Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2010/2011

Engelsk namn
History Half year course

Studieprogramnamn
Historie

Studietype/nivå
Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)
30 stp

Studielengd
1

Opptakskrav
Generell studiekompetanse

Læringsmål

Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studentane skal tileigne seg eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie i ein lengre periode, og innanfor denne skal dei vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum/periferi-relasjonar.

Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet.


Innhald

Historie halvårsstudium består av to emne á 15-studiepoeng, der eitt av oversynsemna HI101-HI103 er obligatorisk. Dei tre emna (HI101-103) er tilrettelagt for nettstudier både i haustsemesteret og i vårsemesteret.

Det blir undervist i HI101 og HI102 i haustsemesteret og i HI103 i vårsemesteret. Det er høve til å ta eitt emne pr semester, eller begge emna same semester, anten haust- eller vårsemester. Det er obligatorisk frammøte på alle oversynsemna. Nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesning og seminar, får ekstra arbeidskrav, sjå Arbeidskrav.

To av følgjande emne kan inngå i halvårsstudiet:

HI101: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300-1600
HI102: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600-ca 1870
HI103: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870-2000
HI110: Oppgåveemne
HI114: Introduction to family, local and micro history including research paper


Kva studiet kvalifiserer for

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.


Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no

Studieprogramkode
HIS1V


Emnetabellar


Sist endra 22.01.2010 13:45 av Grete Marry Brøste