Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2010/2011

Engelsk namn
History yearcourse

Studieprogramnamn
Historie

Studietype/nivå
Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)
60 studiepoeng

Studielengd
2 (heiltid) eller 4 (deltid)

Opptakskrav
Generell studiekompetanse

Læringsmål

Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studentane skal tileigne seg eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag. Dei skal vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum/periferi-relasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar.

Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet, og er innarbeidd i alle emne.


Innhald

Historie årsstudium består av 4 emne á 15-studiepoeng.
Det blir gjeve forelesning/seminar i dei obligatoriske emna HI101 og HI102 i haustsemesteret og i HI103 i vårsemesteret. Det blir gjeve forelesning/seminar i det valfrie emnet HI207 i haustsemesteret 2010 og i HI110, HI201 og HI204 i vårsemesteret 2011. HI202 og HI207 går som tilbod til nettstudentar haust 2010, medan HI201, HI204 og HI206 går for nettstudentar i vårsemesteret 2011.

Historie årsstudium består altså av 4 emne á 15-studiepoeng, der tre er obligatoriske: HI101, HI102 og HI103. I tillegg kan studentane velje eit av dei valfrie 100-emna eller eit av dei teoretiske 200-emna. Studentar som vel eit 200-emne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst 2 av 100-emna før oppstart, og vere registrert for fullføring av det tredje same semester som ein fullfører 200-emnet.
Ein kan òg søkje om at eit 15-studiepoengsemne frå eit anna institutt/seksjon eller avdeling ved HVO eller frå ein annan institusjon blir godkjent som siste emne i årsstudiet.
Alle oversynsemna samt HI201, HI202 og HI204 har obligatorisk frammøte for lokalstudentane dei semestra dei går med forelesning. Nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara, får nokre ekstra arbeidskrav, sjå Arbeidskrav.

Historie årsstudium har opptak både haust og vår.

Følgjande emne inngår som obligatoriske i årsstudiet:

- HI101: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300-1600.

- HI102: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600-1870

- HI103: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870-2000

Valfrie emne som kan inngå i årsstudiet (ikkje alle vil bli forelest i kvart semester/studieår):

- HI110: Oppgåveemne

- HI114 Introduction to family, local and micro history including research paper

- HI201: Globalhistorie. Europa, Vesten og verden

- HI202: Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar?

- HI204: Lokal-, regional- og mikrohistorie

- HI206: Mediehistorie

- HI207: Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945


Kva studiet kvalifiserer for

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.


Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no

Studieprogramkode
HISAR


Emnetabellar


Sist endra 22.01.2010 13:23 av Grete Marry Brøste