Studiehandbok 2010/2011

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
IPA304
Emnenamn:
Leiing og personalutvikling
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Haust
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust
Læringsmål:

I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.

Læringsutbytte:

Studentane skal gjennom studiet utvikle:

  • Heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
  • Kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
  • Praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling
  • Evne til sjølvstendig refleksjon og læring
Innhald:

Samling 1: Strategisk leiing

Samlinga skal gi kandidatane grundig kunnskap om og forståing av dei mest sentrale perspektiva innan fagområdet strategisk leiing. Kandidatane skal aktivt stimulerast til å utvikle sine ferdigheiter i å handtere strategiske endringsprosessar gjennom problembasert trening i strategisk analyse, strategiformulering og strategiimplementering.

  • Modernisering av offentlig sektor og strategiske utfordringar som privatisering og konkurranseeksponering
  • Institusjonell og strategisk leiing - strategiomgrepet og strategimodellar
  • Strategisk analyse og syntese- interessentanalyse og strategiformulering
  • Strategiske endringsprosessar - organisasjonsendring
  • Strategiimplementering - innovasjon, reengineering og outsourcing
  • Strategisk posisjonering, profilering og kommunikasjon

Samling 2: Iverksetjing og styring

På denne samlinga vil ein skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål som stiller store og ulike krav til god styring.

  • Effektivitet
  • Implementering
  • Diagnostiske styringssystem
  • Mål- og resultatstyring
  • Balansert målstyring
  • Benchmarking
  • Kvalitetsstyring

Samling 3: Personalutvikling

Samlinga skal gi kandidatane innsikt i og erfaring med sentrale funksjonar innafor det som har med leiing og personalutvikling å gjere.

  • Leiarskap og sosiale relasjonar
  • Teambygging og teamintervensjon
  • Coaching og mentoring
  • Superleiing og sjølvleiing
  • Konflikthandtering
  • Medarbeidarsamtalen

Fordeling av tema på dei tre samlingane er for tida under revidering. Endeleg plan vil vere klart i god tid før semesterstart.

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, med mandag som studiedag og organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag.

  • Samling 1: Veke 35
  • Samling 2: Veke 41
  • Samling 3: Veke 44

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering.

Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning eller som valfritt emne i Master i samfunnsplanlegging og leiing. Emnet utgjer saman med emna Offentleg organisering og leiing og Leiing i helse- og sosialtenesta eller Skuleleiing, ei eittårig leiarutdanning som kan innpassast fullt ut i Master i samfunnsplanlegging og leiing.

Studiet kan også takast desentralisert ved din lokale studiestad gjennom Studiesenteret.no .

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Ingen

Vurdering og eksamen:

Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av to eksamensdelar, ei heimeoppgåve og ein heimeeksamen. Kvar av delane tel 50% når samla karkter i emnet blir sett. Fronter blir brukt til utlevering av oppgåvene og til innlevering for kommentar. Begge oppgåvene skal innleverast på skulen sitt sørvistorg eller sendat som post.

1. Fagartikkel med rettleiing (heimeoppgåve): Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Den skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med eit omfang på ca. 12 sider (ca 5000 ord), og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.

2. Fagartikkel utan rettleiing (heimeeksamen): Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 2 døgn før levering. Denne skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Den skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med eit omfang ca. 12 sider (ca 5000 ord).

Tillate hjelpemiddel:
Alle
Karakterskala:
Skalaen går frå A til F der A er best, og E er lavaste ståkarakter.
Sensorordning:
Ekstern
Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Ved val av pensum legg vi til grunn at studentane har grunnleggande kunnskap om offentleg sektor, organisasjonar og om leiing. For dei som ikkje har denne kunnskapen, anbefaler vi desse innføringsbøkene som dekker det stoffet som vi reknar med er kjent:
- Fimreite, A.L. og Grindheim J.E. : (siste utgåve): Offentleg forvaltning. Oslo: Universitetsforlaget.
- Jacobsen, D.I. og Thorsvik, J. (siste utgåve): Hvordan organisasjoner fungerer. Bergen: Fagbokforlaget
- Berg, M.E. (siste utgåve): Ledelse. Verktøy og verkemiddel. Oslo: Universitetsforlaget.

Emnet har eit pensum på om lag 1500 sider. Pensumet er samansett av fem bøker der storparten er pensum, og av utvalde artiklar og kapittel som inngår i ei kopisamling.

Pensum samling 1

Busch, Tor m.fl. (2005): Modernisering av offentlig sektor , Universitetsforlaget. Kapittel 1-6, 9, 13 og 16 -18.

Busch Tor m.fl. (2007): Endringsledelse i et strategisk perspektiv . Universitetsforlaget.

Johnsen, Åge (2005). Økonomisk organisasjonsteori og ny offentlig styring, i Erik Døving og Åge Johnsen (red.), Organisasjonsteori på norsk . Fagbokforlaget. Side 263–286.

Pensum samling 2

Busch, Tor mfl 2005: Modernisering av offentlig sektor , 2. utg, Universitetsforlaget, kap 12 og 15.

Kopisamling, 7. utg 2010: Artiklar og kapittel frå bøker (Vil bli til sals frå Hustrykkeriet, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda), med

  • Winter, Søren 1998: Implementering og effektivitet , Systime, kap 6.
  • Sørensen, Rune J., Lars-Erik Borge og Terje P. Hagen 1999: Effektivitet i offentlig tjenesteyting , Fagbokforlaget, kap 2.
  • Winter, Søren og Vibeke Lehmann Nielsen 2008: Implementering af politik, Academica, kap 1
  • Matland, Richard E. 1995: Synthesizing the Implementation Literature: The Ambiguity-Conflict Model of Policy Implementation, Journal of Public Administration Research and Theory , Vol. 5, No. 2., Apr, pp 145-174.
  • Simons, Robert 1995: Levers of Control , Harvard Business School Press, kap 4.
  • Carroll, Stephan J. Jr. og Henry L. Tosi Jr 1973: Management by Objectives , The Macmillan Company, kap 1.
  • Hoff, Kjell Gunnar 2009: Strategisk økonomistyring , Universitetsforlaget, kap 11 Kaplan/Nortons Balance-Scorecard-modell.
  • Askim, Jostein 2004: Performance management and organizational intelligence: Adopting the balanced scorecard in Larvik municipality, International Public Management Journal , vol. 7, nr 3, side 416-438.
  • Trosa, Sylvie og Suzanne Williams 1996: Benchmarking in public sector performance management, i OECD: Performance management in government, Contemporary illustrations .
  • Askim, Jostein, Tage Båtsvik og Christian Skattum 2007: Fører benchmarking til forbedringer i kommunene? Erfaringer fra effektiviseringsnettverkene, Kommunal ekonomi och politik , volym 11, nummer 1, side 7-36.
  • Sandholm, Lennart 2001: Kvalitetsstyrning med totalkvalitet , Studentlitteratur, kap 1 og 2.
  • Normann, Richard 2000: Service Management , 3. utg., Cappelen Akademisk Forlag, kap 14 Kvalitet.
  • Busch, Tor, Erik Johnsen og Jan Ole Vanebo 2003: Endringsledelse i det offentlige , 3.utg., Universitetsforlaget, kap 2.4 CAF (Common Assesment Framework)
  • Vabø, Mia 2002: Kvalitetsretorik i norska kommuner, kap 8 i Bejerot, Eva og Hans Hasselbladh red: Kvalitet utan gränser. En kritisk belysning av kvalitetsstyrning , Academica Adacta.
  • Robertsen, Karl 2004: Hvor egnet er brukerundersøkelser som styringsverktøy for offentlig tjenesteproduksjon, Magma nr 5/6.
  • Johnsen, Åge 2005: What Does 25 Years of Experience Tell Us About the State of Performance Measurement in Public Policy and Management?, Public Money & Management , Januar, side 9-16.
  • Johnsen, Åge og Jarmo Vakkuri 2006: Is there a Nordic perspective on public sector performance measurement?, Financial Accountability & Management , vol. 22, nr 3, side 291-308.
  • Greve, Henrik R. 2007: Hvordan lærer organisasjoner av resultatmåling. Magma nr 1

Pensum samling 3

Johannessen, Jon-Arild og Olsen, Bjørn 2008: Positivt lederskap. Bergen: Fagbokforlaget

Einarsen, S. og Skogstad, A. (red) 2005: Den dyktige medarbeider. Bergen: Fagbokforlaget

Tilrådd startlitteratur:
Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein av dei tre fagansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte etter at undervisninga er slutt kvar torsdag under samlingane. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved instituttet.

Tal på plassar:
Minimum 15 - maksimum 50
Emneansvarleg:
Førstelektor Magnar Hjertenæs, 7007 5103, mh@hivolda.no


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 16.08.2010 09:37 av Ann Iren Høgalmen