Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2010/2011

Engelsk namn
History In-depth study (200 level)

Studieprogramnamn
Historie

Studietype/nivå
Fordjupingsstudium

Studiepoeng (ETCS)
30 sp

Studielengd
1

Opptakskrav
Årsstudium i historie eller samfunnsfag

Læringsmål

Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande nærstudie av Norskekysten i førindustriell tid kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser (fagemna HI201, HI202).

Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (fagemne HI204).

Studiet vil dessutan kunne gje oversyn over utviklinga av den moderne medieverda frå renessansen til vår eigen tid, men med hovedvekta på perioden 1800-2000. Det blir lagt vekt på å syne korleis den moderne pressa voks fram som ein integrert del av nasjonsbygginga og framvoksteren av eit demokratisk og sivilt samfunn, inkl. korleis utbreiinga av radio og TV vart ein avgjerande del av det moderne massedemokratiet (fagemne HI206).

Emnet HI207 Stormaktspolitikk og Norsk utanrikspolitikk etter 1945, er todelt: Hovuddelen har som mål å gi innsikt i det internasjonale politiske systemet og korleis makttilhøva har utvikla seg i ulike verdsregionar med USA som hegemonimakt og Sovjetunionen som utfordrar. Utanrikspolitikken til småstaten Noreg omfattar om lag ein tredel av emnet.

Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet, og er innarbeidd i alle emne.


Innhald

Historie fordjupningsstudium har opptak i både haust- og vårsemesteret. Det består normalt av to emne à 15 studiepoeng. Emne ein kan velje, er:

- HI201: Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (forlesing og seminar samt nettstudium våren 2011)

- HI202: Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar? (nettstudium hausten 2010)

- HI204: Lokal- regional og mikrohistorie (forlesing og seminar samt nettstudium våren 2011)

- HI206: Mediehistorie (nettstudium våren 2011)

- HI207: Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 (forlesing og seminar samt nettstudium hausten 2010)

- HI210: Bacheloroppgåve

Alle emna på 200-nivået har obligatorisk frammøte for lokalstudentane med unnatak av HI206, HI207 og HI210. Det vert arrangert ein heimeprøve for nettstudentane og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara.


Kva studiet kvalifiserer for

Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.


Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no

Studieprogramkode
HISFV


Emnetabellar


Sist endra 25.01.2010 12:22 av Grete Marry Brøste