Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Digital kompetanse i læring 1

Engelsk studieprogramnamn

Digital competences for teaching 1

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 stp

Studielengd

Studiet går over 2 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Målgruppa for halvårsstudiet i Digital kompetanse i læring 1 er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, og studentar som er under lærarutdanning. Det primære formålet med studiet er å sette lærarane og skulen i stand til å nå kompetansemåla i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Ein legg stor vekt på at arbeidet du gjer som student skal vere konkret og direkte relevant i eigen praksis.
Du skal etter fullført studium kunne identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy kan gje meirverdi i læringsarbeid, og kunne ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar. Gjennom bruk av skulerelevante verktøy for handsaming av tekst, tal, lyd og bilde skal du kunne arbeide med, og tilverke, digitalt materiale for bruk i læringsarbeid, samt kunne rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk. Du skal kunne gjere relevant bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring.
Studiet kan inngå som del av ein fri bachelorgrad, eller som vidareutdanning. Studiet kan gi ei godkjent halvårseining i lærarutdanning påbegynt før reformen i grunnskulelærarutdanninga (allmennlærarutdanning).

Læringsutbytte

Kunnskapar:
Kandidaten:

  • har kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
  • har kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • har kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
  • har kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
  • har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring

Ferdigheiter
Kandidaten:

  • kan arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
  • rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
  • kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
  • kan ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
  • kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
  • kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver

Generell kompetanse
Kandidaten:

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

Studiet er samansett av 2 obligatoriske emne på 15 studiepoeng kvar.
- Digital kompetanseplattform - DKL101
- Didaktisk bruk av IKT - DKL102

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
DKL101 Digital kompetanseplattform 15,00 O 15  
DKL102 Didaktisk bruk av IKT 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet er organisert samlingsbasert (Volda) med nettstøtte. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Gjennomføring av studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit enklare digitalt fotografiapparat. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon). Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i studiet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Kjell Antvort, 70075392, kjell.antvort@hivolda.no

Studieprogramkode

DKL1

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon