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Tal på plassar:
8 - 20
Emneansvarleg:
Torgeir Dimmen, e-post td@hivolda.no