Studiehandbok 2008/2009

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
IPA305
Emnenamn:
Livsløp, velferd og planlegging
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Vår
Læringsmål:

Aktuell målgruppe for studiet er studentar med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning som ønskjer å studere korleis livsløpsperspektiv kan gi innsikt i velferds- og planleggingsspørsmål. Slik innsikt er grunnleggjande når ein skal hjelpe folk til å meistre utfordringane dei møter i forskjellige livsfasar.

Studentane skal gjennom studiet utvikle:

Kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for livsløpsperspektiv i planlegginga.
Kompetanse til å analysere utfordringane i samfunnet når det gjeld å leggje til rette for ulike livsløp.
Evne til kritisk vurdering av ulike tilnærmingar når det gjeld livsløp, velferd og planlegging
Evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som tilretteleggjar for betre livskvalitet.

Eit livsløpsperspektiv i planlegginga vil innebere heilskapleg planlegging. Dersom ein legg eit slikt perspektiv til grunn, kan det mellom anna medverke til betre livskvalitet, meir rasjonell ressursutnytting, effektivt tverrsektorielt samarbeid og robuste sosiale miljø.

Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning, eller som valfritt emne i mastergradsstudia i samfunnsplanlegging og leiing eller helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Innhald:

Emnet legg vekt på livsløpsteori og korleis slik teori kan brukast i planlegging på ulike samfunnsnivå, men det blir lagt mest vekt på kommunenivået. Ein vil formidle kunnskap om korleis ein kan utvikle og utforme planar med eit langt tidsperspektiv og som tek omsyn til ulike befolkningsgrupper. Forholdet mellom individ og samfunn vil vere sentralt i dette emnet som også kan gi godt teoretisk utgangspunkt for mange av dei som seinare skal skrive masteroppgåve.

1. samling (LVP1): Livsløp, demografi og velferd
Den første samlinga gir kunnskap om livsløpsteori og livsløpsforsking og er på mange måtar grunnlaget for dei to andre samlingane. Det blir lagt vekt på korleis livsløpet blir utforma i samspel mellom historiske forhold, demografiske vilkår, geografiske kontekstar, sosiale miljø og individuell handlingsevne. Livsløpet artar seg forskjellig frå tid til tid, og det har konsekvensar for livskvalitet, helse og velferd. Demografiske endringar, som til dømes blir skapte av svingande fødselskull, skaper utfordringar for planlegging både på lang og kort sikt.
Aktuelle tema:
Livsløpsteori
Kohort, generasjon og demografiske perspektiv
Livskvalitet og levekår
Helse og funksjonshemming
Meistring og resiliens

2. samling (LVP2): Den gode staden – det aktive samfunnet
Den andre samlinga set søkjelyset på korleis ein kan utforme og leggje til rette samfunn der folk vil bu og trivast. Korleis skape gode og attraktive lokalsamfunn? Faglege vurderingar knytt til forholdet mellom fysiske strukturar og sosiale dimensjonar vil stå sentralt. Universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnadene vil her vere viktig. Verdigrunnlaget for universell utforming er å legge til rette for at alle skal ha like vilkår for personleg utvikling, samfunnsdeltaking og livsutfalding. Korleis ein kan mobilisere og involvere ulike grupper i planlegginga, er også tema på denne samlinga. Ei slik tilnærming vil stille nye krav både til innhald i og organisering av offentleg planlegging. Meir integrert og behovsretta planlegging inneber tverrsektorielle og territorielle løysingar. Det føreset også større vekt på brukarretta og dialogbaserte planleggingsprosessar. Dette gjev nye utfordringar for faggrupper som tradisjonelt har arbeidd med menneske i forskjellig alder og med ulike funksjonsnivå.
Aktuelle tema:
Nærmiljø og lokalsamfunn som ramme for ”det gode liv”
Tilrettelegging av tenester og tilbod - universell utforming
Integrert planlegging – vertikal og horisontal samordning
Samarbeid mellom offentlege og frivillige aktørar
Planlegging som prosess - deltaking og medverknad

