Studiehandbok 2004/2005

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
MEV101
Emnenamn:
Medievitskap 1
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen særskilde
Læringsmål:

Kurset gir ei første innføring i medievitskap, mediehistorie, media i samfunnet og grunnleggjande omgrep i språk, kommunikasjon, bilde og film.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Arbeidskravet for Mev 1 er ei innleveringsoppgåve (minimum 4 – maksimum 6 sider). Det blir gitt ei skriftleg tilbakemelding på oppgåva. Oppgåva blir vurdert til stått/ikkje stått. Dei som ikkje leverer oppgåva innan fastsett frist, kan miste retten til vurdering. Sjå elles punktet Vurdering og eksamen.

Vurdering og eksamen:

I dette emnet skal det skrivast to individuelle arbeid: ei innleveringsoppgåve og eit eksamensarbeid. Innleveringsoppgåva (minimum 4 – maksimum 6 sider) er eit arbeidskrav. Det blir gitt ei skriftleg tilbakemelding på oppgåva. Dei som ikkje leverer oppgåva innan fastsett frist, kan miste retten til vurdering. Oppgåva blir vurdert til stått/ikkje stått. Den må vere stått før studenten kan gå opp til eksamen. Emnet vert avslutta med ein individuell 4-timars skriftleg eksamen. Den omfattar pensum i Medievitskap 1. Skriftleg eksamen blir vurdert med bokstavkarakterar.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Pensum:

Innføring:
Østbye, Helge og Ture Schwebs: Media i samfunnet. Oslo 1999 S. 9-144 og 183-196
Enkeltmedium/mediehistorie:
Bordwell, D and K. Thompson: "Part V: Film History", i Film Art. An Introduction, New York 1993
Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye: Norsk kringkastingshistorie. Oslo 2003 S. 11-83, 102-154, 166-177, 192-199 og 213-223
Halas, John: Masters of Animation, London 1987. S. 12-54
Liestøl, Gunnar: ”Datamaskinens utvikling til multimedium” i von der Lippe & Nordhaug (red.): Medier, påvirkning og samfunn. Oslo 2000.
Ottosen, Rune, Østbye, Helge og Lars Røssland: Norsk pressehistorie Oslo 2002 S. 13-26, 37-66, 152-194 og 195-215.
Strøm, Gunnar: Musikkvideo, Oslo 1989 S. 7-86
Media i samfunnet:
Gripsrud, Jostein: ”Offentlighet og demokrati” i Mediekultur, mediesamfunn. Oslo 2002
Hernes, Gudmund: "Det media-vridde samfunnet" i: Samtiden nr. 1/77.
Mathiesen, Thomas: Makt og medier. Oslo 2002 S. 17-247
Sejersted, Francis: ”Ytringsfriheten og informasjonsfriheten” i von der Lippe & Nordhaug (red.): Medier, påvirkning og samfunn.Oslo 1999
Publikum: mediebruk og påverknad:
Hagen, Ingunn: Medias publikum: Frå mottakar til publikum? Oslo 1998. Kap. 3-6.
Waldahl, Ragnar: ”Medier og påvirkning” i von der Lippe & Nordhaug (red.): Medier, påvirkning og samfunn. Oslo 1999.

Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane tek del i studieevaluering og kvalitetssikring gjennom valde representantar som gjev tilbakemelding på innhald og funksjon i studiet minimum ein gong kvart semester. Det vert også nytta spørjeskjema for å få tilbakemelding frå studentane.



<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 05.01.2005 10:32 av Administrator User