60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført før opptak til emnet. Dersom det er fleire søkjarar enn det er rettleiingskapasitet til, vil søkjarane bli rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på dei emna søkjarane har gjennomført i masterstudiet sitt. Søkjarane må normalt ha C eller betre i snitt på dei obligatoriske emna.
I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Førelesingane tek for seg følgjande tema:
· Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som innverkar på forskingsprosessen. (Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet (15 stp) og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet (15 stp).
· Forskingsprosess og forskingsdesign
· Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking og metaanalyse
· Temaval og presisering av problemstillingar
· Utveljings- og generaliseringsspørsmål
· Innsamling og produksjon av data:
o observasjon
o kvalitative intervju
o kvantitative surveys
o eksperimentelle og kvasieksperimentelle opplegg
o materiale frå arkiv og register
· Kasusforsking
· Biografisk tilnærming og longitudinell forsking
· Analysetilnærmingar:
o kvantitativ analyse med SPSS-kurs
o kvalitativ analyse, her også inkludert narrativ analyse. Kort innføring i dataprogram som handterer kvalitative data.
· Forsking og etiske dilemma
· Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen
Det er fem vekesamlingar gjennom skuleåret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. På kvar samling må studentane presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminara gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen. Førelesingane vil vere felles med Masterstudiet i samfunnsplanlegging og leiing.
Samling 1: veke 35
Samling 2: veke 43
Samling 3: veke 49
Samling 4: veke 6 (2009)
Samling 5: veke 17
Som grunnlag for dette masteremnet må studentane ha kunnskap om ulike former for datainnsamling og analyse. Tilrådd litteratur er derfor ei av desse bøkene:
Grønmo, S. (2004): Samfunnsvitenskapelige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.
Hellevik, O. (2002): Forskingsmetode i sosiologi og statsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget.
Ringdal, K. (2001): Enhet og mangfold. Samfunnsvitenskapelig forskning og kvantitativ metode. Bergen: Fagbokforlaget.
Pensum 2008– 2009:
Samfunnsvitskapleg metode:
*Chase, Susan S. (2005): Narrative Inquiry. Multiple Lenses, Approaches, Voices. I: Denzin, Norman K. og Lincoln, Yvonna S. (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 28 sider.
*Elder, Glen H. og Pellerin, Lisa A. (1998): Linking History and Human Lives. I: Giele, Janet Z. og Elder, Glen H. (eds.): Methods of Life Course Research. Qualitative and Quantitative Approaches. London: Sage. 30 sider
Fangen, Katrine (2004): Deltagende observasjon. Bergen: Fagbokforlaget. 255 sider
*Flyvberg, Bent (2004): Five misunderstandings about case-study research. I: Seale, Clive, Gobo, Giampietro, Gubrium, Jaber og Silverman, David (eds.): Qualitative Research Practice. London: Sage. 22 sider.
*Gobo, Giampietro (2004): Sampling, representativeness and generalizability. I: Seale, Clive, Gobo, Giampietro, Gubrium, Jaber og Silverman, David (eds.): Qualitative Research Practice. London: Sage. 20 sider.
Haraldsen, Gustav (1999): Spørreskjemametodikk etter kokebokmetoden. Oslo: Ad Notam Gyldendal. Kap. 5 og 6. 59 sider.
*Kjeldstadli, Knut (1997): Å analysere skriftlige kilder. I: Fossåskåret, Erik, Fuglestad, Otto Laurits og Aase, Tor Halfdan: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 26 sider.
Malterud, Kirsti (2003): Kvalitative metoder i medisinsk forskning. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 1–9. 125 sider.
*Richardson, Laurel and St. Pierre, Elisabeth Adams (2005): Writing. A Method of Inquiry. I: Denzin, Norman K. og Lincoln, Yvonna S. (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 29 sider.
*Shadish,William R., Cook, Thomas D. Cook og Campbell, Donald T. (2002): Experimental and Quasi-experimental Designs for Generalized Causal Inference. Boston: Houghton Mifflin Company. Kapittel 1: Experiments and generalized causal inference. 32 sider.
Skog, Ole-Jørgen (2004): Å forklare sosiale fenomener. En regresjonsbasert tilnærming.Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap. 1–4, 8 og 13. 160 sider
Solberg, Anne (1996): Erfaringer fra feltarbeid. I: Holter, Harriet og Kalleberg, Ragnvald: Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo: Universitetsforlaget. 15 sider.
*Stake, Robert E. (2005): Qualitative Case Studies. I: Denzin, Norman K. og Lincoln, Yvonna S. (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 23 sider.
Aase, Tor Halfdan og Fossåskaret, Erik (2007): Skapte virkeligheter. Kvalitativt orientert metode. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 1, 3 – 6.157 sider.
Pensum i vitskapsteori:
*Cohen, B.P. (1992): Paradigms and Models. I: Borgatta, E.F. og Borgatta, M.L. (eds.): Encyclopedia of Sociology. New York: Macmillian. 7 sider.
Denscombe, Martyn (2002): Ground Rules for Good Research A 10 point guide for Social Researchers. Buckingham: Open University Press. 230 sider.
Forskningetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap, humanoria, juss, og teologi: http://www.etikkom.no/retningslinjer/NESHretningslinjer/06
*Hellesnes, Jon (1994): Den sosialhygieniske tenkemåten. I: På grensa: Om modernitet og ekstreme tilstandar. Oslo: Det Norske Samlaget. 14 sider.
Kalleberg, Ragnvald (1996): Forskningsopplegget og samfunnsforskningens dobbeltdialog. I: Holter, Harriet og Kalleberg, Ragnvald: Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo: Universitetsforlaget. 46 sider.
*Popper, Karl R. (1965): A survey of some fundamental problems. Kapittel 1 i: The Logic of Scientific Discovery. New York: Harper & Row. 21 sider.
Aase, Tor Halfdan og Fossåskaret, Erik (2007): Skapte virkeligheter. Kvalitativt orientert metode. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 2 og 7. 40 sider.
* Kompendium