3. samling (LVP 3): Studietur
Den tredje samlinga er ein tur til eit spansk turistområde, der norske miljø og norsk aktivitet skal studerast. Sidan den norske tilflyttinga kan oppfattast som eit uttrykk for søking etter eit betre liv, blir det her lagt særleg vekt på helse- og velferdsspørsmål. Viktig er det å studere korleis folk med ulike helseproblem meistrar kvardagen under nye klimatiske og sosiale vilkår. I tilknyting til studieturen skal studentane skrive ei obligatorisk heimeoppgåve. Dei som ikkje er med på turen, må også levere eit arbeid der tilsvarande problemstillingar blir drøfta. Omfang for begge desse oppgåvealternativa skal vere på om lag 4000 ord.

Repetisjonssamling/eksamensførebuing
Etter nærare avtale med studentane blir det ei eiga samling på to dagar der sentrale delar av pensum blir repetert og drøfta.

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar i vårsemesteret (2009). Kvar av vekesamlingane vil ta utgangspunkt i eit hovudemne:

Samling 1(LVP 1): Livsløp, demografi og velferd; veke 5

Samling 2 (LVP2): Den gode staden - det aktive samfunnet; veke 10

Samling 3 (LVP3): Studietur til Spania; veke 14

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Det er lagt vekt på praktiske døme som gjerne tek utgangspunkt i dei utfordringane deltakarane kan møte i eige arbeid. Det er ein føresetnad at deltakarane les faglitteraturen mellom samlingane. Undervisninga på dei to første vekesamlingane blir konsentrerte til fire dagar (måndag – torsdag) og med fredag som ekstra studiedag.

Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere opgåver for kommentar.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Obligatorisk heimeoppgåve knytt til samling 3 med tema og problemstilling godkjend av dei fagansvarlege. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord.

Vurdering og eksamen:

Avluttande vurdering skjer på grunnlag av skriftleg individuell eksamen på 6 timar. Skriftleg eksamen gjeld heile emnet. Det blir nytta bokstavkarakterar. Skalaen går frå A - F der E er siste ståkarakter.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Emnet har eit pensum på vel 1200 sider. Sjå aktuell litteratur under kvar samling. Endeleg (revidert) pensumliste blir utdelt ved studiestart.

Aktuell litteratur til 1. samling (LVP1): Livsløp, demografi og velferd

Borge, A.I.H. (2003): Resiliens. Risiko og sunn utvikling. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Elder, G.H. og Johnson, M.K. (2003): The Life Course and Aging: Challenges, Lessons, and
New Directions. I: Settersten, R.A. (ed.): Invitation to the Life Course: Toward New Understandings of Later Life. Society and Aging series. New York: Baywood Publishing Company.

Elder, G.H. (1992): Life Course. I: Borgatta, E. og Borgatta, M. (eds.): Encyclopedia of Sociology Volume 3. New York: Macmillan Publishing.

Ericson, K. og Simonsen, E. (2005): Krigsbarn i fredstid. Oslo: Universitetsforlaget.

Kapittel 13 og 14.

George, L.K. (2003): What Life-Course Perspectives Offer the Study of Aging and Health. I: Settersten, R.A. (ed.): Invitation to the Life Course: Toward New Understandings of Later Life. Society and Aging series. New York: Baywood Publishing Company.

Hagestad, G og Dannefer, D. (2001): Concepts and Theories of Aging. Beyond Microfication in Social Science Approaches. I: Binstock, R. H and George, L.K. (eds.): Handbook of Aging and the Social Sciences. New York: Academic Press.

Heggen, K. (2001): Marginalisering av ungdom – skolen si rolle. I: Heggen, K., Myklebust, J.O. og Øia, T. (red.): Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo: Det Norske Samlaget.

Myklebust, J.O. (2001): Demografiske bølgjer . I: Heggen, K., Myklebust, J.O. og Øia, T.(red.): Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo:

Det Norske Samlaget.

Myklebust, J.O. (2002): Inkludering i vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk Nr. 4.

Paulgaard, G.(2001) : Sted og tilhørighet. I: Heggen, K., Myklebust, J.O. og Øia, T. (red.):

Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo: Det Norske Samlaget.

