Studiehandbok 2008/2009

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
MEI301
Emnenamn:
Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
15,00
Ope / lukka emne:
Ope
Forkrav:
Ingen.
Undervisningssemester:
Haust
Talet på semester:
1
Eksamenssemester:
Haust
Læringsmål:

Føremålet med dette emnet er at studentane skal tileigne seg kompetanse til å samarbeide og samhandle med brukarar og pasientar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte, som fremjar læring, meistring og myndiggjering.

Innhald:

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnad. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål. Innhaldet i dette emnet er i samsvar med dette organisert innan fire hovudtema:

Tema 1: Læring og meistring

·Planlegging av fleksible læreprosessar

·Didaktikk – organisering og prinsipp for læreprosessar

·Evaluering og veiledning

·Meistring og myndiggjering (empowerment), omgrepsdrøfting

Tema 2: Kommunikasjon og meiningsdanning

·Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori

·Kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning

·Endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning

·Språk og språkbruk i brukarretta informasjon

Tema 3: Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar

·Brukarerfaring knytt til sosialsektoren

·Pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar

·Helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar

·Utfordringar i fleirkulturelle relasjonar

Tema 4: Etiske utfordringar og dilemma

·Menneskesyn og etikk i nære relasjonar

·Etiske verdiar og faglege verdiar

·Makt og kontroll i nære relasjonar

·Dialog, tillit og autonomi

Organisering og arbeidsmåtar:

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med 4 undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

Samling 1: Veke 36
Samling 2: Veke 42
Samling 3: Veke 46

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar. Det er krav om 80% frammøte på samlingane.

Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Classfronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Det er krav om min. 80% frammøte på undervisningssamlingane.

Vurdering og eksamen:

Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av:

  • Ei heimeoppgåve. Studentane vel oppgåve tidleg i studiet, og får høve til å levere utkast til kommentar frå faglærar. Studentane kan så bearbeide utkastet vidare for endeleg innlevering. Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet.
  • Ein individuell munnleg eksamen. Eksamenen tek utgangspunkt i heimeoppgåva, men gjeld heile emnet.

Det blir gitt ein førebels bokstavkarakter på heimeoppgåva. Munnleg eksamen justerer karakteren. Karakterskalaen har seks trinn: frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

* = bøker som kan kjøpast på studentbokhandelen Fagbok i Ivar Aasen-huset (eller bestillast frå fagbok@hivolda.no )

Resten er artikkelstoff som blir samla i 2 kompendium som kan kjøpast på Hustrykkeriet, Berte Kanutte-huset, HVO (eller bestillast frå hustrykkeriet@hivolda.no )

Amirkhan, J. H. (1990): Applying Attribution Theory to the Study of Stress and Coping. I Graham, S. og Folkes, V.S. (1990). Attribution theory: Applications to achievement, mental health, and interpersonal conflict. Hillsdale, N.J.: Lawrence Erlbaum. (Kap 5, s 79-103)

*Antonovsky, A. (2000): Helbredets mysterium. København, Hans Reizels Forlag. Kap 1, 2 og 6.

*Askheim, O.P. (2003): Fra normalisering til empowerment. Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap. 7 og 10.

Borchgrevink, T. (2002). Likestilling. Det flerkulturelle demokratiets hodepine. I G. Brochmann et al (Red.) Sand i maskineriet. Makt og demokratiutredningen. Oslo: Gyldendal akademisk.

Buchanan, D.R. (1998). Beyond positivism: humanistic perspectives on theory and research in health education. Health Education Research. Theory & Practice, 13, 439-450

Burgoon, J.K. (1994). Nonverbal signals. I: M.L. Knapp & G.R. Miller (Eds.). Handbook of interpersonal communication. London: Sage. (Kap 7, s. 229-286)

* Dewey, John 1974: Erfaring og opdragelse. Oslo. Dreyer. København: Christian Ejlers’ forlag. S 33 - 96

* Eide, H. & Eide, T. (2007). Kommunikasjon i relasjoner. Oslo : Gyldendal akademisk (kap 1, 2, 5, 6 og 10)

* Ekeland, T-J. og Heggen, K. (red) (2007): Meistring eller myndiggjering – reform eller retorikk? Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10 og 12.

Engebrigtsen, A., Bakken, A. og Fuglerud, Ø. (2004). Somalisk og tamilsk ungdom. I Ø. Fuglerud,Ø. (red.) Andre bilder av “de andre”. Transnasjonale liv i Norge. Oslo: Pax Forlag, (143-173)

Farstad, G.R. (2004). “Jeg liker å være hjemme.” Feministiske utfordringer i en flerkulturell kontekst?. I Ø. Fuglerud,Ø. (red.) Andre bilder av “de andre”. Transnasjonale liv i Norge. Oslo: Pax Forlag, (s. 287 - 304)

Grenness, C.E. (1998). Kommunikasjon i organisasjoner. Innføring i kommunikasjonsteori og kommunikasjonsteknikker. Oslo: Abstrakt forlag. (Kap 1 og 2, s. 11-36)

Heckhausen, J. og R. Schultz (1995): A Life-Span Theory of Control. Psychological Review, Vol. 102, No. 2, 284-304.

Hellesnes, Jon (2003): Makt og motmakt i det medisinske feltet. I Fugelli, P. mfl. Makt og medisin. Makt-og demokratiutredningen nr. 57: s 65-77.

Jackson, P. W. (1988):To undervisningstradisjoner: den mimetiske og den transformative (i opptrykk) (s 122-153).

Knapp, M.L., Miller, G.R. & Fudge, K. (1994). Background and current trends in the study of interpersonal communication. I: M.L. Knapp & G.R. Miller (Eds.). Handbook of interpersonal communication. London: Sage. (Kap 1 og 2, side 3-41).

Løchen, Yngvar (1998): /Det gjenstridige livet. Oslo: Tiden s. 89 - 109.

* Mead, G.H. 1998: I Vaage, Sveinung (red):1998: Å ta andres perspektiv. Grunnlag for sosialisering og identitet. George Herbert Mead i utvalg. (s 39-62 + s 203-243)

* Molander, A. og L.I. Terum 2008: Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 8, 10, 11, 13 og 14. (Andre deler av boka er pensum på MEI302)

* Skagen, Kaare (red.) 2000: Kunnskap og handling i pedagogisk veiledning. Bergen. Fagbokforlaget. ( s 105-121, 123-148, 149-162, 217-237 + evt. 239-252)

Streeck, J. (1994). Culture, meaning, and interpersonal communication. I: M.L. Knapp & G.R. Miller (Eds.). Handbook of interpersonal communication. London: Sage. (Kap. 8, side 286-319).

Watzlawick, P., Bavelas, J.B. & Jackson, D.D. (1967). Pracmatics of human communication. A study of interactional patterns, pathologies, and paradoxes. N.Y.: Norton. (Kapittel 2., side 48-70).

* Wenger; Etienne (1999): Communities of Practice. Learning, Meaning and Identity. Cambridge University Press. (s 43 - 102 + s 145 - 221) (Finst også i dansk utgåve: Praksisfællesskaber : læring, mening og identitet / Etienne Wenger ; på dansk ved Bjørn Nake. København : Reitzel, 2004, s.59 - 123 og 169 - 244)

* Aakvaag,Gunnar C. (2008): Moderne sosiologisk teori. Oslo: Abstrakt forlag. Kap 1, 10 og 12 (81 s - andre deler av boka er pensum på MEI302)

Tilrådd startlitteratur:
Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Emneansvarleg:
Tor- Johan Ekeland og Rune Kvalsund


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 23.10.2008 16:10 av Nils Magne Magerøy