Bachelorstudy History, Culture and Society
Historie, kultur og samfunn
Bachelorgradsstudium
180 studiepoeng
6
Generell studiekompetanse
Liner i programmet
Programmet i historie, kultur og samfunn er delt i fire liner, som syner ulike faglege fordjupingar:
1.Lokalhistorie og kulturvernarbeid
2.Globale og regionale kontrastar og mangfald
3.Medie- og kulturhistorie
4.Undervisningsretta studieløp
Særskilte mål, line 1. Lokalhistorie og kulturvernarbeid
Studentane skal gjennom denne lina tileigne seg detaljerte kunnskapar om lokalhistorie- og kulturvernfeltet slik det blir drive i Noreg i dag og slik det har vakse fram dei siste hundre åra, med vekt på formidling. Dei skal òg ha visse oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt. Dei skal gjennomføre praksisarbeid ved ein eller fleire relevante kulturverninstitusjonar, og vere i stand til å planlegge og gjennomføre mindre lokalhistoriske og/eller kulturvernrelaterte granskings- og formidlingsprosjekt.
Særskilte mål, line 2. Globale og regionale kontrastar og mangfald
Dette linestudiet gjev innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid frå då Europa og vesten vart dominerande drivkraft i verda. Gjennom samanliknande nærstudie av Norskekysten i førindustriell tid kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. Studentane får såleis auka forståing for ulike samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar verda over, men også innanfor dei snevrare nasjons- og statsgrensene.
Særskilte mål, line 3. Medie- og kulturhistorie
Studentane skal gjennom dette linestudiet få oversyn over utviklinga av den moderne medieverda frå renessansen til vår eigen tid, men med hovedvekta på perioden 1800-2000. Det blir lagt vekt på å syne korleis den moderne pressa voks fram som ein integrert del av nasjonsbygginga og framvoksteren av eit demokratisk og sivilt samfunn, inkl. korleis utbreiinga av radio og TV vart ein avgjerande del av det moderne massedemokratiet. Gjennom arbeid med lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar og samverknader skal studentane bli i stand til å forstå dei historiske føresetnadane for dagens moderne mediesamfunn og medias rolle i samfunnet meir generelt.
Særskilte mål, line 4. Undervisningretta studieløp
Gjennom val av støtteemne på 60 studiepoeng i eitt anna skulefag som passar inn under deltittelen «kultur og samfunn», kan studentar med praktisk-pedagogisk utdanning oppnå undervisningskompetanse på ungdomssteget i grunnskulen og i vidaregåande skule.
Bachelorstudiet i historie, kultur og samfunn har ordinært opptak i haustsemesteret, men det vil vere høve til å starte direkte på emne som blir undervist i vårsemesteret for evt. å fullføre første 60-studiepoengsdel av studiet påfølgjande haustsemester. Ein vil då m.a. ikkje få med seg tilbod om skrivekurs før oppstart av fagemna.
Programmet består av 15 studiepoeng ex. fac. ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), 90 studiepoeng historiefaglege emne fordelt på 45 studiepoeng teoriemne på 100-nivå, 30 studiepoeng teoriemne på 200-nivå og 15 studiepoeng sjølvstendig arbeid (bacheloroppgåve) på 200-nivå. Vidare skal studenten på line 1-3 sette saman minimum 30 studiepoeng med støtteemne i relaterte fagområde, medan dei siste 45 studiepoenga i programmet er frie. For undervisningsretta studieløp er det krav til 60 studiepoeng støtteemne frå eitt anna skulefag enn historie og samfunnsfag.
Alle teoriemna i historie er tilrettelagt for nettstudier både i haust- og vårsemesteret. Sidan teoriemna har obligatorisk frammøte i dei semestra dei går med forelesning, er det fleire arbeidskrav for nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte, sjå "Arbeidskrav".
Modell for tilrådd studieløp
I første studieår i programmet bør studentane ved alle linene i bachelorstudiet ta Ex. fac., HI101: Eldre oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie til ca 1600, HI102: Nyare oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1600-ca 1870 og HI103: Moderne oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1870-d.d.
Andre og tredje studieår har studenten større fridom til sjølv å setje saman emne og framdriftsplan. Vi rår likevel til følgjande progresjon:
3. semester: 30 studiepoeng støtteemne eller utanlandsopphald
4. semester: 30 studiepoeng fordjupingsemne i historie eller utanlandsopphald
5. semester: 30 studiepoeng frie emne
6. semester: 15 studiepoeng frie emne og 15 studiepoeng sjølvstendig historiefagleg arbeid (bacheloroppgåve) på 200-nivå
Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:
For alle liner: Ex. fac., HI101, HI102 og HI103.
Line 1. Lokalhistorie og kulturvernarbeid: HI204 Lokalhistorie teoripensum og HI107 Lokalhistorie og kulturvernarbeid - praksisemne.
Line 2. Globale og regionale kontrastar og mangfald: HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden og HI202 Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar?
Line 3. Medie- og kulturhistorie: HI206 Mediehistorie.