Riley, M.W (1992): Cohort Perspectives. I: Borgatta, E. og Borgatta, M. (eds.): Encyclopedia of Sociology. Volume 1. New York: Macmillan Publishing.

Rønsen, M. og Skrede, K. (2007): Familiepolitikk og fruktbarhet. Tidsskrift for velferdsforsking. Vol. 10. Nr. 3.

Scott, J. og Alwin, D. (1998): Retrospective Versus Prospective Measurement of Life Histories in Longitudinal Research. I: Giele, J.Z. og G.H. Elder (eds.): Methods of Life Course Research. Qualitative and Quantitative Approaches. Thousands Oaks, London, New Dehli: Sage.

Thorsen, K. (1997): Livsform, livsløp og livstema som anvendte forskningsbegreper. Med
eksempler fra gerontologisk forskning. Oslo: NOVA skriftserie 9/97.

 

Aktuell litteratur til 2. samling (LVP2): Den gode staden/det aktive samfunnet

Amdam, R. (2001): Territoriell og sektoriell samfunnsplanlegging – mot ei todeling? Nordisk Samhallsgeografisk tidsskrift. (15 sider).

Andersen, A. (2004): Bolig , omgivelser og miljø. I Samfunnsspeilet 4/2004. Oslo: SSB (s. 58 – 60)

Andersen, R.R. (2003): Universell utforming – utopi eller realitet? I Sosial- og helsedirektoratet: Universell utforming over alt! Planlegging og utforming av uteområder, bygninger, transport og produkter for alle. Artikkelsamling. Oslo. (s. 11 – 25)

Aslaksen, F. (2003): Samfunnsplanlegging. Hensyn til ulike behov krever økt planleggerkompetanse. I Sosial- og helsedirektoratet: Universell utforming over alt! Planlegging og utforming av uteområder, bygninger, transport og produkter for alle. Artikkelsamling. Oslo. (s. 27 – 41)

Barstad, A., D. Ellingsen og O. Hellevik (2004): Sosiale indikatorer 1980-2004. Rikere, og hva så? I Samfunnsspeilet 4/2004 . Oslo: SSB (s. 10 – 13)

*Berg, N.G. red. m.fl. (2004): Mennesker, steder og regionale endringer. Trondheim: Tapir. Utdrag kap. 1, 2, 4, 8, 9 og 13. (t.s. ca. 100 sider)

Brevik, I. (2007): Mot universell tilgjengelighet og boligfellesskap? Seniorenes boligpreferanser som samfunnsutfordring. I Plan 1/2007 (s. 62 – 66)

Dimmen, S. (2004): Tettstadutvikling og lokale planprosessar - med søkelys på fysisk miljø og landskapskvalitet. I Setten, G. (red): Det levende landskapet. Kap. 7 (s. 89-110). Trondheim.

Etzioni, A. (1995): The Spirit of Community. Rights, Responsibilities and the Communitarian Agenda. Fontana Press, London. (s. 116-160).

Gjesdal Christensen, A.L (1991): Livet i og mellom husene. Utvalgte artikler om livsform og bymiljø. Universitetsforlaget, Oslo. (s. 18-33)

Hansen, M. og L. Schmidt (2005): Evaluering av handlingsprogram for universell utforming. NIBR-notat 2005:121. Oslo: NIBR. (s. 4 – 15)

Healey, P. (1997): Collaborative Planning: Shaping Places in Fragmented Societies. Basingstoke, Macmillan. (Kp. 4 og 9, 67 sider).

Hellevik, T. (2007): Etableringsfasens forløp: Stabilitet og endring. I Plan 5/2007 (s. 20 – 23)

Holsen, T (2002): Refleksjoner om planlegging som handlingstype og samfunnsplanleggingens rolle. I KART OG PLAN 2/2002 (s. 113 – 121, 9 sider)

Isdahl, B. (2007): Bybarna fortjener en strategi. I Plan 5/2007 (s. 24 – 29)

*Lorentzen, H. (2004): Fellesskapets fundament. Sivilsamfunnet og individualismen. Oslo: Pax. Utdrag kap. 1,2,3 og 8 (t.s. ca.100 sider)

Lysø, R., J. Karlsen og N.A. Sletterød: Miljøvennlige og attraktive tettsteder i distriktene. Sluttrapport fra følgeevalueringen av programmet. NTF-rapport 2005:4. Steinkjer: Nord-Trøndelagsforskning. (utdrag s. ix – xv, 3 – 8, 21 – 23, 25 – 31.

