Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Estetiske fag

Engelsk studieprogramnamn

The Arts for pre-school education

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

2 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Fordjupningseininga har som mål at studentane skal tilegne seg kunnskap om tverrfaglege møtepunkt innanfor dei estetiske faga, om kulturformidling, kulturproduksjon, kommunikasjon og estetisk pedagogikk. Denne kompetansen vil vere med å bidra til at barnehagen blir ein god kulturarena for barn.
Fordjupinga har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og utviklar deg både som utøvar og som pedagog.
Studiet dannar grunnlag for arbeid som førskulelærar med spesialkompetanse i estetiske fag.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten har kunnskap om
• estetikkens historie og tradisjonar, og utvalde teoretiske fornyarar
• sentrale tverrfaglege tema, teoriar og problemstillingar
• sentrale faglege og tverrfaglege metodar, verkty og prosessar

Ferdigheiter
Studenten kan
• nytte estetisk kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
• planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
• bruke faglege og tverrfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kulturfagleg formidling
• reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver

Generell kompetanse
Studenten
• har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
• kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer

Fagleg oppbygging

Halvårsstudiet er samlingsbasert og kvart emne inneheld tre ulike prosjekt; Kulturfagleg eigenutvikling, Kulturfagleg produksjon for barn og Kulturfagleg produksjon med barn.

Oversyn over emne:
EST101 – Førskulelæraren som kulturformidlar
EST102 – Barnehagen som arena for estetiske læringsprosessar

Følgjande innpassing kan godkjennast:
Studentar som har teke 30 stp estetiske fag frå andre høgskular/universitet kan få dette innpassa etter søknad.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EST101 Estetiske fag 1 - Førskulelæraren som
kulturformidlar
15,00 O 15  
EST102 Estetiske fag 2 - Barnehagen som arena
for estetiske læringsprosessar
15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet inneheld ei fire vekers praksis i Barnehageovertaking
Det er lagt inn ei obligatorisk studiereise til eigen kostnad i haustsemesteret.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Henny Koppen, 70075327, hennyk@hivolda.no

Studieprogramkode

EST1V

Avdeling

Avdeling for kulturfag


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar