Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. årssteg

Engelsk studieprogramnamn

Teacher Qualification for 1.- 7. grade

Studietype

Yrkesutdanning

Studiepoeng (ETCS)

240

Studielengd

8

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minst karakteren 3 i matematikk (224 timar) og norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) og minst 35 skulepoeng.

Innleiing

Høgskulen i Volda skal utdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal legge til rette for gode læringsmiljø for elevar på 1.–7. årssteg. Utdanninga er ei 4-årig profesjonsutdanning og krev aktiv deltaking frå studentane.

Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studiemodellen som er valt ved Høgskulen i Volda gir høve til breidde og fordjuping i fag. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar, og vi skal sikre at studenten har eit godt fundament for arbeidet som lærar i faga. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggande ferdigheiter, begynnaropplæring, kreative uttrykksmåtar, digital kompetanse og den internasjonale dimensjonen.

I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag og det vil vere eit nært samarbeid mellom faget pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksislærarane. Det er praksis i alle dei fire åra, med oppstart allereie tidleg fyrste året. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.

Utdanninga skal setje læraryrket inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng og bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Slik tek vi hand om danningsaspektet ved utdanninga.

Læringsutbytte

Gjennom dei fire åra i lærarutdanninga skal du ha tileigna deg dette læringsutbyttet:
Kandidaten

  • har faglege og fagdidaktiske kunnskapar i matematikk, norsk og andre fag som inngår i utdanninga, og god kunnskap om begynnaropplæring
  • har kunnskap om arbeid med grunnleggjande ferdigheiter (utrykkje seg munnleg, lese, utrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy) i og på tvers av fag, og kan leggje til rette for progresjon i opplæringa av disse ferdigheitene tilpassa elever på 1.-7. trinn
  • har kunnskap om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnehage til skule og barne-/mellomsteg til ungdomssteg.

KUNNSKAP
Kandidaten

  • har kunnskap om eigenarten til skulen og lærarprofesjonen, historie, utvikling og plass i samfunnet og om skulens formål, verdigrunnlag, lovgrunnlag, gjeldande læreplanar og rettigheitene til ulike elevar
  • har kunnskap om læreplanarbeid og om skulen som organisasjon
  • har kunnskap om læringa til barn og unge, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar
  • har kunnskap om klasseleiing og klassemiljø, og om utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar
  • har kunnskap om et breitt repertoar av arbeidsmåtar og læringsressursar, og om samanhengen mellom innhald, arbeidsmåtar og føresetnadene til elevane
  • har kunnskap om oppvekstmiljøet til barn og unge, likestilling og identitetsarbeid
  • har kunnskap om barn i vanskelege situasjonar, og om rettane til barn og unge i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.

FERDIGHEITER
Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning sjølvstendig og i samarbeid med andre, i og på tvers av fag, med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan leggje til rette for og leie gode og skapande læringsmiljø
  • kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning
  • kan tilpasse opplæringa til behova til ulike elevar, motivere til lærelyst gjennom å tydeleggjere læringsmål og bruke varierte arbeidsmåtar for at elevane skal nå måla
  • kan vurdere og dokumentere læringa til elevane, og utvikling i forhold til opplæringa sitt mål, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan vurdere eiga læring
  • kan reflektere kritisk over eigen – og skulens – praksis i arbeid med vidareutvikling av lærarrolla og profesjonsetiske spørsmål
  • meistrar norsk munnleg, norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan vurdere og bruke relevante forskingsresultat, og sjølv gjennomføre systematisk utviklingsarbeid
  • kan, i samarbeid med føreresette og faglege instansar, identifisere spesielle behov hos elevane og setje i verk nødvendige tiltak
  • kan leggje til rette for utvikling av kompetanse i entreprenørskap, og for at lokalt arbeids- og samfunnsliv vert involvert i opplæringa.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten

  • kan bidra til eit profesjonelt lærarfelleskap med tanke på vidareutvikling av god praksis og yrkesetisk plattform
  • kan stimulere til demokratiforståing, demokratisk deltaking og evne til kritisk refleksjon tilpassa aktuelle klassesteg
  • kan bidra til å styrkje internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar ved arbeidet i skulen
  • kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov i tilknyting til læraryrket
  • har endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas skule..

Fagleg oppbygging

Grunnskulelærar 1.-7.

4. år

Vår

Eitt fag 60 st.p. eller to fag på 30 st.p. (eitt kan vere "skulerelevant" fag)

Haust

3. år

Vår

Pedagogikk og elevkunnskap
60 st.p.

Påbygning 30 st.p.
Norsk II,
Matematikk II,
Engelsk II eller
Samfunnsfag II

Haust

2. år

Vår

 

Norsk I

30 st.p.

