JOUARB1R Journalistisk arbeidsteknikk 1 (spesialisering radio)

Emnekode:
JOUARB1R
Emnenamn:
Journalistisk arbeidsteknikk 1 (spesialisering radio)
Studiepoeng (ECTS):
5,00
Ope / lukka emne:
Lukka
Forkrav:
Ingen særskilde
Læringsmål:

Føremålet med kursa er å lære bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk undersøking og formidling. Studiet er lagt opp med kombinasjon av teori og praksis med forelesingar, praktiske døme, oppgåver og øvingar innanfor dei ulike emna og knytt til spesialiseringane. Studentane skal mellom anna gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. I studiet går ein frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir sjølvstendig og personleg journalistikk. Studentar som ikkje har grunnleggjande kunnskapar om bruk av datamaskinar, må skaffe seg dette.

Organisering og arbeidsmåtar:

Gruppeundervisning for avis:
Innføring i bruk av teknisk utstyr til produksjon av internavis, intervjuteknikk.
Gruppeundervisning for radio:
Innføring i bruk av teknisk utstyr til produksjon og avvikling av radiosendingar, intervjuteknikk og munnleg framføring.
Gruppeundervisning for fjernsyn:
Innføring i bruk av teknisk utstyr til produksjon og avvikling av fjernsynssendingar, intervjuteknikk og munnleg framføring.

Vurdering og eksamen:

Munnleg eksamen (karakteren er stått/ikkje stått).

Evaluering og kvalitetssikring:

Pensum:
(haust-03)
Avis:
Nilsson, Stig (2003): Avis frå a til å, Det NorskeSamlaget.
Nilsson, Stig (2003): Layout i avis, Høgskulen i Volda.
Sogstad, Knut (1996): Lay-out, IJ-Forlaget, Fredrikstad.
Radio:
Liestøl, Sverre(2000): Innføring i lydteknikk, Høgskulen i Volda.
Røe, Knut (1990): Intervjuet i radio og fjernsyn, Oslo.
Fjernsyn:
Røe, Knut (1990): Intervjuet i radio og fjernsyn, Vett&Viten, Oslo.
Rønnestad, Eivind (1997): Fjernsynsproduksjon. Ein-kamerateknikk i nyheitsarbeid,
Høgskulen i Volda.
Rønnestad, Eivind (2001): Nyheitsproduksjon for fjernsyn, Høgskulen i Volda.
Schroeppel, Tom (1982): The Bare Bones Camera Course for Film and Video, Miami.