Generell studiekompetanse
15. april
Fagansvarleg Svein Arnesen
Massemedia har ei sentral rolle i dagens samfunn. Mediekunnskap årsstudium gir deg både brei innføring i tradisjonelle og nye medium, i tillegg til kompetanse for arbeid i mediebedrifter og i bedrifter som arbeider med formidling. Studiet gir grunnleggjande innsikt i eit breitt mediefelt og ei kort innføring i foto, lyd, film, web, design og journalistikk. Det har ei praktisk-teoretisk tilnærming der du vekslar mellom teoretiske førelesingar og praktiske øvingar. Du skal gjennom studiet utvikle både praktiske ferdigheiter og analytiske kunnskapar som er etterspurde i dagens mediefelt og i undervisningssektoren.
Studiet er sett saman av fire emne à 15 studiepoeng fordelt på eitt studieår:
- Medievitskap (obligatorisk)
- Innføring i medieproduksjon (obligatorisk)
- Praktisk medieproduksjon (obligatorisk)
- Mediekompetanse og didaktikk (valfritt)
- Medievitskap 2 (valfritt).
Programmet er eit heiltidsstudium med mykje arbeid i grupper. I vårsemesteret kan studentane velje praksis anten i grunnskule eller i bransje. Den totale praksisen vil ikkje overskride tre veker.
Studiet er ikkje retta spesielt mot ein bestemt profesjon. Det er meint å gi ei brei innføring i fagfeltet som eit grunnlag for vidare spesialisering eller som vidareutdanning for lærarar. Studiet kan innpassast i bachelorgraden i Media, IKT og design, og i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.