HI205 Lokalhistorie, semesteroppgåve |
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur og så skrive ut ei oppgåve innafor eit lokalhistorisk tema. Gjennomføringa av emnet skal gje studenten «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).
Semesteroppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Det er høve til å leggje fram oppgåva som vev-presentasjon (på «world wide web») etter nærare avtale med rettleiar.
Innafor dette emnet skal studenten sjølv legge fram forslag til tema og problemstilling for instituttet, som godkjenner desse elementa og nemner opp rettleiar. Arbeidet skal til ein viss grad byggje på primærkjelder. Til semesteroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider i samsvar med den studievarianten ein vel å gå opp i.
Dersom det melder seg nok studentar, vil det bli arrangert oppgåveseminar.
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
1. Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal bygge på skal framsendast rettleiar.
2. Hovuddelen/-delane i oppgåva skal framsendast rettleiar.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Den sluttførte semesteroppgåva skal ha eit omfang av 45.000-65.000 teikn med mellomrom i Word, tilsvarnde om lag 20–30 maskinskrivne A4-sider, linjeavstand 1,5 i Times New Roman.
Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av ei vurdering av den ferdige semesteroppgåva. Einskildkandidatar kan bli kalla inn til justerande munnleg prøve, der det blir teke utgangspunkt i den ferdige oppgåva og det sjølvvalde pensumet.
Det vert gjeve bokstavkarakter. Skalaen går frå A-F der E er siste ståkarakter.
300 sider sjølvvald.
Innhald i og gjennomføring av emnet blir evaluert av fagutvalet ved instituttet. Studentevalueringa i Classfronter er og ein del av kvalitetssikringa. Det blir lagt opp til meir omfattande spørreskjemaevaluering mellom deltakande studentar minst kvart tredje år.