Studiehandbok 2004/2005

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
INF211
Emnenamn:
Informasjon 3: samfunnskommunikasjon, makt og retorikk
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
ope
Forkrav:
Eitt år med informasjonsutdanning eller eitt år med til dømes journalistikk, medievitskap, mediekunnskap, MID og språkfag, og tilsvarande fag som kulturfag, pedagogikk, barnevern, kommunalfag eller andre samfunnsfag. Dette kurset aleine kvalifiserar ikkje til å halde fram på andre kurs innafor informasjonsutdanninga.
Undervisningssemester:
vår
Læringsmål:

Vi set fokus på korleis organiserte sendarar som står utanfor dei tradisjonelle mediestrukturane kommuniserar med omverda. Innanfor denne ramma drøftar vi makt og retorikk, og legg vekt på informasjonsplikt og –rett, lovgiving som regulerar informasjonsverksemda til ulike organisasjonar og korleis informasjon vert gjort best mogleg tilgjengeleg for mottakaren.

Innhald:

Modulen er einskapleg, og er ein teoretisk modul. Den byggjer på informasjon 1 og 2, og tek sikte på å leggje til rette for oppgåveskriving og refleksjon kring informasjon som ein samfunnsressurs. Den omfattar teori omkring makt og demokrati, drøftar påverkingsteori og publikumsanalysar og ser på ulike tekstar og retorikk i skrift, bilete og lyd.

Organisering og arbeidsmåtar:

Kurset er basert på undervising og oppgåveskriving. Undervisinga skjer i konsentrerte periodar, og i form av seminar og førelesingar. Alle skriv to korte og ei lengre oppgåve gjennom semesteret. Det blir sett karakter på alle oppgåvene.

Det er mogleg å levere oppgåver og gå opp til eksamen i dette faget både haust og vår. Det vert berre undervist i vårsemesteret.

 

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Ingen særskilde arbeidskrav: sjå vurdering og eksamen.

Vurdering og eksamen:

To korte oppgåver, kvar på 7 sider, vert vurdert og gitt karakter internt. Ei lengre oppgåve på 15 sider vert vurdert av ein intern og ein ekstern sensor. Dei to korte oppgåvene er 50% av karakteren, den lange oppgåva er 50% av karakteren.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

 

 

Makt

Aarseth, Espen (2003): Digitale maktspill : kontroll og kommunikasjon i digitale rom , Rapportserien / Makt- og demokratiutredningen 1998-2003 ; nr 53, januar 2003

Østerud, Øyvind, Engelstad, Fredrik og Selle, Per (2003) Makten og demokratiet: en sluttbok fra makt- og demokratiutredningen . Oslo. Gyldendal. 290 sider

Samfunnskommunikasjon

Ihlen, Øyving og Per Robstad (2004): Informasjon & Samfunnskontakt, perspektiver og praksis , Fagbokforlaget, Oslo

Retorikk og påvirkning

Simons, Herbert W Gronbeckm Bruce E, og Morreale, Joanne (2001): Persuasion in Society, Sage Publications, kap 1-10 og 13-15

Hallahan, Kirk (1999): "Seven models of framing; implications for public relations", i Journal of Public Relations Research, Lawrence Erlabaum associates, finnes på: http://lamar.colostate.edu/~pr/framing1.pdf.pdf

Scheufele, Dietram A. (1999): "Framing as a theory of media effects", Journal of Communication, finnes på http://lamar.colostate.edu/~pr/framing1.pdf.pdf

Evaluering og kvalitetssikring:

Godkjenning av praksis og arbeid til arbeidskrava.

Vekemøter: jevne møter mellom studentar og lærarar for å diskutere framdrifta i utdanninga

Fagutvalet: tre planfesta møter i semesteret

Fagevaluering: heilskapleg vurdering av heile semesteret sett frå studentane sin ståstad.



<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 14.02.2005 08:40 av Administrator User