«Kunnskap for framtida»

Journalistikk

Studieinnhald

Journalistikkstudiet er ei praktisk-teoretisk utdanning som gir systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag. Utdanninga har moderne lokale og utstyr der studentane får praktisk opplæring i journalistikk for avis, fjernsyn, nett og radio. Den teoretiske undervisninga i journalistikk og medievitskap er felles for alle studentane. Det er høve til å fordjupe seg i eitt eller fleire medium.

Studiet gir deg opplæring og øving i journalistisk arbeid, og kunnskap om media og massemedia. Studiet gir også kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og øver opp evna til å bruke ulike analysemodellar. Som student skal du få eit medvite forhold til tale-, bilet- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel, samt utvikle evne til samarbeid og ta kollektivt ansvar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Stadig fleire arbeidsgivarar ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si, og ved Høgskulen i Volda får studentane unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i NRK, TV2 og dei største avisene arbeider det ei rekkje journalistar som har studert i Volda. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.

Eit semester i utlandet

Det vert lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha opphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.

Nivå: bachelorgrad
Studiepoeng / lengd: 180 / 3 år
Opptakskrav: Generell studiekompetanse
Studiestart: August 2011
Søknadskode: 223 454 i Samordna opptak
Søknadsfrist:
Kontaktperson: Jan Ytrehorn