Melberg, K. (2000): Å forske på ”Det gode liv ”. I Tidsskrift for Velferdsforsking. Nr. 2, 2000 .

*Nyseth, T. og Aarsæther, N. (2002): Nærdemokrati. Teori og praksis. Oslo: Samlaget. Utdrag kap. 1-2 og 9 -11 (s. 13-34 og s. 102-138) (t.s. ca. 50 sider)

Pløger, J. (1997): Nærmiljø eller fragmentert byliv – den norske debatten. I Byliv og modernitet – mellom nærmiljø og urbanitet. I NIBRs PLUSS-SERIE 1-97. (kap 6, s.161-210).

Rasmussen, S (1998): Stedsanalyse. Erfaringer med mål og midler. I PLAN 5-6/1998: 21-25. Oslo: Universitetsforlaget.

Røe; P.G. (2002): Sosiokulturelle stedsanalyser – et supplement til de tradisjonelle stedsanalysene. I PLAN 4-5/2002: 76-81. Oslo: Universitetsforlaget.

Sætre, R.H.(1995): Helseprofil i et bomiljø. Et utgangspunkt for tverrfaglig handling. I Dalgard, O.S, E. Døhlie og M. Ystgaard (red): Sosialt nettverk. Helse og samfunn. Universitetsforlaget, Oslo. (kap. 9, 25 sider).

Wiborg, A. (1996): Det moderne bygdesamfunnet: Naboskap uten fellesskap? I Aasbrenn K. (red) : Opp og stå, gamle Norge. 16 artikler om distriktspolitikk og lokalt utviklingsarbeid. Landbruksforlaget, Oslo. (s.19-32).

Ytrehus, S (2002): Det boligsosiale fagfeltet – ansvar og kompetanse. I Tidsskrift for velferdsforskning, Vol. 5, No. 3, 2002: 122-132. Oslo, Universitetsforlaget.

Aarsæther, N (2001): Samfunnsplanlegging som ein type planlegging. I Aarsæther, N. og A. Hagen (red.): Planlegging. no! Innføring i samfunnsplanlegging. Kommuneforlaget, Oslo. (s. 44 - 53, 10 sider).

Slipher, P.D.: og K. Spigseth (2007): Handlingsplanen for Groruddalen – byreperasjon og miljøopprustning. I Plan 1/2007 (s. 40 – 45)

 

Aktuell litteratur til 3. samling (LVP3): Studietur til Spania

Helset, A. (2000): Spania – for helsens skyld. En intervjuundersøkelse blant norske
pensjonister på Costa del Sol. Oslo: NOVA Skriftserie 2/2000.

Stangeland, P. (1995): The Crime Puzzle. Crime Patterns and Crime Displacement in
Southern Spain . Chapter 11: Tourists as crime targets. Malaga: Miguel Gómez Ediciones.

Strøm, B. (1998): Den lange ferieturen. Om norsk langtidsturisme på Costa Blanca.
Kap. 3; 5 – 8. Hovedfagsoppgave i etnologi. Universitetet i Oslo.

Rodrígues, V., Fernández-Mayoralas, G. and Rojo, F. (1998): European Retirees on the
Costa del Sol: A Cross-National Comparison. International Journal of Population Geography. 4:183 –200.

Viken, A. og J.Kr. Steen Jacobsen (2002): Turisme – lokalt og globalt fenomen. I Jacobsen og Viken (red): Turisme – fenomen og næring.Gyldendal, Oslo (kap. 16, 16 sider)

* Kan kjøpast hos Fagbok, studentbokhandelen i Volda. Resten av pensum finst i eigne artikkelsamlingar som kan kjøpast på hustrykkeriet ved HVO

Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Emneansvarleg:
Sveinung Dimmen og Jon Olav Myklebust


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 14.03.2008 13:16 av Nils Magne Magerøy