Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2010/2011

Engelsk namn
Masterstudy Cultural encounters

Studieprogramnamn
Kulturmøte

Studietype/nivå
Mastergradsstudium

Studiepoeng (ETCS)
120 studiepoeng

Studielengd
Heiltidsstudium: 4, deltidsstudium: 8 semester

Opptakskrav
1. Bachelorgrad eller tilsvarande (min. 180 stp), med fordjuping i historie eller religion med min. 80 stp.
2. Allmennlærarutdanning med fagval i historie/KRL/samfunnsfag og minimum 20 stp.fordjuping (200-nivå) i det same faget.
3. Tilsvarande kompetanse innan humaniora eller samfunnsvitskap – etter særskilt vurdering.

Ein krev minst karakteren C (G, 2,8 eller stått) i fordjupningsfaget (historie, religionsvitskap el.a.) som det blir søkt på grunnlag av.

Innleiing

.


Læringsmål

Studiet skal medverka til å utvikla kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskningsfelt, auka den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt i eit historisk perspektiv. Målet er òg å gje kandidatane teoretisk og realhistorisk innsikt som kan vera til nytte i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta truleg er meir omfattande og intense enn tidlegare, og der behovet for kunnskap innan fagfeltet synest å vera til stades.

Studiet skal også medverka til å utvikla kandidaten si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskningsfelt og til å gje trening i å finna fram i og ta stilling til forskningslitteratur og kulturhistorisk materiale som kan nyttast som kjelder. Vidare er det eit mål å setja kandidaten i stand til å planleggja, avgrensa og utforma eit sjølvstendig forskningsarbeid og samtidig fremja ei forskningsetisk haldning.


Læringsutbytte

.


Fagleg oppbygging

.


Innhald

Masterstudiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 stp., og ei masteroppgåve på 60 stp. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det eine kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Obligatoriske emne:

  • KUM301 Nasjon, kultur og religion.
    Dette emnet tek opp overordna tilnærmingar og gjev perspektiv og terminologi til å forstå dette breide fagfeltet på eit metanivå. Emnet gjev òg det nære nasjonale, regionale og lokale perspektivet på kulturmøte. Den europeiske nasjonalitetstanken, nasjonsbyggingsprosjektet og norsk identitetskonstruksjon i møtet mellom majoritets- og minoritetskulturar står sentralt.
  • KUM302 Vitskapsteori og metode med prosjektomtale.
    Dette emnet er eit fellesemne med Mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, HVO, og det blir gjennomført i samarbeid med dette instituttet.

Valfrie emne (ein skal velja to av tre emne):

  • KUM303 Vest-Noreg og Nordsjøregionen,
    som har ei maritim hovudramme med vekt på kystkulturelle kontrastar og på dette området som arena for kulturutveksling gjennom ein epoke på ca 250 år – frå omkring 1700 til den andre verdskrigen.
  • KUM304 Al-Andalus.
    Her er hovudperspektivet politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder gjennom om lag 800 år – frå den arabiske invasjonen i 711 og framover. Tyngdepunktet ligg i det mauriske Iberia, dvs. frå invasjonen til midten av 1200-talet. Økonomisk og kulturell samhandling mellom ulike etniske og religiøse grupper under skiftande regime blir fokusert. Også her står møte mellom dei tre verdsreligionane islam, jøde- og kristendom sentralt.
  • KUM305 Brennpunkt Midtausten.
    Også dette fagemnet har tyngdepunkt i møte mellom religionar og etnisitetar på makronivå: Midtaust-regionen er møtestad for verdsreligionar og –sivilisasjonar, eit geopolitisk brennpunkt og ein krevjande arena for nasjonsbygging. Emnet representerer ein innfløkt kontekst for eit kulturmøtestudium og illustrerer tematisk variasjon i høve til den første obligatoriske modulen. Kronologisk ligg hovudtyngda i fagemnet på moderne tid, dvs. dei siste om lag 200 åra.
  • KUM306Mastergradsoppgåve.
    Mastergradsoppgåva i kulturmøte er ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og relevant litteratur. Gjennom eiga forsking skal oppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innafor kulturhistorieforskinga, ei meir reflektert haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, i tillegg til ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.
    Oppgåva er obligatorisk og tilsvarar halvparten av studiet på dette programmet, dvs. 60 studiepoeng.

Det blir tilbydd undervisning i dei to obligatoriske emna kvart haustsemester, i dei valfrie emna kvart vårsemester. På emnet "Nasjon, kultur og religion" er avsluttande eksamen tidfest til midten av desember, på emnet "Vitskapsteori og metode, med prosjektomtale" til midten av januar og på dei valfrie emna til midten på juni i kvart undervisningsår.


Kva studiet kvalifiserer for

Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forsknings- og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkja, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren elles. Kandidatane vil vera godt kvalifiserte i innsamling, vurdering og strukturering av informasjon. Dette er òg kompetanse med relevans for arbeid i dei ovannemnde sektorane. Mastergrad i Kulturmøte kan dessutan gje grunnlag for ei vidare karriere som forskar og kvalifisera til opprykk ved doktorgradsstudium. Ein doktorgrad i til dømes historie, idéhistorie, religionshistorie eller andre nærskylde vitskapar, vil danna grunnlag for ein vidare karriere innan akademia.


Praksis
Ingen praksis.

Evaluering og kvalitetssikring

Innhald i og gjennomføring av Mastergrad i Kulturmøte vil bli evaluert av fagutvala ved institutta Religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) og Historisk institutt. Studentevalueringa i Classfronter er også ein del av kvalitetssikringa.

Det blir lagt opp til meir omfattande spørjeskjemaevaluering av deltakande studentar i kvart emne minst kvart tredje år.


Studieprogramansvarleg
Birger Løvlie, 70075165, bl@hivolda.no

Studieprogramkode
KULMMG


Emnetabellar


Sist endra 04.08.2010 09:19 av Grete Marry Brøste