Journalistikk 3.
Journalistisk praksis (avis, radio eller fjernsyn), eksamensproduksjon og spesialiseringspensum.
Eksamensproduksjon og munnleg eksamen
Til eksamen i journalistikk 5 skal studenten levere eksamensproduksjon og ein todelt skriftleg rapport, første del om den eksterne praksisperioden, andre del om arbeidet med eksamensproduksjonen (metoderapport). Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor den spesialiseringa studenten har valt. Studenten kan legge fram stoff frå ekstern praksis som eksamensproduksjon. I den skriftlege rapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden (inntil 8 sider utanom vedlegg). I andre del skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen (om lag 8-10 sider utanom vedlegg).