Film, populærkultur og religions- og livssynsformidling
- Studiepoeng/lengd: 30 (15 x 15) / 2 semester
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
- Søknadskode: 4134
- Kontaktperson:
- Kvifor velje dette programmet?
- Kva lærer du?
- Oppbygging og gjennomføring
- Aktuelle yrke og vidare studium
Kvifor velje dette programmet?
Programmet er spesielt retta mot lærarar og kyrkjelydsarbeidarar og gir innsikt i sentrale religionspedagogiske spørsmål, samt etterspurd kompetanse i bruk av digitale medium.
Kva lærer du?
Studiet gir kunnskap om korleis film kan fungere som livstolking. Det vert fokusert på religionspedagogiske spørsmål knytt til undervisning og formidling av religiøs tradisjon i skulen og i andre samanhengar. Bruk av digitale medium er også sentralt studiet.
Oppbygging og gjennomføring
Programmer er sett saman av to emne, kvar på 15 stp:
Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn (vår)
Film, populærkultur og livstolking (haust)
Emna kan takast enkeltvis. Det er studieavgift på kr.3000 pr emne, i tillegg til ordinær semesteravgift.
Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er attraktivt som vidareutdanning for lærarar, men kan også inngå som del av ein bachelograd ved Høgskulen i Volda.
Sjå også: Studieplan for Film, populærkultur og religions- og livssynsformidling (vidareutdanning)
Utskriftsvennleg versjon