Line 4. Undervisningsretta studieløp: Ingen.
For alle liner: Bacheloroppgåva (HI210) skal vere knytt til eitt av fordjupningsemna studenten har valt på 200-nivå.
Støtteemne som kan/må inngå i bachelorstudiet:
Generelt for alle linene:
a) Alle historiefaglege 200-emne ved HVO som ikkje er tekne innafor fordjupingsdelen på 90 studiepoeng samt HI110 Oppgåveemne.
b) Austral-Asian Cultural Studies (HVO, 30 studiepoeng, der semesteroppgåva òg kan takast som bacheloroppgåve, då på 200-nivå) ved AHL/HVO.
c) Eitt eller to av emna: Sosiologi, Statsvitskap og organisasjonsteori og/eller Samfunnsgeografi (alle på 15 studiepoeng) ved ASH/HVO.
d) Det kan søkjast om innpassing for andre emne frå HVO, evt frå andre innan- eller utanlandske lærestader.
Line 1. Lokalhistorie og kulturvernarbeid:
a) Matkultur og konservering (15 + 15 studiepoeng) ved AHL/HVO.
b) To av emna Forvaltingsarbeid, Offentleg rett 1 og Offentleg rett 2 (15 + 15 studiepoeng) ved ASH/HVO.
c) KUVI101 - Kvalitativ metode og kulturteori og KUVI102 - Innføring i kulturstudier (modular av kulturvitskap grunnfag, 15 + 15 studiepoeng), ved Universitetet i Bergen.
d) 30 studiepoeng utvalde emne frå Universitetet i Oslo: Arkivteori (ARKIV1010, 10 studiepoeng), Arkivorganisering og arkivrutiner (ARKIV1020, 10 studiepoeng), Arkivdanning og arkivvern (ARKIV2050, 10 studiepoeng), Kulturarvstudier (KULTARV2000, 10 studiepoeng), Kulturminnevernets historie (ENO2010, 10 studiepoeng), Individ og kollektiv (ETNO 1030, 10 studiepoeng), Museumskunnskap (MUSKUN2000, 20 studiepoeng), Innføring i arkeologi (ARK1000, 10 studiepoeng), Jernalder- og middelalderarkeologi i Nord-Europa med vekt på Norden (ARK1030, 10 studiepoeng), Innføring i namnegransking (NAVN1100, 10 studiepoeng), Namn i historisk perspektiv (NAVN1160, 10 studiepoeng), Bruk, vern og forvaltning av namn (NAVN1161, 10 studiepoeng) e.a.
Line 2. Globale og regionale kontrastar og mangfald:
a) Emna Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 1 i kombinasjon med Møte mellom kulturar og religionar (15 + 15 studiepoeng), AHL/HVO.
b) 30 studiepoeng vald mellom ei lang rad emne frå Afrika-, Midt-Austen-, Asia-, U-lands- o.l. studiar/program ved universitet og høgskular i Noreg, etter særskilt søknad.
Line 3. Mediehistorie:
a) NO102 Språket som kultur og NO104 Tekst og kultur (15 + 15 studiepoeng) ved AHL/HVO.
b) Medievitskap 1 og Medievitskap 2 (15 + 15 studiepoeng) ved AMF/HVO.
Line 4. Undervisningretta studieløp:
a) 60 studiepoeng (årsstudium, grunnfag) frå eit anna skulefag enn historie (samfunnsfag), som ved HVO kan vere: nordisk, tysk, engelsk, kristendomskunnskap/KRL, mediekunnskap, IKT, kunst og handverk eller musikk, m.m.
b) Tilsvarande årsstudium frå andre universitet eller høgskular.
Krav til rekkjefølgje og spesialisering
Line 1 Lokalhistorie og kulturvernarbeid:
HI204 Lokalhistorie teoripensum må takast før HI107 Lokalhistorie og kulturvernarbeid - praksisemne.
Line 2 Globale og regionale kontrastar og mangfald: Ingen.
Line 3 Medie- og kulturhistorie: Ingen.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
Bachelor i historie, kultur og samfunn kvalifiserer til opptak på masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, alle masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.
Avhengig av kva støtte- og frie emne studenten vel, kan bachelor i historie, kultur og samfunn frå HVO - saman med praktisk pedagogisk utdanning - mellom anna kvalifisere for undervisning i skuleverket og ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie, kultur og samfunn.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no
HISBV
|
Tabellen syner om emna går i haust og/eller vårsemester. Det blir normalt tilbod om forelesing og seminar, men i enkelte tilfelle kan det tilbydast som reint nettstudium.
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
|
|
Grunnemna HI101, HI102 har tilbod med forelesning og seminar kvart haustsemester, HI103 kvar vår. Hausten 2010 går fordjupniingsemne HI207 (kan velgast i line 4) med forelesning og seminar samt som nettstudium, HI202 som nettstudium. Våren 2011 går HI201 og HI206 med forelesing og som nettstudium, medan HI204 går berre som nettstudium. Les i studieplanen for informasjon om val av støtteemne i dei ulike studieløpa. Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg. |