IPA304 Leiing og personalutvikling

Emnekode:
IPA304
Emnenamn:
Leiing og personalutvikling
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Lukka
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Haust, tre vekesamlingar
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust
Læringsmål:

Studentane skal gjennom studiet utvikle:

I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.

Innhald:

Samling 1: Personalutvikling

Samlinga skal gi kandidatane innsikt i og erfaring med sentrale funksjonar innafor det som har med leiing og personalutvikling å gjere.

Samling 2: Iverksetjing og styring

På denne samlinga vil ein skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål som stiller store og ulike krav til god styring.

Samling 3: Strategisk leiing

Samlinga skal gi kandidatane grundig kunnskap om og forståing av dei mest sentrale perspektiva innan fagområdet strategisk leiing. Kandidatane skal aktivt stimulerast til å utvikle sine ferdigheiter i å handtere strategiske endringsprosessar gjennom problembasert trening i strategisk analyse, strategiformulering og strategiimplementering.

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, med mandag som studiedag og organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag.

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering.

Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Ansvarleg for samling 1: Høgskulelektor Kolbein Halkjelsvik

Ansvarleg for samling 2: Førstelektor Inge Dyrhol

Ansvarleg for samling 3: Førstelektor Magnar Hjertenæs

Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning eller som valfritt emne i Master i samfunnsplanlegging og leiing. Emnet utgjer saman med emna Offentleg organisering og leiing og Leiing i helse- og sosialtenesta eller Skuleleiing, ei eittårig leiarutdanning som kan innpassast fullt ut i Master i samfunnsplanlegging og leiing.

Studiet kan også takast desentralisert ved din lokale studiestad gjennom Studiesenteret.no .

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Studentane skal skrive to oppgåver. Den første er ei heimeoppgåva som blir gitt ved starten av emnet og med høve til å levere utkast til kommentar frå faglæraren heile semesteret, og som studenten så kan bearbeide vidare for endeleg innlevering. Den andre oppgåva er ein heimeeksamen over 2 dagar i slutten av semesteret. Denne oppgåva skal skrivast utan kommentering frå faglærar. Begge oppgåvene skal formast som ein fagleg artikkel med eit omfang på ca. 12 sider (inntil 5000 ord) og skal synleggjere at kandidaten kjenner til og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet.

Vurdering og eksamen:

Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av to eksamensdelar, ei heimeoppgåve og ein 2 dagars heimeeksamen (sjå arbeidskrav). Kvar av delane tel 50%. Det blir gitt bokstavkarakter. Skalaen går frå A til F der A er best, og E er lavaste ståkarakter.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Emnet har eit pensum på om lag 1500 sider. Pensumet er samansett av fem bøker der storparten er pensum, og av utvalde artiklar og kapittel som inngår i ei kopisamling. Pensum samling 1

Pensum samling 2

Pensum samling 3

Tilrådd startlitteratur:
Ved val av pensum legg vi til grunn at studentane har grunnleggande kunnskap om offentleg sektor, organisasjonar og om leiing. For dei som ikkje har denne kunnskapen, anbefaler vi desse innføringsbøkene som dekker det stoffet som vi reknar med er kjent:
- Fimreite, A.L. og Grindheim J.E. : (siste utgåve): Offentleg forvaltning. Oslo: Universitetsforlaget.
- Jacobsen, D.I. og Thorsvik, J. (siste utgåve): Hvordan organisasjoner fungerer. Bergen: Fagbokforlaget
- Berg, M.E. (siste utgåve): Ledelse. Verktøy og verkemiddel. Oslo: Universitetsforlaget.


Aktuelle tidsskrift som de kan følge med i:
- Kommunal Rapport
- Stat og styring
- Magma
- Norsk statsvitenskaplig tidsskrift
- Nordiske organisasjonsstudier
- Internasjonal politikk
- Scandinavian political studies
- Organization studies

Vi viser elles til aktuelle meldingsblad som de finn linkar til i rommet vårt på Fronter.
Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein av dei tre fagansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte etter at undervisninga er slutt kvar torsdag under samlingane. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved instituttet.

Emneansvarleg:
Magnar Hjertenæs