Studiehandbok 2008/2009

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
MEI302
Emnenamn:
Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen
Undervisningssemester:
Vår
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Vår
Læringsmål:

Emnet skal gi studentane auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis, og kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem. Emnet skal fremje ein kritisk og fagleg fundert handlingskompetanse til å påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering.

Innhald:

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i overindividuelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld kunnskapssyn og kunnskapsdanning, samfunnsmessige og kulturelle endringar som spelar inn; og organisatoriske og styringspolitiske føresetnadar i høve meistring og myndiggjering.

Innhaldet i emnet er organisert innan fire hovudtema:

Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn
· Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer
· Utvikling og endring av vitskapleg kunnskap
· Evidensbasert kunnskap
· Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og praksisutøving

Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar
· Modernitet, identitet, danning og tillit
· Livsløp, demografisk endring og helse
· Demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering
· Globalisering – fleirkulturelle kontekstar

Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader
· Nye styringsformer og rettslege rammer
· Utfordringar i organisasjon og leiing
· Samarbeid og konflikt
· Community work – forholdet til tredje sektor, brukarorganisering m.m.

Tema 4: Media og informasjon
· Helse- og sosialfaglege mediediskursar
· Fagleg ansvar i møte med media
· Brukarretta informasjon – evaluering av tiltak
· Folkehelseperspektivet – formidling og informasjonsarbeid

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

Samling 1: Veke 3
Samling 2: Veke 11
Samling 3: Veke 18

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar. Det er krav om 80% frammøte på samlingane.
Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Classfronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Det er krav om min. 80% frammøte på undervisningssamlingane.

Vurdering og eksamen:

Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av:

  • Ei heimeoppgåve. Studentane vel oppgåve tidleg i studiet, og får høve til å levere utkast til kommentar frå faglærar. Studentane kan så bearbeide utkastet vidare for endeleg innlevering. Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet.
  • Ein individuell skriftleg eksamen (5 timar) Eksamenen gjeld heile emnet.

Heimeoppgåva tel 40% og eksamen 60% av karakteren. Det blir gitt ein samla bokstavkarakter. Karakterskalaen har seks trinn: frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

Bauman, Z. (2002): Identity in the globalizing world. I Ben-Rafael E. og Y. Sternberg: Identity, Culture and Globalization. Brill: International Institute of Sociology. (12 s)

Bay, Ann-Helén og Jo Saglie (2004): ”Välfärdrapportering i Landet Annorlunda. Den norske pressens bevakning av välfärdsstaten 1969-99”, side 323-356 i Blomberg, Kroll, Lundström & Swärd: Sociale problem och socialpolitik i massemedier. Lund: Studentlitteratur (34 s) [Finnes også på norsk som NOVA-rapport 25/03: I verdens rikeste land. Pressens dekning av velferdsstaten 1996-99. 68 sider]

Ben-Shlomo, Yoav, Kuh, Diana (2002): A life course approach to chronic disease epidemiology: conceptual models, empirical challenges and interdisciplinary perspectives. International Journal of Epidemiology. 31: 285 – 293. (8 s.)

* Berg, Ole (2006): Fra politikk til økonomikk : den norske helsepolitikks utvikling det siste sekel. Den norske lægeforening. (115 s)

Braut, Geir Sverre (2003): Helsa, samfunnet og individet – medisinens evige dilemma. I: Larsen, Øyvind, Alvik, Anne, Hagestad, Kristian og Nylenna, Magne (red.): Helse for de mange. Samfunnsmedisin i Norge. Oslo: Gyldendal. S.41 – 50. (10 s)

* Brochman, Borchrevink, Rogstad (2002) : Sand i maskineriet. Makt og demokrati i det flerkulturelle Norge. Gyldendal Norsk Forlag AS s. 85-108, 146 – 174 (51 s)

* Christensen, T., Lægreid, P., Roness, P. og Røvik, K.A. (2004): Organisasjonsteori for offentlig sektor : instrument, kultur, myte. Oslo : Universitetsforlaget. Ikkje kap. 3, 4, 7 og 9.

Dervin, Brenda & Micheline Frenette (2001): "Sense-Making Methodology: Communicating Communicatively with Campaign Audience, side 69-87 i Rice/Atkin: Public Communication Campaigns (19 s)

Ekeland, T.-J. (2004). Autonomi og evidensbasert praksis. Arbeidsnotat 06/04, Senter for profesjonsstudier,. Oslo: Høgskolen i Oslo. (70s). Tilgjengelig på: http://www.hio.no/content/view/full/22204

Ekeland, T.-J. (2007): Psykoterapi – ein kulturkritikk. Matrix – tidsskrift for psykoterapi nr 2 2007, s 101 – 121 (18 s)

* Ekeland, T-J. og Heggen, K. (red) (2007): Meistring eller myndiggjering – reform eller retorikk? Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap.11 (resten av boka er pensum på MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet) (18 s)

Elder, Glen H., Kirkpatrick Johnson, Monica and Crosnoe, Robert (2003): The Emergence and Development of Life Course Theory. I: Mortimer, Jaylan T. og Shanahan, Michael J.: Handbook of the Life Course. New York: Kluwer Academic/Plenum Publishers. S. 3 – 19. (16 s)

Eraut, M. (2004): Transfer of knowledge between education and workplace settings. I Rainbird, H. et.al (eds): Workplace learning in context. London og New York, Routledge.

