Eksamen i RUS 301 eller anna tilsvarande kurs, skal vere bestått før ein kan framstille seg til eksamen i RUS302. Personar med yrkeserfaring etter grunnutdanninga vert prioriterte.
Emnet skal gi kunnskap om og utvikle studentane si evne til å forstå, analysere og nytte førebyggjande perspektiv som tiltak mot rusproblem. Det skal gi kunnskap om ulike behandlingstiltak og forsking knytt til erfaringar som er gjort med tiltak mot rusproblem. Emnet skal bidra til utvikle studentane sin samla kompetanse til å hjelpe personar med rus- og avhengigheitsproblem.
Målgrupper
Målgrupper er sosialarbeidarar og helsepersonell som ønskjer å utvikle innsikt og medvit om rus – og avhengighetsproblem, og nytte denne kunnskapen i vidare kompetansebygging og/eller i profesjonelle relasjoner med menneske med rusproblem.
Emnet er fokusert mot å gi forskingsbasert kunnskap og innsikt i ulike teoriar om førebygging og førebyggingsstrategiar, mellom anna om korleis tiltak bør leggast opp i høve til ulike målgrupper. Emnet formidlar også på eit generelt grunnlag kunnskap om ulike behandlingsideologiar og -metodar.
Undervisninga vert organisert rundt tre hovudtema, somme går parallelt:
- Jus
- Etikk og menneskesyn, skam og verdigheit
- Forståingsmodellar – det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
Tema 2. Tilnærmingsmåtar
- Førebygging og førebyggingsstrategiar
- Behandlingsmodellar i rusomsorga – tiltak
- Endringsfokusert rådgiving
- Brukarperspektiv - meistring
Tema 3. Særskilde tiltak
- Medikamentmisbruk
- Speleavhengigheit
- Dobbeltdiagnosar
- Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- Lavterskeltiltak – bustadsosialt arbeid
Undervisninga vert lagt til rettes som halvtidsstudium over eitt semester, og vert gjeven i form av vekesamlingar:
Samling 1: Veke 5
Samling 2: Veke 12
Samling 3: Veke 17
Ei samling kan verte lagt til Ålesund og i samarbeid med Midt-norsk kompetansesenter/Vestmo behandlingsinstitusjon. Mellom samlingane skal studentane skrive oppgåver. Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, m.a. artikkelseminar. Kommunikasjonen mellom studentane innbyrdes og i høve til høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøyet Classfronter.
Det er krav om min. 80% frammøte på undervisningssamlingane.
Det er krav om min. ei rettleiingskontakt i samband med utkast til heimeoppgåva (sjå vurdering og eksamen).
Vurderinga skjer på grunnlag av ei individuell heimeoppgåve (4000 ord) og ein individuell fem timars skuleeksamen. Karakteruttrykket er A – F, med E som siste ståkarakter. Begge vurderingselementa må vere greidd for å få godkjent kurset, og det vert gjeven ein samla karakter. Heimeoppgåva og eksamen tel likt ved fastsetting av karakteren.
Pensum er på ca 1200 s. Det vert forventa at studentane nyttar tilleggslitteratur i samband med skriving av semesteroppgåve.
Lovkompendium; Rusreform, pasientrettar, bruk av tvang. Ca 100 s
Andreassen, Tore (2003) Behandling av ungdom i institusjoner. Hva sier forskningen? Oslo: Kommuneforlaget. Kap 6, 7, 8, 9. 109 s
Barth, Tom m.fl. (2001): Endringsfokusert rådgivning. Gyldendal akademisk. Oslo. Del 1 og 2, ca 170 s.
Evjen Reidun m.fl. (2003) Dobbelt opp. Om psykiske lidelser og rusmisbruk. Oslo: Universitetsforlaget. Ca 165 s
Fekjær, Hans Olav (2004): Rus. Oslo: Gyldendal Akademisk. Del 5, 73 s.
Frost, Tore (2000) Temahefte rus og etikk. Porsgrunn: Borgestadklinikken. Ca 20 s (K)
Furuholmen, Dag og Arne S. Andresen (2007): Fellesskapet som metode. Oslo: Cappelen. Del 1. Ca 250 s.
Griffths, Mark et al (2005): Internet gambling. An overview of psychosocial impacts. UNLV Gaming Reseach & Review. Ca 10 s (K)
Humerfelt, Kristin (2005): Verdige historier, men uverdig bruk - Brukere med rusmiddelproblemer som offentliggjør sine egenerfarte historier. I: Willumsen, Elisabeth (red): Brukernes medvirkning. Kvalitet og legitimitet i velferdstjenestene. Universitetsforlaget. Oslo. 19 s. (K)
Olsen, Ann Kristin Rognmo (2006) "Prevention priorities and developments" i Drugs in the Nordic and Baltic Countries: Common Concerns, Different Realities (s. 155-166) http://www.nad.fi/pdf/48/Chapter%206.pdf 11s (K)
Ravndal, Edle (2007) Evaluering av behandlingskollektiver i rusomsorgen; har de fortsatt en plass i dagens rusbehandling? I Tidsskrift for Norsk psykologforening Årg. 44 nr.1, (s. 17-21). 5 s. http://sirus.no/internett/behandling/publication/319.html (K)
Røe, Melina, Berit Berg og Signe Haukvik (2005) Med Brygga som springbrett. Evaluering av et integreringstiltak for tidligere rusmisbrukere. SINTEF-rapport. Trondheim: SINTEF Teknologi og samfunn, IFIM.Ca 45s
Schancke, Vegard A. (2005) Forebyggende og helsefremmende arbeid, fra forskning til praksis. En kunnskapsoppsummering med råd og anbefalinger. Nordnorsk kompetansesenteret – rus, Nordlandsklinikken, Skrift nr 1/2005. Ca 100 s. http://www.forebygging.no/cwobjekter/Forebyggingsbok2006.pdf
Schultz, Jon-Håkon (2007) Ungdom og rus. Innvandrerungdom møter norske rusvaner. Kap 6 Rusforebygging (s 129-151) Oslo: Universitetsforlaget. 22 s.(K)
Skaug, Torbjørn (2001) Spilleavhengighet. Tidsskrift for Norsk psykologforening. Årg. 38, nr 2 (s. 99-108). 10 s. (K)
Skretting, Astrid (2007) "Medicalisation with a focus on injecting drug users. Changes in the Norwegian treatment system from the 1990s"i Nr 50 On the Margins: Nordic Alcohol and Drug Treatment 1885-2007. Johan Edman & Kerstin Stenius (eds) Helsinki: Nordic Council for Alcohol and Drug Research (s. 289-313) 24 s (K)
Taksdal, Arnhild m.fl.(2006) På randen av å bo: Erfart kunnskap om livet og flyttingene mellom psykiatri, rusomsorg, gater, hospitser og egne boliger. Bergen: Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnstudier. Del 2 s. 115-159, 44 s.
Atterhald om mindre endringar i pensum ved studiestart.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.