Studiehandbok 2008/2009

No er du i arkivet

 Er du interessert i årets studium?
Emnekode:
MEI304
Emnenamn:
Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)
Nivå:
300
Studiepoeng (ECTS):
30,00
Ope / lukka emne:
Lukka
Forkrav:
60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført før opptak til emnet. Dersom det er fleire søkjarar enn det er rettleiingskapasitet til, vil søkjarane bli rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på dei emna søkjarane har gjennomført i masterstudiet sitt. Søkjarane må normalt ha C eller betre i snitt på dei obligatoriske emna.
Undervisningssemester:
Haust og vår
Talet på semester:
2
Eksamenssemester:
Innlevering vår og haust
Læringsmål:

Masteroppgåva skal vise at studentane fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast i forhold til relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Innhald:

.

Organisering og arbeidsmåtar:

Arbeidet med Masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, og begge emna strekkjer seg over to semester. Studentane må levere eit oppgåvenotat med søknad om godkjenning av oppgåvetema. Deretter får kvar tildelt ein rettleiar som kan bruke inntil 40 timar på oppgåvelesing og individuell rettleiing. Studentane må presentere arbeidet med oppgåva under metodesamlingane.

Arbeidskrav (må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen):

Ingen

Vurdering og eksamen:

Masteroppgåva, som skal vere på om lag 60 - 80 sider (omlag 32 000 ord), blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmer. Oppgåva må forsvarast munnleg for den same kommisjonen. Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg. Karakterskalaen har seks trinn: frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Pensum (kan bli endra fram til semesterstart):

.

Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling (fagutvalet er felles med MEI303). Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg:
Kåre Heggen og Jon Olav Myklebust


<< Attende

Utskriftsvennlig versjon


Sist endra 26.08.2008 10:07 av Marit Vartdal Engeseth