Studieprogramnamn
Digital kompetanse i læring 2Engelsk studieprogramnamn
Digital competences for teaching 2Studietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30Studielengd
Studiet går over 2 semesterOpptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Målgruppa for halvårsstudiet i Digital kompetanse i læring 2 er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, og studentar som er under lærarutdanning. Det primære formålet med studiet er å sette lærarane og skulen i stand til å nå kompetansemåla i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Ein legg stor vekt på at arbeidet du gjer som student skal vere konkret og direkte relevant i eigen praksis.
Studiet set bruk av digitale verktøy- og arbeidsmåtar inn i eit sammfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Du vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra til å sette ord på korleis og i kva grad teknologi kan gi nye rammevilkår for læring. Du skal etter fullført studium kunne rettleie andre i arbeid med integrering av digitale verkty og arbeidsmåtar. Gjennom sjølv å ta del i slike produksjonar skal du kunne rettleie i arbeid med skulerelevante verktøy og metodar for produksjon og vurdering av medieinnhald som nettavis, nettradio og video.
Studiet kan inngå som del av ein fri bachelorgrad, eller som vidareutdanning. Studiet kan gi ei godkjent halvårseining i lærarutdanning påbegynt før reformen i grunnskulelærarutdanninga (allmennlærarutdanning).
Læringsutbytte
KUNNSKAPAR
Kandidaten:
- har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- har kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald som nettavis, nettradio og video
FERDIGHEITER
Kandidaten:
- kan rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- kan rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald som nettavis, nettradio og video
- kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Fagleg oppbygging
Studiet er samansett av 2 obligatoriske emne på 15 studiepoeng kvar.
- Strategi for digital kompetanse - DKL103
- Medieproduksjon i skulen - DKL104
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| DKL103 | Strategi for digital kompetanse | 15,00 | O | 15 | |
| DKL104 | Medieproduksjon i skulen | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Studiet er organisert samlingsbasert (Volda) med nettstøtte. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Gjennomføring av studiet krev at studenten på førehand har grulleggande kompatanse og/eller erfaring med didaktisk bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Vidare må du disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera, eit enklare digitalt fotografiapparat, og du må i perioder ha tilgang til eit digitalt videokamera. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon). Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i studiet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Kjell Antvort, 70075392, kjell.antvort@hivolda.noStudieprogramkode
DKL2Avdeling
Avdeling for kulturfag (AKF)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

