MEV201 Medievitskap 3

Emnekode:
MEV201
Emnenamn:
Medievitskap 3
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Medievitskap 1 + 2
Læringsmål:

Den teoretiske delen av emnet byggjer på Medievitskap 1 + 2 og går djupare inn i teoriar om media og kommunikasjon, både ut frå eit samfunnsvitskapleg og eit humanistisk perspektiv. Arbeidet blir særleg konsentrert om semesteroppgåva, og det vert gitt rettleiing i vitskapleg metode knytt til dette.
Semesteroppgåva er eit større, sjølvstendig arbeid der det blir kravd at studentane skal dokumentere ei sjølvstendig haldning til pensum, ha eit gjennomtenkt tilhøve til forskingsmetode og vere i stand til å analysere og drøfte ei problemstilling. Det er høve til å samarbeide med andre studentar om oppgåva. Studentane får tildelt rettleiar. Studentar kan miste retten til rettleiing om dei ikkje leverer prosjektskisse innan fristen som vert gitt i semesterplanen. Rettleiing kan også skje på e-post, slik at studenten (med unnatak av eksamen) kan følgje kurset utanfor høgskulen.

Vurdering og eksamen:

Emnet vert avslutta med eksamen som er satt sammen av semesteroppgåve + munnleg eksamen med høyring i semesteroppgåva og pensum frå Medievitskap 1, 2 og 3. Semesteroppgåva får bokstavkarakter. Munnleg eksamen er ei justering av denne karakteren. Normalt kan ikkje karakteren bli justert meir enn ein bokstav.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Pensum:
Kjernepensum
Bourdieu, Pierre: Om fjernsynet, del I+II. Oslo 1998
Dahl, Hans. F: ”Den mediehistoriske metoden – finnes den?” Norsk medietidsskrift. 7:2 2001*
Dahl, Hans. F & Henrik Bastiansen: Ytringsfrihet i Norge i det 20. århundre. NOU 1999:27
Eide, Martin (1998): ”Det journalistiske mistaket”. Sociologisk forskning. Nr 3-4*
Stevenson, Nick: Understanding Media Cultures. Social Theory and Mass Communication. 2. utgåve SAGE Publications 1995
Hausken, Liv (2000): "Tekstteoretiske utfordringer i den medievitenskapelige disiplin", Norsk Medietidsskrift 1/2000, Fagbokforlaget, Bergen*
Tema 1: Sjå litteraturliste i Classfronter/semesterplan
Tema 2: Sjå litteraturliste i Classfronter/semesterplan
Tema 3: Sjå litteraturliste i Classfronter/semesterplan

Tilrådd litteratur:
Syvertsen, Trine (1998): Dokumentanalyse i medievitenskapen: Tilgang, kildekritikk, problemstillinger. Med oversikt over offentlige dokumenter og dokumenter fra medieinstitusjoner (papir- og webkilder). Institutt for medier og kommunikasjon, UiO
( http://www.media.uio.no/personer/trinesy/DOKANALYSE.htm)

Sjå også lenkjer om oppgåveskriving frå AMFs heimeside

http://www.hivolda.no/index.php?ID=12630

 

*Kompendium: Artikkelsamling, Medievitskap 3
Kompendium kan kjøpast ved Hustrykkeriet, Berte Kanutte-huset.

Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane tek del i studieevaluering og kvalitetssikring gjennom valde representantar som gjev tilbakemelding på innhald og funksjon i studiet minimum ein gong kvart semester. Det vert også nytta spørjeskjema for å få tilbakemelding frå studentane.