Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Kreativ bruk av IKT i barnehagen, 30 stp

Engelsk studieprogramnamn

ICT in preschool

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 stp

Studielengd

2 eller 4 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Bør ha tilsettingsforhold i barnehage.

Innleiing

Studiet Kreativ bruk av IKT i barnehagen gir ei praktisk og teoretisk innføring i korleis IKT kan endre arbeidet i barnehagen. Studiet gir deg kunnskap om korleis du kan ta i bruk digitale verktøy både i pedagogisk arbeid saman med barna og i det administrative arbeidet.

Dette er eit samlingsbasert og nettstøtta studium. Det vert lagt opp til 4 samlingar ved Høgskulen i Volda, eller studentar kan møte til videokonferansesamling ved lokalt senter knytta til Studiesenteret.no. Sjå oversikt over studiesentra her: http://www.studiesenteret.no/kart.122416.no.html

Studiet er delt opp i to emne, kvart på 15 stp, og kvart delemne vil gå over to semester. Du kan m.a.o. velje om du vil ta 15 studiepoeng eller 30 studiepoeng over eit studieår. Dette deltidsstudiet nyttar videosamlingar som ein del av undervisninga.


Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten utviklar kunnskap om

- korleis digitale verktøy kan stimulere til språkutvikling og samarbeid mellom barn og mellom barn og vaksne
- barns rett til medverknad i verksemda i barnehagen
- personvern og etikk ved publisering
- korleis digitale verktøy kan vera ei effektiv hjelp i det administrative arbeidet

Ferdigheit
Kandidaten
- kan bruke digitale verktøy i leik og i pedagogisk arbeid saman med barna
- utviklar didaktisk ferdigheit innafor digital kompetanse
- kan lage presentasjonar, både med still-bilete og med bilete i rørsle
- kan bruke verktøyprogramma i ei office-pakke
- kan installere programvare og drive enkelt vedlikehald av digitalt utstyr

Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre prosjekt der digitale verktøy vert nytta, og sjå dette i samanheng med dei føringane som er nedfelt i Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor digital kompetanse og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

KREATIV BRUK AV IKT I BARNEHAGE OVER 4 SEMESTER

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
IKT161-STUD Innføring i digitale verktøy for
barnehage
15,00 O 7,5 7,5    
IKT162-STUD Kreativ bruk av IKT i barnehage 15,00 O     7,5 7,5
Sum: 0 15 0 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

KREATIV BRUK AV IKT I BARNEHAGE OVER 2 SEMESTER

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
IKT161-STUD Innføring i digitale verktøy for
barnehage
15,00 O 7,5 7,5
IKT162-STUD Kreativ bruk av IKT i barnehage 15,00 O 7,5 7,5
Sum: 0 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Lila Moberg, 70 07 52 33, lila@hivolda.no

Studieprogramkode

STUD-IKTBA (STUD-IKTBH)

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar