«Kunnskap for framtida»

Slektsgransking

Nivå: vidareutdanning
Studiepoeng / lengd: 20 / 2 semester (deltid)
Opptakskrav: Generell studiekompetanse
Studiestart: August 2011

Søknadskode: 4022 i lokalt opptak
Søknadsfrist:
Kontaktperson: Arnfinn Kjelland og Grete Marry Brøste.
Sjå også nettsida til studiet

Kvifor velje dette programmet?

Historisk institutt tilbyr i samarbeid med foreininga DIS-Norge 20 studiepoeng i slektsgransking. Studiet tek sikte på å gje studentane grunnleggjande innsikt i korleis ein driv slektsgransking på historiefagleg forsvarleg nivå.

Slektsgransking som fritidsaktivitet er i sterk vekst, ikkje minst fordi Arkivverket i Noreg stadig legg arkivmateriale på Internett i form av skanna mikrofilm, t.d. kyrkjebøker, tinglysings- og dødsboskiftedokument. Flytting og byvokster har òg synt at den generelle interessa for å finne røter og opphavssituasjonar er aukande. Det er da viktig at denne interessa får eit fagleg forsvarleg fundament, slik at ein unngår useriøs tilnærming til fagfeltet. Dette kan òg stimulere til auka forståing for kulturbasert reiseliv i nye befolkningsgrupper.

Kva lærer du?

Det blir i første emne lagt størst vekt på å gje studentane forståing for fagområdet og oversyn over dei mest brukte kjeldene og arbeidsmetodane ein nyttar i slik aktivitet. Dei mest sentrale kjeldene, kyrkjebøkene og folketeljingane, blir grundig behandla. Ein får òg ei innføring i gotisk handskrift og i arbeid med originalkjelder. I det andre emnet får studentane meir systematisk kjennskap til korleis ein løyser forskjellige problem ein støyter på i noko meir vidaregåande slektsgransking. Dei skal m.a. vere i stand til å skrive slektsbøker og behandle slektsforhold i biografiar og lokalhistorisk litteratur på ein fagleg forsvarleg måte.

Oppbygging og gjennomføring

Studieprogrammet er delt i to emne, Slektsgransking 1 og 2, der det andre byggjer på det første. Det vil vere høve til å ta berre eitt av emna. Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 7000 + semesteravgift.

Studiet er nettbasert og har som føresetnad at studentane har tilgang til Internett og elementær kjennskap til tekstbehandling og internettbruk. Undervisninga blir gjeven i form av lydførelesingar som kan høyrast via Internett. Studiet er praktisk opplagt. Læringa skal i hovudsak skje gjennom praktiske arbeidsoppgåver der studentane må nytte dei viktigaste kjeldene og metodane på konkrete situasjonar innanfor fagområdet. Det blir laga ein semesterplan med faste fristar for innlevering av obligatoriske oppgåveutkast og diskusjonsinnlegg.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet i slektsgransking følgjer metodeprinsippa i ordinære historiestudium med stor vekt på konkret problemløysing i høve eit komplekst kjeldemateriale. Det gjev i tillegg reell kompetanse for arbeid i arkiv.