Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2004/2005

Studieprogramnamn
Bachelor i journalistikk

Studietype/nivå
Bachelorstudium

Studiepoeng (ETCS)
180 studiepoeng

Opptakskrav
Studentar som har minst eitt års høgare utdanning kan søkje om å ta studiet på to år.

Læringsmål

Målet med journalistutdanninga er å
- gi opplæring og øving i journalistisk arbeid,
- gi kunnskap om ulike media, deira rolle og oppgåver,
- gjere studentane kjende med forsking om massemedia, journalistikk, journalistisk etikk og arbeidssituasjonen for journalistar,
- gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og øve opp evna til å nytte samfunnsvitskaplege analysemodellar,
- gi studentane eit medvite høve til tale-, bilde- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel,
- utvikle studentane sine evne til samarbeid og utvikle kollektivt ansvar.


Kva studiet kvalifiserer for

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Dei fleste studentane får attraktive praksisplassar i presse og kringkasting. Studentane har rett til medlemsskap i Norsk Journalistlag og får ved medlemsskap Norsk Presseforbund sitt pressekort.
Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk frå ulike utdanningar. Vel tretti prosent av utøvande journalistar i Norge har journalistutdanning. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si.


Innhald

Bachelorgraden i journalistikk ved Høgskulen i Volda gir i alt 180 studiepoeng og er sett saman slik:
Journalistikk: 90 studiepoeng
Medievitskap: 45 studiepoeng
Andre, valfrie fag: 45 studiepoeng

Studieløp:

1. år:
Haust:
-Journalistikk 1
-Medievitskap 1

Vår:
- Medievitskap 2
- Valfri emne (15 stp)

2. år:
Haust:
- Journalistisk arbeidsteknikk 1
- Journalistisk arbeidsteknikk 2
- Valfri emne (20 stp)

Vår:
- Journalistikk 2 med intern praksis
- Valfri emne (10 stp)

3. år:
Haust:
- Journalistikk 3 med intern praksis
- Medievitskap 3 (15 st. p)

Vår:
- Journalistikk 4
- Journalistikk 5 med intern praksis

Modulane i journalistikk og medievitskap må takast i stigande rekkefølgje. Studentane må velje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio før kurset Journalistikk 2. Studentar som gjennomfører studiet på to år må ta journalistisk arbeidsteknikk første året.

Studentane bestemmer sjølv om dei vil legge dei valfrie emna i 1. eller 2. studieår. Det same gjeld kursa Journalistikk 1 og 2, Medievitskap 1 og 2. Dei valfrie modulane vert fastsett etter samråd med avdelinga i samband med oppsett av utdanningsplan.

Avdelinga tilbyr desse valfrie emna:
FME101 Foto for media 1
FME102 Foto for media 2
MEH101 Media i amerikansk historie, 1861-1945
MEH201 Internasjonal mediehistorie: Mediene i 1968-opprøret
REP101/201 Reportasjearbeid i framand kultur - samarbeid med Mangalore University
Visuell kommunikasjon - mediedesign - Kontakt Thomas Lewe: tle@hivolda.no

Kravet for å starte på 3.studieår er at studentane har oppnådd 120 studiepoeng, gjennomført og bestått Journalistikk 1 og 2 og Journalistisk arbeidsteknikk 1 og 2, gjennomført og bestått Medievitskap 1 og 2.

Organisering av studiet

Journalistikkundervisninga går over fire semester. Føremålet med kurset er å gi studentane systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag. Kurset er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. I studiet går ein frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir sjølvstendig og personleg journalistikk.

God journalistikk krev dugleik på desse
områda:

a) Journalistiske idear og nyhendevurdering
Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende. Dette er eit sentralt tema i første semester.

b) Journalistisk undersøking
Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje. Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet med kurset er å sette studentane i stand til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk.
Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett. Undervisninga blir gitt som forelesingar og obligatoriske oppgåver. Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset.

c) Mediespråk og formidling
Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk. Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga. Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli i stand til å dyrke fram ein personleg stil.
Undervisninga startar i første semester med innføring i sjangerkonvensjonar for talt og skrive mediespråk, særleg knytt til nyheitsformidling. I andre semester tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemd språkbruk, avhengig av sjanger/format. I tredje og fjerde semester er språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn handsama, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i radio, fjernsyn og avis.

d) Medieetikk
Gjennom forelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga.
I første semester får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. I andre semester arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern. I tredje semester er det målsettinga at studentane skal utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem.

Krav til gjennomføring av studiet

Oppgåver i journalistikk
I alle semestra er det obligatoriske oppgåver, individuelle og/eller gruppeoppgåver. Det er som regel korte fristar for å løyse oppgåvene. Skriftlege oppgåver skal skrivast med tekstbehandling. I oppgåveteksten står innleveringsfrist, innleveringsstad og tidspunkt for tilbakelevering av oppgåvesvara.

Retting av oppgåver
Studentane får kommentarar på journalistisk innhald og språk. Oppgåvene får karakteren stått/ikkje stått. Den som rettar oppgåva avgjer åleine karakteren. Studentar som får karakteren ikkje stått har høve til å levere nytt svar på same oppgåva to gonger. Får ei oppgåve karakteren ikkje stått for tredje gong må studenten levere svar etter ny oppgåvetekst.
Studentar som leverer ei oppgåve etter innleveringsfristen, har ikkje krav på å få retta ho før i slutten av semesteret, ei veke etter innleveringsfristen for den siste oppgåva. Dersom oppgåvesvaret ikkje vert levert før oppgåvegjennomgangen, må studenten løyse ny oppgåve. Studentar har ikkje rett til å delta i intern praksis ved høgskulen før alle obligatoriske oppgåver i journalistikk 1 er godkjende.

Journalistisk arbeidsteknikk
Undervisninga er knytt til spesialiseringane. Det er obligatorisk deltaking. Studentar som ikkje er til stades når bruk av teknisk utstyr blir gjennomgått, må dokumentere overfor faglærar at dei har nødvendig kunnskap om faremoment og bruk av utstyr. Kursa blir avslutta med ein praktisk eksamen med karakteren stått/ikkje stått.

Obligatorisk praksis
Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga, avis/nettavis, radio eller fjernsyn. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønskje.
I internpraksisen får studentane rettleiing og evaluering. Studentane skal delta i evalueringa av studentproduksjonane, og dette kan gå inn i vaktplanen.

For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 1 - 3 og medievitskap I + 2.

For den interne praksisen blir det laga eigne vaktplanar. Studentane må fylgje planen og gjere oppgåvene dei blir tildelte.


Studieprogramkode
JOUBV


Emnetabellar


Sist endra 10.02.2005 14:40 av Kristian Fuglseth