Studieplanar 2009/2010

Engelsk namn

Introduction to Genealogy
Slektsgransking

Studietype/nivå

Vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

15

Studielengd

1 eller 2

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Læringsmål

Slektsgransking er ein deldisiplin i historiefaget og studenten skal tileigne seg forståing for fagområdet, korleis ein behandlar relevante kjelder og dei mest sentrale arbeidsmetodane. Problemløysing og dokumentasjon av relevant informasjon i høve problemet står sentralt. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig granskingsprosjekt med avsluttande skriftleg framstilling.

Innhald

Studiet består av to emne på 7,5 studiepoeng kvar, SLG101 og SLG102. Det første, SLG101, er ei innføring i fagområdet, medan det andre, SLG102, er noko meir vidaregåande. Studentar med ein del erfaring frå før kan gå direkte inn på SLG102, men det er da ein føresetnad at ein har kunnskapar tilsvarande SLG101.

SLG101 blir gjennomført kvart haustsemester og SLG102 kvart vårsemester, dersom det melder seg nok søkjarar.

Kva studiet kvalifiserer for

Studiet gir grunnleggjande kjennskap til dei mest sentrale historiske personkjeldene, kvar dei finst, korleis ein behandlar dei og løyser problem ein støyter på i praktisk arbeid med slektsgransking på ein historiefagleg forsvarleg måte.

Praksis

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Arnfinn Kjelland, 70075106, ak@hivolda.no

Emnetabellar


Sist endra 26.02.2009 13:01