Matematikk I
30 st.p.

Valfag 30 st.p.
Engelsk I eller
Samfunnsfag I eller
Kunst og handverk I

Haust

1. år

Vår

Haust

  • Faget pedagogikk og elevkunnskap er totalt på 60 studiepoeng, og går over dei tre fyrste åra, med 15 studiepoeng både første og andre året, og 30 studiepoeng tredje året. Tredje året er 15 av dei 30 studiepoenga knytt til bacheloroppgåva.
  • I dei to fyrste åra er matematikk og norsk obligatorisk med 30 studiepoeng kvar. Studentane kan i tillegg velje mellom engelsk, kunst og handverk eller samfunnsfag, kvar på 30 studiepoeng. Tredje året kan ein byggje vidare til 60 studiepoeng i faga matematikk, norsk, engelsk eller samfunnsfag. Vi tek atterhald om studenttal i høve oppstart av valfaga.
  • Fjerde året kan ein velje eitt skulefag på 60 stp eller to fag på 30 spt. Vel ein to fag på 30 stp, kan eitt av dei vere i eit skulerelevant (til dømes drama, DKL – digital kompetanse i læring, spes.ped, friluftsliv eller skuleleiing). Ved overgang til masterutdanning etter tredje studieår vil det første året i masterutdanninga erstatte fag i det fjerde studieåret.
  • Høgskulen i Volda samarbeider med dei andre høgskulane på Vestlandet slik at alle skulefag skal kunne takast på ein av institusjonane.

KULL 2011 (første studieår 2011/2012)

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
GL1-7PEL1 Pedagogikk og elevkunnskap 1 1-7 15,00 O 7,5 7,5            
GL1-7NOR1A Norsk 1A 1-7 15,00 O 7,5 7,5            
GL1-7MAT1A Matematikk 1A 1-7 15,00 O 7,5 7,5            
GL1-7PRA1 Tilrettelegging for læring i praksis 0,00 O                
GL1-7ENG1A Engelsk 1A 1-7 15,00 V 7,5 7,5            
GL1-7KOH1A Kunst og handverk 1, Design og
arkitektur
15,00 V 7,5 7,5            
Sum: 30 30 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

KULL 2010 (andre studieår 2011/2012)

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
GL1-7PEL2 Pedagogikk og elevkunnskap 2 1-7 15,00 O     7,5 7,5        
GL1-7PRA2 Eleven si læring og utvikling i praksis 0,00 O                
GL1-7NOR1B Norsk 1B 1-7 15,00 O     7,5 7,5        
GL1-7MAT1B Matematikk 1B 1-7 15,00 O     7,5 7,5        
GL1-7ENG1B Engelsk 1B 1-7 15,00 V     7,5 7,5        
GL1-7KOH1B Kunst og handverk 1 Visuell kompetanse 15,00 V     7,5 7,5        
Sum: 0 0 30 30 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

I løpet av dei fire studieåra skal studenten ha gjennomført 100 dagar praksis. Praksis er fordelt med 30 dagar første året, 30 dagar andre året, 25 dagar tredje året og 15 dagar fjerde. året. Gjennom dei fire studieåra skal studenten ha praksis på ulike klassesteg utdanninga kvalifiserer for. Det finst ein eigen emneplan for praksis.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksame n
Undervisninga i studiet er obligatorisk.
For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet under vere fullført, før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7.

Studenten må stå i praksis kvart studieår for å halde fram neste studieår. Sjå meir om dette i emneplan for praksis.
Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av UFD (Utdannings- og forskningsdepartementet) 07.10.2005.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Odd Helge Tonheim tlf. 70075368 E-post: oddht@hivolda.no

Studieprogramkode

GL1-7

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

–spennende å følge utviklingen til barn og unge
Jeg har ikke angret et sekund på at jeg begynte på dette studiet, og spesielt ikke som student i studentbygda Volda. Å bli lærer hadde jeg egentlig aldri vurdert, men etter videregående hadde jeg et friår, hvor jeg var vikar på en barneskole. Den ene vikartimen ble fort et vikariat som strakk seg over et år. Men året etter valgte jeg likevel å begynne på økonomi, noe jeg fant ut at jeg ikke ønsket å bruke hele livet mitt på. Som lærer vil jeg aldri vite hva dagen bringer. Alle dager er ulike, og det er dager preget av både alvor og latter. Men det som gjør dette yrket så spennende, er at man får følge utviklingen til barn og unge. Du får oppleve elevenes utvikling på nært hold, og det er utrolig fint når du som lærer ser mestring hos en elev og gleden gjenspeilet i ansiktet.

Jesper Vedde Gulbrandsen, grunnskolelærerutdanning.