Evetts, J. (2003): The Sociological Analysis of Professionalism. International Sociology, Vol. 18, s. 395-415. (20 s)

* Giddens, A. (1997): Modernitetens konsekvenser. Oslo: Pax. Tredje og fjerde del (om tillit), s. 62-109. (47 s)

* Gilje, N. og H. Grimen (1993): Samfunnsvitenskapelige forutsetninger. Innføring i samfunnsvitenskapenes vitenskapsfilosofi, Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 6-8; s. 106-193. (87 s)

George, Linda (2003): What Life-Course Perspectives Offer the Study of Aging and Health. I: Settersten, R.A. (ed.): Invitation to the Life Course: Toward New Understandings of Later Life. New York: Baywood Publishing Company. S. 161–188.

Grimen, H. (2005): Luhmann om förtroende. Etterskrift i Luhmann, N.: Förtroende, Gøteborg: Daidalos. s. 169 – 225 (56 s)

Haas, C. (2004): Multikulturalismer – en problemudredning. I : Korsgaard, O.: Medborgerskab, identitet og demokratisk dannelse (s. 87 - 114), København : Danmarks Pædagogiske Universitets Forlag. (27 s)

Hagestad, G. og Dannefer, D. (2001): Concepts and Theories of Aging. Beyond Microfication in Social Science Approaches. I: Binstock, R. H. and George, L.K. (eds.): Handbook of Aging and the Social Sciences. San Diego: Academic Press. S. 3 – 21. (18 s)

* Ihlen, Øyvind og Robstad, Per 2004. Informasjon & samfunnskontakt: perspektiver og praksis. Kap. 2 og 3. Bergen. Fagbokforlaget. (74 s.)

Korsgaard, Ove (2004). Statsborgerskap, medborgerskap og identitet. Frå boka Medborgerskab, identitet og demokratisk dannelse (s. 11 – 30), København : Danmarks Pædagogiske Universitets Forlag. (19 s)

Kumlin, S. & Rothstein, B. (2005): Making and breaking social capital: The Inpact of Welfare State Institutions. Comparative Political Studies, Vol. 38, 4, s 339 – 365 (25 s)

Lund, Anker Brink (2004): ”Niche nursing – strategisk offentlighedsarbejde for viderekommende“, side 227-242 i Mie Femø Nielsen: Spin, selvfremstilling og samfund – public relations som reflekterende praksis. Fredriksberg: Forlaget Samfundslitteratur (16 s)

Lundström, Tommy (2004): "Mellan vardag och dramatik. Pressens bevakning av socialt arbete med utsatta barn og unga", side 223-253 i Blomberg, Kroll, Lundström & Swärd: Sociale problem och socialpolitik i massemedier. Lund: Studentlitteratur (31 s)

* Molander, A. og L.I. Terum 2008: Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 3, 7 og 19. (Andre deler av boka er pensum på MEI301) .

Polkinghorne, D. E. (1999). Traditional research and psychotherapy practice. Journal of Clinical psychology, 55, 1429-1440. (11 s)

Rasborg, Klaus (2004): Socialkonstruktivismer i klassisk og moderne sociologi. I Fuglesang, Lars og Olsen, Poul Bitch 2004: Videnskabsteori i samfundsvidenskaberne, (s 349 - 388) Roskilde: Rolskilde universitetsforlag.

Rose, N. (1998). Inventing our selves. Introduction. Cambridge, Cambridge University Press. (21 s)

Schanning, E. (1997). Vitenskap som skapt viten. Foucault og historisk praksis (ss 7-21). Oslo: Spartacus. (14 s)

Skjervheim, H. (1992). Det instrumentalistiske mistaket. I Skjervheim, H. 1992: Filosofi og dømmekraft. Oslo: Universitetsforlaget (7 s)

Slagstad, R. (2006). Skiftende kunnskapsregimer. Del III i boka Kunnskapens hus (s. 169-206). Oslo: Pax forlag (37 s)

Watson, Tom og Paul Noble (2005/2007): Evaluating Public Relations. A best practice guide to public relations planning research and evaluation. (s 77 – 98) London: Kogan Page (22 s)

Westin, Steinar og Krokstad, Steinar (2003): Folkehelse og sosial ulikhet. I: Larsen, Øyvind, Alvik, Anne, Hagestad, Kristian og Nylenna, Magne (red.): Helse for de mange. Samfunnsmedisin i Norge. Oslo: Gyldendal. S. 221 – 231. (11 s)

* Aakvaag,Gunnar C. (2008): Moderne sosiologisk teori. Oslo: Abstrakt forlag. Kap 2 - 9 og 11 (Dei andre kapitla i boka er pensum på MEI301)

* = Bøker som kan bestillast frå fagbok@hivolda.no (tlf 7007 5385)

Artiklane bli samla i kompendium som vil vere til sals frå Hustrykkeriet ved HVO (hustrykkeriet@hivolda.no)

Tilrådd startlitteratur:
Brekke, O.A., Høstaker, R. og Sirnes, T. (2003). Dimensjonar i moderne sosialteori. Oslo: Samlaget.
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Emneansvarleg:
Jan Inge Sørbø og Rune Kvalsund


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 05.01.2009 15:56 av Nils Magne Magerøy